Kristin Myskja


Foto: Olav Heggø

Stilling

Underdirektør i CCS-seksjonen, Avdeling for klima, industri og teknologi

Utdannelse

Master i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo (2006)

Seksjonen eg jobbar i har ansvar for å følgje opp departementet sitt arbeid med CO2-handteringsprosjekt. Vi arbeider med å greie ut fullskala CO2-handtering i Noreg, teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad, rammer for CO2-handteringsverksemda og regulering av m.a. transport og lagring av CO2. Seksjonen min har også ansvar for eigaroppfølgjing av Gassnova SF. Vi har ein flat struktur og samarbeider godt om dei ulike sakene. Det gjer at eg har ein variert kvardag og deltek i store og små diskusjonar og avgjerder. Dagane går med til å følgje opp dei oppgåvene vi har fått av regjeringa, gjennom både skriftleg og munnleg saksbehandling. For å jobbe i departementet er det ein stor fordel å kunne skrive godt og presentere komplekse saker på forståeleg vis. Samfunnsøkonomiutdanninga gir meg ei nyttig verktøykasse til å analysere saker og problemstillingar i jobben min.

Å jobbe i skjæringspunktet mellom næringsliv og politikk slik vi gjer her i OED er svært spennande og lærerikt. Mi erfaring er også at ein tidleg får stort ansvar og får følgje sakene sine heilt til mål. Dette inneber også kontakt mot politisk leiing og andre departement.

Eg har gjennom mine ti år i OED jobba i to ulike avdelingar. Det er nyttig og givande å ha erfaring frå fleire delar av verksemda til departementet. Dette er det lagt godt til rette for. Det er også eit godt arbeidsmiljø i departementet. Eg har engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsfellesskap som gjer at det er kjekt å komme på jobb kvar morgon.