St. prp. nr. 29 (2001-2002) Spm. nr. 1 - Tilskot til ekspressbussar

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om endring i statsbudsjettet for 2002

Spørsmål nr. 1: Kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 71 Tilskot til ekspressbussar

Det er ønskjeleg med ei nærare forklaring for årsaka til mindreforbruket, og vidare ei oversikt over bruken av midlane under post 71, forseinking i utbetaling og reelt mindreforbruk i 2002.

Kva er kompensasjonen pr. liter diesel?

Svar:

Som det er opplyst i proposisjonen har produksjonen blitt mindre enn rekna med, og det er derfor eit mindreforbruk på posten i høve til det som er stilt til disposisjon i 2002. For å unngå overkompensasjon har løyvingane for tidlegare år ikkje fullt ut blitt betalte ut, men overførte til året etter. Ved innføringa av kompensasjonsordninga for autodieselavgift i 1999 var ikkje produksjonen i dei bussrutene som var omfatta av ordninga kjent fullt ut. Det har i ettertid vist seg at marknadsgrunnlaget for delar av dette bussrutenettet ikkje har utvikla seg så positivt som rekna med. Til dømes har omfanget av flybussrutene til Gardermoen blitt mindre enn rekna med.

Løyvingar og rekneskap for bruken av midlane dei åra kompensasjonsordninga har eksistert:

Løyving, mill. kr

Rekneskap, mill. kr

1999

71,0

54,375

2000

75,4

71,766

2001

50,0

40,767

2002

29,0

Endeleg utrekning av kompensasjon til selskapa for det einskilde år skjer året etter, basert på faktisk realisert produksjon. Dette forklarer ein stor del av avviket mellom løyving og rekneskap for det einskilde år. Til dømes vil selskapa først få det endelege oppgjeret for 2002 etter årsskiftet 2002/2003. Dette skjer ved at ein del av løyvinga for 2002 blir overført til 2003 til dekning av endeleg oppgjer for 2002.

Ein reknar ikkje med at forbruket for 2002 blir mindre enn løyvinga for 2002, sjølv om løyvinga for 2002 blir redusert. Dette kjem av at delar av løyvinga for 2001 har blitt overført til 2002. Overført sum frå 2001 dekkjer da både endeleg oppgjer for 2001 og delar av kompensasjonsbehovet knytt til produksjonen i 2002.

Kompensasjonen pr. liter diesel blei for 1999 1,37 kr, for 2000 1,41 kr og for 2001 1,10 kr. Nedgangen i kompensasjonssatsen frå 2000 til 2001 avspeglar reduksjon i løyvinga. Oversikt over realisert produksjon i 2002 ligg enno ikkje føre. Storleiken på realisert produksjon gjer seg utslag i kompensasjonssatsen. På bakgrunn av at disponibel sum til ordninga i 2002 er mindre enn i 2001, reknar ein med at kompensasjonen pr. liter diesel for 2002 blir noko mindre enn 1,10 kr.