RNB03 - Sluttføringa av Trondheimspakka - E6 Nordre avlastningsveg - I

Svar til Stortingets samferdselskomite

Revidert nasjonalbudsjett 2003

Spørsmål 1

Det er ønskjeleg med ei nærare grunngjeving for at Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet går inn for ei anna teknisk løysing enn dei lokale styresmaktene; jf. mellom anna alternativ 4 og alternativ 3.2.A.

Svar:

Trondheim kommune, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Samferdselsdepartementet er samde om at alternativ 4 er den løysinga som best tek omsyn til alle interesser på Brattøra. Trondheim kommune har difor utarbeidd forslag til reguleringsplan basert på alternativ 4 som med atterhald for nokre mindre justeringar kan leggjast ut til offentleg ettersyn.

Med bakgrunn i Samferdselsdepartementets brev av 6. januar 2003, der departementet la fram ein finansieringsmodell med auka bidrag frå bompengar, freista kommunen å finne eit rimelegare alternativ over Brattøra med von om at kostnadsauken kunne finansierast utan auka bidrag frå bompengar. Dette er bakgrunnen for at kommunen, Statens vegvesen og Jernbaneverket arbeida vidare med alternativ 3.2.A som ei aktuell løysing.

Statens vegvesen Region midt uttrykte sterk skepsis til alternativ 3.2.A i brev av 24. mars 2003 til kommunen, men ga likevel uttrykk for at forslaget om naudsynt kan aksepterast på visse vilkår. Vurderingane går fram av proposisjonen på side 5. Det er viktig å merke seg at sjølv om desse vilkåra blir aksepterte, står dei viktigaste innvendingane mot alternativet framleis ved lag. Alternativet medfører ei samanblanding av gjennomgangstrafikk og tungtrafikk, vil føre til at eit jernbanespor krysser vegen og vil føre vegen to ganger i nitti graders vinkel gjennom rundkøyringar. Dette er uheldig både for framkomst og trafikktryggleik.

Det er vidare viktig å merke seg at Trondheim bystyre gjennom sitt vedtak av 27. mars 2003 stadfestar at kommunen framleis vurderer alternativ 4 som den beste løysinga over Brattøra, jf.side 6 i proposisjonen. Vedtaket inneber i realiteten at alternativ 3.2.A berre er aktuelt frå kommunen si side dersom dette gjer at staten dekkjer heile kostnadsauken utan auka bidrag frå bompengar.

E6 Nordre avlastningsveg er eit viktig og kostbart prosjekt som skal fungere som ein av hovudvegane i Trondheim i overskueleg framtid. Det er difor svært lite ønskjeleg å velje ei løysing som gjer vegen sin transportfunksjon betydeleg dårlegare og reduserer tryggleiken, for å oppnå ei relativt lita innsparing for prosjektet samla sett. Samferdselsdepartementet meiner difor at alternativ 4 bør vere grunnlaget for det vidare planarbeidet og at finansieringa av E6 Nordre avlastningsveg må basere seg på dette alternativet.