RNB03 - Sluttføringa av Trondheimspakka - E6 Nordre avlastningsveg - II

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Svar til Stortingets samferdselskomite

Revidert nasjonalbudsjett 2003

Spørsmål 2

Dersom det ikkje er mogleg å få lokal tilslutnad til den nødvendige auken i bompengebidrag for å få realisert alternativ A, vil då departementet subsidiært kunne tilrå alternativ 3.2.A?

Svar:

Samferdselsdepartementet si grunngjeving for å tilrå alternativ 4 går fram av St.prp. nr. 67 (2002-2003), og av svaret på spørsmål 1 frå komitéen. Departementet meiner det er viktig å få gjennomført E6 Nordre avlastningsveg som ein del av Trondheimspakka. Det må sterkt understrekast at både Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet meiner at alternativ 4 er eit klart betre alternativ enn 3.2.A. Departementet vil primært ikkje tilrå alternativ 3.2.A av følgjande årsaker:

  • Eit jernbanespor for gods vil krysse E6 Nordre avlastningsveg i same plan.
  • Vegen vil to gonger bli ført i ein nitti graders vinkel gjennom rundkøyringar.
  • Det vil bli samanblanding av gjennomgangstrafikk og tungtrafikk mellom godsterminalen og hamneområdet på strekninga mellom rundkøyringane.
  • Forholda nemnd over kan i ettertid utløyse krav om forbetringar som i tilfelle vil gi ei samla sett dyrare løysing enn dersom alternativ 4 blir valt.

Trondheim kommune, Statens vegvesen og Jernbaneverket har saman arbeidd med alternativ 3.2.A som ei alternativ løysing. Statens vegvesen kan akseptere alternativ 3.2.A under føresetnad av at det om naudsynt blir lagt til rette for ein undergang for trafikk som kryssar Havnegata mellom godsterminalområdet og hamneområdet. Jernbaneverket kan også akseptere alternativ 3.2.A.

Dersom det ikkje syner seg mogleg å få lokal tilslutnad til alternativ 4, vil departementet subsidiært tilrå at ein legg til grunn alternativ 3.2.A, inkludert bygging av ein undergang for trafikk som kryssar Havnegata mellom godsterminalområdet og hamneområdet.

I St.prp. nr. 67 (2002-2003) står det at for alternativ 4 er det et udekt finansieringsbehov på 337 mill. kr som departementet foreslår blir dekt med 188 mill. kr i statlege midlar og 149 mill. kr i bompengar. For alternativ 3.2.A, med eit kostnadsoverslag på 1 020 mill. kr og der staten dekkjer 188 mill. kr av meirkostnadene, må det skaffast finansiering av om lag 30 mill. kr gjennom bompengar. Dette skuldast at tapte bompengeinntekter, pga. forsinka etablering av nye bomstasjonar, også må dekkjast inn. Alternativ 3.2.A er dermed ikkje fullfinansiert med Regjeringas forslag om at staten skal dekkje 188 mill. kr av meirkostnadene, og lokale myndigheiter må akseptere sjølv å finne inndekning for restfinansieringa.

Samferdselsdepartementet vil understreke at dersom alternativ 3.2.A blir valt og det seinare skulle kome lokale krav om forbetringar av standard på vegen, så må det vere ein klar føresetnad at dette dekkjast lokalt og ikkje med ytterlegare statlege midlar.