St. meld. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 49 - Eiksundsambandet

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 49: Vegformål – Kap. 1320 Statens vegvesen – rv 653 Eiksundsambandet

Frå St.prp. nr. 1 (2002-2003) kan det siterast:

”planlagt oppstart av rv 653 Eiksundsambandet med bompengar utsettes til sent i 2003 eller 2004.”

(…)

”Dette vil redusere behovet for statlige midler til Eiksundsambandet i 2004. Samferdselsdepartementet er i utgangspunktet innstilt på anleggsstart i 2003, og vil komme tilbake til dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.”

Etter dei opprinnelege planane skal bygginga starte seinsommaren 2003 med Eiksundbrua, som er første delprosjekt. Problemet med eit evt. klarsignal for oppstart av Eiksundsambandet i samband med revidert budsjett er at ein då er komne langt ut i 2003. Det vil ta ein del tid å få på plass konkurransegrunnlag og anbodsprosedyrer. Oppstart i arbeidet i vinterhalvåret 2003/2004 er, sett frå eit anleggssynspunkt, uheldig, og kan føre til forseinkingar og ekstrakostnader.

Ser departementet det som eit mogleg alternativ å gje klarsignal til oppstart av Eiksundsambandet tidlegare i 2003 enn i revidert budsjett, og kva forhold vil i så tilfelle spele inn i departementet si vurdering av om klarsignal kan gjevast på eit tidlegare tidspunkt?”

Svar:

Då Samferdselsdepartementet i St.prp. nr. 60 (2001-2002) la til grunn anleggsstart på rv 653 Eiksundsambandet seint i 2003 eller i 2004, vart dette gjort for å redusere behovet for statlege midlar til prosjektet i 2004. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) vert det opplyst at Samferdselsdepartementet i utgangspunktet er innstilt på anleggsstart i 2003. Samferdselsdepartementet si vurdering er at tidspunkt for oppstart av anlegget i 2003 vil måtte avhenge av kva som gjer rasjonell anleggsdrift i fht. at prosjektet kan opnast for trafikk i 2007. Det viktige er at tidspunktet for opning av anlegget, 2007, står fast.

(04.12.02)