St. prp. nr. 1 (2002-2003) Spm. nr. 55 - Omdanning av Luftfartsverket til AS

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 55: Om omdanning av Luftfartsverket til AS Opningsbalanse/Eigenkapital

Er det teknisk/regnskapsmessig mogeleg å få til en oppkapitalisering av eigenkapitalen for Luftfartsverket AS eksklusive OSL?

Svar:

Verdsetjinga av konsernet Luftfartsverket er basert på at stamrutelufthamnene er rekna med å vere lønsame i hovudsak på grunn av forventa, framtidige overskot frå Oslo Lufthavn AS, medan underskotet ved dei regionale lufthamnene i utgangspunktet vil bli dekt av statleg kjøp av tenester ved desse lufthamnene.

Dersom ein ikkje tek med Oslo Lufthavn AS i verdsetjinga, vil stamrutelufthamnene ikkje lenger vere lønsame. Det vil ikkje vere mogleg å skipe eit selskap med negativ verdi, dvs. ingen positiv eigenkapital. Ein kan difor ikkje skipe Luftfartsverket som aksjeselskap utan Oslo Lufthavn AS, utan å tilføre selskapet auka ressurser frå staten. Dette kan i så fall gjerast ved å leggje til rette for statleg kjøp òg for stamrutelufthamnene. Departementet vil ikkje tilrå ei slik løysing så lenge ein kan få til lønsam drift ved å inkludere Oslo Lufthavn AS. Det å sjå heile det statlege lufthamnnettet i samanheng har vore eit viktig prinsipp i norsk luftfartspolitikk. Alternativt kunne staten i prinsippet slette gjeld i selskapet, men sidan statslånet på ca. 7,4 mrd. kr gjeld Oslo Lufthavn AS, vil ikkje dette vere til hjelp for Luftfartsverket organisert som eit selskap der Oslo Lufthavn AS ikkje inngår.

(02.12.02)