St. prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 54 - Nasjonale turistvegar i Hardanger

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 54: Nasjonale turistvegar i Hardanger, status mv. – Oppfølging av spørsmål/svar nr. 47

I svaret på spørsmål 47 står under overskrifta ”Trafikktal for rv 13 og rv 550”: ”Statens vegvesen har i haust gjennomført trafikkteljingar for å sjå om endringar i vegstandard har gitt store endringer i vegval. Desse tale er førebels ikkje ferdig analyserte.”

Aviser i regionen har offentleggjort tal/resultat frå dei siste trafikkteljingane.

Kvifor har ikkje komiteen fått desse tala?

Vil statsråden syte for at resultata frå dei siste trafikkteljingane blir gjort kjende for komitéen?

Svar:

Trafikktala som ligg til grunn for avisoppslaga om nedgang i trafikken i Hardanger, baserer seg på ei trafikkteljing som Statens vegvesen Hordaland gjennomførte i tidsrommet 1. – 8. november 2002. Teljingane vart gjort på rv 13 ved Hovland mellom Odda og Lofthus, på rv 550 ved Nå mellom Odda og Utne og på rv 13 ved Sandvin sør for Odda.

Berekningane av årsdøgntrafikk (ÅDT) på grunnlag av desse teljingane gav til dels store utslag i forhold til tidlegare ÅDT-berekningar. Det var spesielt resultata frå teljepunkta på rv 13 ved Hovland og Sandvin som gav store utslag. Endringane i trafikktal ved Sandvin sør for Odda kan nok til ein viss grad forklarast med at trafikken frå sørvest fekk ei alternativ køyrerute då Folgefonntunnelen vart opna. Dette blir understøtta av at ferjetrafikken mellom Stord og Kvinnherad (Leirvik – Ranavik – Sunde) har auka.

Den store nedgangen i trafikken på rv 13 ved Hovland var derimot mykje vanskelegare å forklare. Det same gjeld den store tungtrafikkandelen som er registrert på rv 550 ved Nå. Vegdirektoratet ønskte derfor å kvalitetssikre tala for å vere sikker på at det ikkje var feil i teljingane. Det faglege grunnlaget for å slå fast at det har vore store endringar i trafikken i Hardanger var etter Vegdirektoratet si vurdering ikkje godt nok kvalitetssikra på det tidspunktet samferdselskomiteen fekk svar på spørsmål 47. Nokre aviser i området har likevel lagt dei førebelse resultata til grunn for nyheitsoppslag om nedgang i trafikken i Hardanger.

Vegkontoret har no gått gjennom trafikktala og funne enkelte feil i grunnlaget. ÅDT på eit teljepunkt blir fastsett ved hjelp av berekningskurver som viser korleis trafikken varierer over året. Av ulike årsaker vart det brukt feil berekningskurve då ÅDT på rv 13 ved Hovland vart fastsett. Vegkontoret har no berekna ÅDT for rv 13 ved Hovland basert på rett berekningskurve, og funne at ÅDT for strekninga skal setjast til 790 køyretøy i staden for 679. I 1998 vart ÅDT for rv 13 ved Hovland berekna til 892 køyretøy. Det vil seie at nedgangen er på i overkant av 10 pst., og ikkje på over 20 pst. som dei førebelse berekningane gav som resultat.

Vegkontoret har ikkje funne ei god forklaring på den store auken i tungtrafikkandelen på rv 550 ved Nå. Det er svært lite sannsynleg at andelen på årsbasis er så høg som det trafikktelinga i november gir som resultat. Det må derfor gjennomførast nye teljingar for å få rett tal for tungtrafikkandelen på denne strekninga.

Eit anna forhold som er viktig å vere kjent med, er at fastsetjing av ÅDT normalt baserer seg på fleire teljingar i året. På rv 13 ved Hovland er ÅDT berekna på grunnlag av teljingar i ei veke. Dette gjer at berekningane ikkje er så robuste som ønskjeleg, og at ÅDT-talet for rv 13 ved Hovland derfor er svært usikkert. Statistisk er det 95 pst. sannsynleg at ÅDT-tal som byggjer på teljing i ei veke ligg innafor ei uvisse på om lag + 10 pst., medan denne uvissa blir redusert til om lag + 3 pst. dersom ÅDT-talet byggjer på 6 vekesteljingar i løpet av eit år. Med den teljinga som no er gjort, er det 95 pst. sannsynleg at det rette ÅDT-talet ved Hovland ligg mellom 710 og 870 køyretøy.

Dei korrigerte resultata viser likevel ein viss nedgang i trafikken. Ei forklaring på dette kan vere at det var arbeid på rv 13 i teljeperioden. Det vart også arbeidd på ein portal i Tyssedalstunnelen på rv 13, noko som førte til at bilar måtte vente på å komme gjennom tunnelen. Dette kan ha påverka trafikkteljinga i punktet ved Hovland. Anleggsarbeida på rv 13 kan også forklare noko av den auken i ÅDT som er registrert på rv 550 på vestsida av Sørfjorden.

Tabellen under viser berekna ÅDT for dei to punkta på rv 13 og punktet på rv 550 samt trafikkutviklinga på aust- og vestsida av Sørfjorden og sør for Odda frå 1986 og fram til i dag.

År

Rv 13 Hovland

Rv 550 Nå

Rv 13 Sandvin

ÅDT

Andel tunge

ÅDT

Andel tunge

ÅDT

Andel tunge

2002

790

7,2

1 013

34,4

1 742

14,6

-

1998

892

13,6

986

8,7

1 970

12,7

-

1995

795

11,3

917

13,4

2 002

10,0

1994

906

13,8

1 894

15,0

-

1990

851

1 445

12,2

-

1986

876

1 861

Det er nødvendig med eit betre datagrunnlag for å kunne gjere gode analysar av trafikken i området. Statens vegvesen kjem derfor til å gjennomføre fleire teljingar.

(02.12.02)