St. prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 56 - Utviding av stamvegnettet

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 56: Vegformål – Utviding av stamvegnettet – rv 13 i Hardanger, jf. spørsmål/svar nr. 47

Kan forslaget til utviding av stamvegnettet til også å omfatte rv 13 i Hardanger sameinast med ”ideen” om denne strekninga som nasjonal turistveg; jf. m.a. kriteria i nemnde i svar på spørsmål 47?

Svar:

Stamvegar og nasjonale turistvegar har to ulike føremål. Stamvegar har transport og god trafikkavvikling som føremål. Nasjonale turistvegar er opplevingsvegar som i sin natur skal vere rolege og vere alternativ til å ferdast på transportvegar.

Vegnormalane opnar for lågare transportstandard også på stamvegar når dette er viktig av omsyn til landskapet. I samband med turistvegprosjektet har Vegdirektoratet derfor understreka at ved planlegging av tiltak på utvalde og potensielle turistvegstrekningar er dette spesielt viktig. Dette medfører at krava til horisontal- og vertikalkurvatur, vegbreidde og utforming/breidde på grøfter kan fråvikast ved planlegging av tiltak på nasjonale turistvegar, sjølv om dei ligg på stamvegnettet. Dette betyr at ein stamveg kan ha status som turistveg sjølv om turistvegen i utgangspunktet ikkje skal ha ”overordna transportfunksjon”. Etter Vegdirektoratet sitt syn vil dette vere mogleg for rv 13 i Hardanger. Samferdselsdepartementet har ikkje merknader til dette.

(02.12.02)