St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 38 - Jærbanen og godsterminal i Ganddal

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 38 Jernbaneformål – Jærbanen og godsterminal i Ganddal

Er det mogleg å byggje ut dobbeltspor på Jærbanen utan først å byggje ny godsterminal i Ganddal?

Svar:

Hovudplan for dobbeltspor Stavanger-Sandnes (januar 2002) er utforma med utgangspunkt i at eksisterande godsterminal vert flytta, i samsvar med føresetnaden i konsekvensutgreiinga for prosjektet (2000). I Jernbaneverket sitt handlingsprogram for 2002-2005 er det og lagt til grunn at ny godsterminal i Ganddal skal byggjast før dobbeltspor Stavanger-Sandnes.

Det er fullt mogleg å byggje ut dobbeltspor på strekninga utan først å byggje ny godsterminal i Ganddal, men dette vil kunne føre til noko auka kostnader samanlikna med kostnadsoverslaget i hovudplanen. Kostnadsauken knytter seg både til signalanlegg og sportilknytting frå dobbeltsporet til eksisterande godsterminal, og driftsulemper i byggjetida på grunn av ekstra trafikk.

(13.11.02)