St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 4 - Riksveginvesteringar - Refusjon Drammen kommune

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 4: Kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringar – Refusjon Drammen kommune

Drammen kommune forskotterte i si tid eit beløp (41,5 mill. kroner) til den såkalla ”blålysundergangen”. Ein føresetnad var at beløpet skulle tilbakeførast når prosjektet stod ferdig.

- Kan ein rekne med at beløpet blir tilbakeført i 2003?

Svar:

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 27 (1998-99) gav Stortinget Drammen kommune høve til å forskottere 41,5 mill. kr til rv 283, bygging av undergang under jernbanen på Grønland, jf. Innst. S. nr. 58 (1998-99). Det blei føresett at refusjonstidspunktet skulle fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram. Av St.prp. nr. 27 går det imidlertid fram at Buskerud fylkeskommune hadde sett som vilkår at forskotteringssummen skal refunderast når prosjektet Grønland – Øvre Sund bru (Kreftingsgate) blir tatt opp til ordinær løyving.

I forslaget til handlingsprogram for perioden 2002-2011 gjekk Buskerud vegkontor inn for at midlane skulle refunderast i siste del av tiårsperioden, dvs. i 2006-2011. Fylkestinget hadde ingen merknader til dette i sin uttale til handlingsprogramforslaget. Det kom heller ikkje merknader til dette ved handsaminga av budsjettforslaget for 2003, der vegkontoret legg opp til anleggsstart på prosjektet rv 283 Kreftingsgate. Statens vegvesen har derfor lagt til grunn utbetaling av refusjonen i 2006-2011, etter at Kreftingsgate er fullfinansiert.

Som følgje av spørsmålet frå samferdselskomiteen har Buskerud vegkontor bedt Drammen kommune stadfeste at kommunen aksepterer at refusjonen kjem til utbetaling etter at prosjektet rv 283 Kreftingsgate er fullfinansiert. I brev av 14. oktober 2002 frå ordføraren i Drammen kommune heiter det at kommunen er innstilt på å avvente tilbakebetalinga inntil eitt år, slik at midlane i 2003 kan nyttast til å førebu oppstart på Kreftingsgate. Kommunen foreslår at tilbakebetalinga kan avklarast nærare gjennom eiga sak til Stortinget om Vegpakke Drammen, jf. også brev frå kommunen til samferdselskomiteen av same dato. I nytt skriv av 16. oktober 2002 blir det imidlertid gitt uttrykk for at Drammen kommune er innstilt på å akseptere at utbygginga av Kreftingsgate blir prioritert framfor refusjon av forskotteringa for Grønlandsundergangen, men at refusjonen skal skje straks etter fullføring av prosjektet.

Med notatet av 16. oktober 2002 vurderer Statens vegvesen det som stadfesta at refusjonen skal utbetalast i perioden 2006-2009, straks etter fullføring av prosjektet rv 283 Kreftingsgate. Dette er dessutan ein føresetnad for rasjonell anleggsdrift. I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011 er prosjekta rv 283 Øvre Sund bru/Kreftingsgate omtala med eit kostnadsoverslag på 450 mill. kr. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det lagt til grunn oppstart av prosjektet rv 283 Kreftingsgate. Kostnadsoverslaget er her oppgjeve til 325 mill. kr. Dette kostnadsoverslaget inneber ein auke på nær 100 mill. kr i forhold til det som blei lagt til grunn i handlingsprogrammet. Denne kostnadsauken framgår ikkje av St.prp. nr. 1 (2002-2003). Med fysisk anleggsstart ved årsskiftet 2003/2004 vil ikkje handlingsprogramramma gi rom for både rasjonell anleggsdrift og refusjon for perioden 2002-2005. Samferdselsdepartementet sluttar seg til denne vurderinga.

2 vedlegg

(28.10.02)