St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 45 - Insentivordning kollektivtransport

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 45: Særskilde transporttiltak – Insentivordning kollektivtransport

Kva for byar reknar departementet med er aktuelle for den planlagte insentivordninga for kollektivtransport, og når reknar ein å kome i gong med sjølve ordninga?

Svar:

Som det framgår av St.prp. nr. 1 (2002-2003), legg departementet til grunn at insentivordninga skal gjelde for dei største byområda. I tillegg til det sentrale Austlands-området, vil departementet prioritere dei storbyane som vil prøve ut alternativ forvaltingsorganisering av transportsystemet. Seks byområde gjer no ei utgreiing av om det er aktuelt å gjere forsøk: Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø og Sarpsborg/Fredrikstad. Dette er dei same byområda som samferdselskomitéen peika på i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2001-2002). Departementet tek sikte på at insentivordninga skal kome i gong frå 2004.

(15.11.02)