St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 46 - Omdanning av Luftfartsverket til AS

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 46: Om omdanning av Luftfartsverket til AS – jf. Tillegg nr. 2

Departementet kallar framlegg til opningsbalanse for ”tentativ”.

  1. Kva avvik kan vere aktuelle, og kva fullmakter gjev Stortinget Regjeringa ved å leggja den framlagde ”tentative” opningsbalansen til grunn?
  2. Kor stor er den årlege omsetnaden Luftfartsverket, og kor stort er avkastningskravet i høve til dette?
  3. III)Vil nye security-krav føre til auka bemanningskrav, og er dette i tilfelle rekna med i budsjettframlegget?
  4. Kor tid skal ein starta med security-avgift, og skal denne avgifta dekka utelukkande nye tiltak?

Svar:

  1. Den tentative opningsbalansen blei utarbeidd i mai 2002 og tek utgangspunkt i rekneskapstal for 2001, med framskriving av drifta i 2002. Den gjev med andre ord eit best mogleg bilete av forventa situasjon per 1.1.2003. Arbeidskapitalen (omløpsmidler og kortsiktig gjeld) kan bli endra i tilfelle avvik mellom forventa og faktisk driftsresultat. Mindre endringar i arbeidskapitalen vil i utgangspunktet ikkje påverke eigenkapitalen. Når rekneskapstala for 2002 ligg føre ut på nyåret, må desse godkjennast av revisor. På bakgrunn av stadfesta tingsinnskot vil Kongen fastsette endelege beløp. Slik framgangsmåte har vore vanleg ved tidlegare forslag til Stortinget om omdanning av forvaltingsverksemd til aksjeselskap. Fullmakta gjeld med andre ord berre å avvike løyvingane på bakgrunn av den faktiske drifta den siste tida. Ein kan til dømes ikkje leggje til grunn andre føresetnader enn dei som framgår av proposisjonen.
  2. Omsetnaden for Luftfartsverket (eksklusive Oslo Lufthavn AS) er for 2003 rekna til 2 435 mill. kr. For heile ”konsernet” Luftfartsverket er omsetnaden rekna til 4 348 mill. kr for 2003. Dette inkluderer statleg kjøp av regionale lufthamntenester med 250 mill. kr. I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003) er det rekna med eit nominelt avkastingskrav etter skatt på i storleiken 7,0 – 7,6 pst. av totalkapitalen. I verdivurderinga er 7,0 pst. nytta som diskonteringsrente.
  3. Totalkapitalen for konsernet, eksklusive avsetjing for forpliktingar i stamrutenettet og regionalnettet, utgjer 15,9 mrd. kr. Avkastingskrav basert på 7,0 pst. utgjer 1,1 mrd. kr. Dette svarar til 45 pst. av omsetnaden i Luftfartsverket, ekskl. Oslo Lufthavn AS og 25 pst. av omsetnaden i heile konsernet.
    Avkastinga er eit teoretisk uttrykk for verdiskapinga i selskapet, og er eit viktig styringsverktøy for eigar. Ovannemnde avkastingskrav gjeld heile analyseperioden 2002-2050. Den konkrete avkastinga/resultatet vil variere frå år til år, jf. mellom anna at resultatprognosane viser at selskapet først i 2008 forventast å få eit positivt resultat før skatt. Utbytte er det eigaren eventuelt tek ut av selskapet det einskilde året. Som vist til i proposisjonen, vil departementet kome nærare tilbake til fastsetjing av avkastingskrav til bruk som langsiktig styringsverktøy. Avkastingskravet på eigenkapitalen vil i utgangspunktet bli sett lik den avkasting staten kan få på ei investering med same risiko. Sidan avkastingskravet har samanheng med kapitalen i selskapet, er det ikkje vanleg å rekne avkasting i forhold til omsetnad.
  4. EU-forordninga om ”security” er ikkje endeleg vedteke, men dette vil truleg skje om kort tid. Det er difor for tidleg å seie heilt eksakt kva som blir konsekvensane for norske lufthamner. Det er likevel grunn til å rekne med at forordninga vil føre til vesentleg auka bemanningskrav. I forslaget til opningsbalanse er det ikkje rekna med auka driftskostnader eller nye investeringar i samband med den nye forordninga, men ein legg så langt til grunn at dette blir dekt gjennom auke i luftfartsavgiftene, jf. side 10 i proposisjonen.
  5. Innføringa av nye security-tiltak hengjer saman med når forordninga blir vedteke i EU og når den blir implementert i EØS-avtalen. Departementet reknar per i dag med at implementeringa vil skje i annan halvdel av 2003. Det er dessutan usikkert når naudsynt utstyr vil kunne leverast. Departementet tek difor i utgangspunktet sikte på å innføre denne avgifta i takt med når nye driftsutgifter og investeringar kjem på plass i Luftfartsverket. Ein tek berre sikte på at avgifta skal dekkje nye tiltak.

(27.11.02)