St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 47 - Nasjonale turistvegar i Hardanger

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 47: Nasjonale turistvegar i Hardanger, status mv.

I nr. 17/2002 av ”Vegen og Vi” vert det stilt spørsmål om turistveg er foreinleg med stamvegstatus.

Kva vegar i Hardanger har status som nasjonale turistvegar?

Er kriteria klare nok for turistvegstatus?

Kan det skaffast trafikktal for rv 13 og rv 550?

Vil stamvegstatus for strekninga på rv 13 i Hordaland også medføre krav om bygging av Hardangerbru?

Svar:

Vegar med status som nasjonale turistvegar i Hardanger

Som eit resultat av Statens vegvesen sitt Reiselivsprosjekt i perioden 1994-97 vart fire prøvestrekningar gitt status som nasjonale turistvegar. I Hardanger var rv 7 ein av desse fire.

Vegdirektoratet har oppretta eit ”kvalitetsstyre” for nasjonale turistvegar. Styret har etter ein grundig prosess valt ut 18 strekningar/område som er planlagt å inngå i satsinga i åra framover. Fullføringa av dei fire prøveprosjekta er ein viktig del av dette. I den samanhengen vil det bli vurdert å utvide turistvegen i Hardanger til også å omfatte rv 13 frå Lofthus til Brimnes, rv 49/550 frå Norheimsund til Jondal og Utne og vidare sørover til Agatunet samt rv 572 via Ulvik. Særleg er strekningen Jondal – Utne på rv 550 viktig for å oppfylle forventningane til ein nasjonal turistveg i Hardanger.

Kriteria for turistvegstatus

Kriteria som ligg til grunn for turistvegstatus kan oppsummerast slik:

  • Vegen skal gå gjennom landskap med unike naturkvalitetar og sjølve køyreturen må vere ei god oppleving.
  • Langs vegen bør det vere element som aukar opplevinga, og den vegfarande bør få høve til aktivitet.
  • Strekninga skal ikkje ha overordna transportfunksjon.
  • Servicetilbodet skal ha mangfald og god kvalitet.
  • Strekninga må ha norsk namn og avgrensa lengde.

Statens vegvesen meiner at sjølve turistvegkriteria er klare, men at utfordringa ligg i å vurdere i kva grad kriteria stemmer for den enkelte vegstrekning og den naturen og det landskapet vegen går gjennom. I tillegg er det viktig å sjå kva utviklings­poten­sial strekninga har og kor mykje som skal til for å oppnå turistvegstatus.

Trafikktal for rv 13 og rv 550

Som elles på vegnettet varierer trafikken på desse vegane innafor vide grenser.

I Hordaland varierer årsdøgntrafikken (ÅDT) på rv 13 mellom:

  • om lag 200 køyretøy i Brattlandsdalen
  • vel 6 000 i Odda sentrum
  • 800-900 mellom Lofthus og Brimnes
  • nærare 5 000 sør for Voss

På rv 550 varierar ÅDT mellom:

  • om lag 4 000 køyretøy like nord for Odda
  • 900-1 000 mellom Aga og Utne
  • under 400 kjøretøy på Jondalssida av Utne

Statens vegvesen har i haust gjennomført trafikkteljingar for å sjå om endringar i vegstandard har gitt store endringar i vegval. Desse tala er førebels ikkje ferdig analyserte.

Forholdet mellom stamvegstatus for rv 13 i Hordaland og bygging av Hardangerbru

Departementet vil påpeike at det ikkje er gitt at stamvegstatus utløyser ferjefrie samband. Stamvegnettet i Norge har mange ferjesamband. Stamvegstatus for rv 13 vil følgeleg ikkje utan vidare endre føresetnadene for bygging av Hardangerbru. Med stamvegstatus vil det vere opp til sentrale styresmakter å prioritere eit eventuelt bruprosjekt, medan fylkeskommunen skal ha avgjerande innverknad på prioriteringane på øvrig riksvegnett innen føringar fastsett av Stortinget og departementet. Saka vil i alle høve bli avgjort i Stortinget.

(27.11.02)