St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 48 - rv 50 Hol-Aurland

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 48: Vintertenesta på rv 50 Hol-Aurland

Jf. spørsmål/svar nr. 11 og 41.

Av proposisjonen går det fram at det vert arbeidd med utgreiingar for rv 7, og vidare at spørsmålet om fortsatt vinteropne vegar vert foreslått tatt opp til ny vurdering i samband med budsjettet for 2007.

- Ville det da ikkje vere naturleg at rv 50 fekk same vilkår som dei andre fjellovergangane fram til denne vurderinga vert lagt fram, for å få reelle trafikk(tal) ved eit evt. seinare vegval?

Svar:

Det er eit gjennomgåande trekk i Statens vegvesen sin strategi for drift og vedlikehald av riksvegnettet at tilbodet til trafikantane vert betra ved auka trafikk. Dette bidrar til å gi ei best mogeleg samla utnytting av dei nasjonale utgiftene til transportformål. Rv. 50 har vesentleg mindre trafikk enn dei andre høgfellsovergangane det vert referert til. Samferdselsdepartementet meiner at det avtala opplegget med dagopen rv. 50 vil dekkje det primære behovet for transport mellom Hol og Aurland om vinteren.

Den vinterstandarden som er foreslått på rv 50 fører til at det vert halde stengt om natta, og at det ikkje vert køyrd i kolonne. Vegen vil vere open kvar dag frå kl. 0800 til 2200. Desse avgrensingane fører til at ein mellom anna sparer kostnadene til eit nattskift.

(20.11.02)