St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 5 - Regularitet rv 50 Hol-Aurland m.m.

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 5: Kap. 1320 post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. – Regularitet rv 50 Hol-Aurland m.m.

”Aksjonsgruppa for rv 50” viser i brev til Samferdselsdepartementet at innafor dei budsjetterte rammer kunne vegen få betre regularitet ved kolonnekjøring og vere nattopen.

- Kva er departementet sin merknad til aksjonsgruppa sitt syn på betre regularitet, og at øvre Hallingdal og aust-vestkorridoren gir den ønska effekt dersom ein ser ting i samanheng?

Svar:

Aksjonsgruppa ber i sitt brev om same vintertilbod for rv 50 som dei hadde fram til Lærdalstunnelen vart opna, dvs. ein vinteropen veg med kolonnekjøring etter behov og utan nattestenging. Aksjonsgruppa ber med andre ord om eit meir kostbart opplegg enn det som er anbefalt i St.prp. nr. 1 (2002-2003), side 80, der departementet går inn for nattestenging og ikkje bruk av kolonnekjøring.

Det er ikkje slik at ein opererer med budsjetterte rammer for drift og vedlikehald for dei enkelte vegstrekningar. Auka kostnader for vinterdrifta på rv 50 vil derfor føre til reduksjon på andre område.

Representantar for Hol kommune, Aurland kommune, Aksjonskomiteen for vinteropen rv 50 og Statens vegvesen diskuterte den framtidige vinterdrifta av rv 50 den 11. april 2002. I dette møtet vart det semje om å foreslå følgjande opplegg for den framtidige vinterdrifta av rv 50:

  • Rv 50 vert halden vinteropen mellom kl. 08 og kl. 22 frå vintersesongen 2002/2003 som ei fast ordning.
  • Nattstenginga skjer ved Nilsegard og Øyestøl.
  • Det vil ikkje verte beredskap for kolonnekjøring, men det vil verte vurdert brukt i avgrensa omfang dersom rv 7 over Hardangervidda er stengt eller andre spesielle forhold tilseier dette på fredagar, søndagar og i vinterferien/påska.
  • Vegen vil kunne verte stengt i kortare periodar dersom det er veldig dårleg vær.
  • For vintersesongen 2002/2003 opprettheld ein noverande opplegg for vinterdrift også om Stortinget i sitt vedtak i desember 2002 skulle kome til at vegen skal vinterstengjast. Kostnadene vert dekt over vegbudsjettet. Grunngjevinga er praktiske og kontraktsmessige forhold, samt behovet for forutsigbarhet i forhold til næringsdrift i vintersesongen.

Vegvesenet sa seg vidare villig til, etter oppmoding frå kommunane, å vurdere ein viss fleksibilitet når det gjeld stengingstidspunktet ved jule- og nyttårshelga, vinterferien og påskeferien. Tidspunktet for innføring og oppheving av nattstenginga vert vurdert spesielt, avhengig av vær og føreforhold.

Aksjonsgruppa for vinteropen rv 50 var samde i at vegstyresmaktene gjekk inn for dette opplegget for vinterdrift, ettersom dette var det beste opplegget vegstyresmaktene kunne anbefale. Aksjonsgruppa, på si side, ga uttrykk for at dei ville arbeide for å prøve å oppnå noko meir.

Innan kap. 1320 post 23, Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar, er det ei rekkje behov som ikkje er tilfredsstilt. Dette gjeld m.a. vedlikehald av vegdekke, som dei siste åra har hatt ei uheldig utvikling i Buskerud fylke. For Statens vegvesen er det derfor viktig å gjennomføre ei streng prioritering mellom tiltak, og å avgrense kostnader der dette er mogleg. Departementet meiner at opplegget med ein dagopen rv 50 vil dekkje primærbehovet for transport mellom Hol og Aurland, vinterstid.

(28.10.02)