St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 50 - Vegformål og jernbaneformål

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 50 Vegformål og jernbaneformål – Løyvingar og framdrift av prosjekt i høve til NTP

Kva prosjekt vert stoppa, evt. får seinare framdrift som fører til meirkostnader som følgje av at løyvingane til veg- og baneinvesteringar er kraftig redusert i høve til Nasjonal transportplan

Svar:

Departementet tolkar spørsmålet til å gjelde ev. konsekvensar for allereie igangsette investeringsprosjekt under post 30, på kap. 1320 og 1350.

Som det går fram av St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det lagt stor vekt på å sikre rasjonell anleggsdrift for igangsette prosjekt på både stamvegnettet, øvrig riksvegnett og jernbanenettet.

På vegsida er det ikkje lagt opp til å stoppe igangsette prosjekt eller til ei framdrift som fører til meirkostnader. I staden er det valt å utsetje anleggsstart for ei rekkje nye prosjekt.

For større investeringsprosjekt på jernbanesida som er spesifiserte i budsjettproposisjonen, har ingen igangsette prosjekt fått redusert anleggsframdrift, med tilhøyrande meirkostnader som følgje av budsjettforslaget for 2003. Det same er i all hovudsak tilfelle også for mindre investeringsprosjekt som sorterer under dei ulike programområda på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina.

Når det gjeld veg- og jernbaneprosjekt som får utsatt oppstart i høve til NTP, kan det visast til departementet sitt svar på spørsmål 8.

(26.11.02)