St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 51 - Jærbanen og godsterminal på Ganddal
Artikkel | Sist oppdatert: 04.12.2006 | Samferdselsdepartementet
Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003
Spørsmål 51: Jernbaneformål – Jærbanen og godsterminal på Ganddal
- Kor store vil meirkostnadane vere om ein byggjer Jærbanen før godsterminalen på Ganddal?
- Vil ei slik rekkefølgje føre til at meir gods må over på bil, i tilfelle i kva omfang og kor lenge?
Svar:
Hovudplan for dobbeltspor Stavanger-Sandnes (januar 2002) tek utgangspunkt i at eksisterande godsterminal vert flytta, i samsvar med føresetnaden i konsekvensutgreiinga for prosjektet (2000). I første rekkje grunnar dette seg i at ein kan få lengre togfrie periodar der ein kan arbeide på lina uhindra av togtrafikken ved å sende dei reisande med buss på strekninga (ikkje i rushtida). I Jernbaneverket sitt handlingsprogram for 2002-2005 (vedteke hausten 2001) er det og lagt til grunn at store delar av ny godsterminal på Ganddal skal byggjast før dobbeltsporet Stavanger-Sandnes.
I departementet sitt svar på spørsmål 38 vart det peika på at det er mogleg å byggje ut dobbeltspor på strekninga utan først å byggje ny godsterminal på Ganddal. Men det er til no ikkje rekna på kva ekstra kostnader ei anna rekkjefølgje på prosjekta kan/vil føre med seg.
Tidlegare har det vore godsterminalar både i Stavanger og Sandnes, men no er det berre terminalen i Stavanger som vert nytta. Dersom ein i anleggstida med dobbeltsporet ikkje kan nytta terminalen i Stavanger, ville ein mest truleg nytta terminalen i Kristiansand som alternativ og køyre gods på bil derifrå. Det er i så tilfelle snakk om ei godsmengde på om lag 1 million tonn per år i opptil 2 år, dersom ei slik løysing skulle bli vald.
Dersom godstoga framleis skal køyre fram til godsterminalen i Stavanger i anleggsperioden, vil den største auken i anleggskostnadene vere knytta til at dei togfrie periodane vert kortare, og at anleggsarbeidet såleis vert mindre rasjonelt. Dagøkta vil truleg bli redusert frå 6 til 5 timar og nattøkta frå 13 til 5-7 timar avhengig av i kva grad ein kan få lagt om rutetidene til godstoga. I tillegg vil det kome auka kostnader i tilknyting til omlegginga av tilkomsten til terminalen og signalanlegget.
Ut frå dette trur Jernbaneverket per i dag at kostnadene for dobbeltsporet grovt rekna vil auke med mellom 10 og 20 prosent, og at anleggsperioden vil auke frå 3 til 4 år dersom godsterminalen vert bygd etter dobbeltsporet. Men ein vil måtte rekna nærare på dette i samband med detaljplanfasen for å kunne gje eit meir eksakt svar.
Departementet tek sikte på også å vurdere gjennomføring av prosjekta dobbeltspor Sandnes-Stavanger og Ganddal godsterminal som eitt OPS-prosjekt. Det kan her visast til departementet sine svar på spørsmåla 6 og 30.
(27.11.02)