St.prp. nr. 1 (2002-2003) spm. nr. 52 - Tilknytsningsform for Flytoget

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2003

Spørsmål 52: Endra tilknytningsform for Flytoget AS

i) Med utskiljing av Flytoget AS frå NSB og overføring til Samferdselsdepartementet vil Samferdselsdepartementet vere 100 pst. eigar og generalforsamling for to konkurrerande togselskap.

- Kva er dei juridiske vurderingane av dette i høve til konkurranselovgjevinga?

- Ser Samferdselsdepartementet nokre negative sider ved dette, i tilfelle kva?

ii) Kva økonomiske konsekvensar vil utskiljinga få for Flytoget?

iii) Vil det vere juridisk mogleg å gje Flytoget prioritet på Gardermobanen etter ei evt. utskiljing?

Svar

i) Samferdselsdepartementet ser det ikkje som negativt at same departement innehar eigarskap til to jernbaneselskap så lenge begge selskapa opererer innafor fastsette rammevilkår i tråd med jernbanelova sine føresegner. I tråd med prinsippa for god eigarstyring skal styringa av eit heileigd statleg aksjeselskap i all hovudsak vere knytta til fastsetting av avkastningskrav og utbyttepolitikk. At det er ønskeleg med statleg eigarskap av selskapa er grunngjeve med at det er knytta samfunnsmessige interesser til togdrifta av desse selskapa. Jernbanedrift er ei kapitalintensiv verksemd som det isolert sett er knytta relativ høg økonomisk risiko til på grunn av store faste kostnader. Selskapa har behov for eit stabilt eigerskap med langsiktig perspektiv for å utvikle verksemdene framfor uttak av kortsiktig gevinst.

Samferdselsdepartementet meiner og at eigerskapet til både NSB og Flytoget ikkje er negativt i høve til konkurransen mellom dei to selskapa samanlikna med dagens ordning der Flytoget si tillating er avgrensa til å drive passasjertrafikk mellom Oslo Lufthavn Gardermoen og Asker. Når det gjeld den framtidige konkurransen mellom dei to selskapa, vil dette bli knytta til ein konkurranse om kjøp av persontransporttenester.

Føremålet med konkurranselova er etter § 1-1 "å sørge for effektiv bruk av samfunnets ressurser ved å legge til rette for virksom konkurranse.". Konkurransetilsynet kan gripe inn mot erverv av verksemd om det finn at ervervet vil føre til ei vesentleg avgrensing av konkurransen i strid med det som er føremålet med lova. Derimot kan det ikkje bli teke avgjerd i medhald av lova som er i strid med stortingsvedtak, jf. § 1-4. Lova set følgeleg ikkje forbod mot at to selskap har same eigar. Utskiljinga av Flytoget vil vere eit resultat av eit stortingsvedtak. Når Flytoget blir skild ut frå NSB AS til Staten v/ Samferdselsdepartementet som eigar, vil det snarare fremje konkurransen enn å avgrense den. Samferdselsdepartementet ser derfor ikkje noko problem med ei slik utskiljing i forhold til konkurranselova.

ii) Som det framgår av St.prp. nr. 1 (2002-2003) Tillegg nr. 2, pkt. 4.1.4, vil utskiljinga innebere ei årlig auke i utgiftene til meirverdiavgift på 8 mill. kr. Utan ei endring i meirverdiavgiftslova i tråd med omtalen i kap. 3.2.6 i St.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, vil nåverdien på meirverdiavgiftsaukingen vere 112 mill. kr, noko som evt. vil gje ein tilsvarande reduksjon i verdien på Flytoget. Regjeringa vurdere som kjent å etablere ein generell merverdiavgiftsplikt for persontransport med ny redusert sats frå og med 2004. Endring i merverdiavgifta i tråd med dette vil og kunne leggje forholdene til rette for å kunne bruke NSBs tenesteproduksjon til å skape eit innanlandsk konkurransemarked for jernbanespesifikke tenester. Ei slik omlegging vil vere gunstig for Flytoget ved at selskapet vil ha rett til frådrag for inngåande avgift i verksemda uavhengig av om selskapet er innanfor avgiftskonsernet NSB eller ikkje.

Om den endelege verdien på Flytoget blir rekna til lågare verdi enn den verdien som selskapet i dag er bokført med i NSB sin balanse, inneber dette eit underskott i NSB sin rekneskap tilsvarende differansen mellom bokført verdi i NSB sin balanse og ny verdivurdering. Underskottet må i tilfelle dekkjast opp med ein tilsvarande reduksjon i eigenkapitalen til NSB.

iii) Som det framgår av St.prp. nr. 1 (2002-2003) Tillegg nr. 2, pkt. 4.1.4, har Flytoget langsiktig prioritet på Gardermobanen ut til flyplassen (30 år). Denne prioriteten er førd som ein goodwill på 412 mill. kr i Flytoget sin balanse og vil bli videreførd også etter utskiljinga frå NSB. Når det gjeld sportilgang på strekninga Asker-Oslo S vil Flytoget bli handsama likt med andre togoperatørar og gitt prioritet i tråd med gitte retningsliner. Det blir gitt nye prioriteringskriterier i samband med implementering av EUs Jernbanepakke 1 som skal tre ikraft 15. mars 2003. I tråd med Jernbanepakke 1 vil ein på strekninga Asker-Oslo S ikkje kunne gje prioritet til eit selskap, berre til kva for type togtransport som skal kunne prioriterast ved mangel på kapasitet. I forslag til nye føresegner som nå er på høyring, er det foreslått at infrastrukturkapasitet til offentlege tenester og andre rutegående persontransporttenester som er samfunnsmessig viktig å prioritere, kan gis førsteprioritet når det er mangel på kapasitet. Hvis Flytoget blir definert som eit viktig samfunnsmessig togtilbud, vil det saman med andre viktige tog, kunne får førsteprioritet på denne strekninga.

(06.12.02)