Budsjett 2004: Spørsmål 35: Kap. 1350 Jernbaneverket - Post 30 Investeringer i linja

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 35: Kap. 1350 Jernbaneverket – Post 30 Investeringer i linja

  1. Gitt auka løyving til investeringar i linja; kva prosjekt ville gitt dei beste utteljingane og tidsreduksjonar for togtrafikken?
  2. Gitt auka løyving til investeringar i linja; ville sanering av jernbaneovergangar vere tiltak som kunne gitt monaleg tidsreduksjon?

Svar:

Ad. 1)

Jernbaneverket prioriterer prosjekt ut frå samfunnsøkonomiske omsyn. Køyretids­reduksjonar er berre eit av fleire element på nyttesida i ein slik analyse – betre punktligheit, kapasitet og redusert risiko er andre eksempel. Desse blir verdsette kvar for seg og vurderte mot kostnadane til prosjektet – både betalbare og ikkje-betalbare. Ein kan av den grunn ikkje åleine prioritere ut i frå kva tidsreduksjonar som er knytta til eit prosjekt.

Prosjekt med høgast utteljing

Når det gjeld kva slags prosjekt som totalt sett gir «dei beste utteljingane» gitt auka løyving til investeringar i linja, viser vi til svar på spørsmål nr. 1, som gir ei oversikt over prioriterte prosjekt innafor ei auka løyving på 550 mill. kr i 2004 på kap. 1350 post 30 Investeringer i linja.

Køyretidsreduksjonar

Effekten av enkelte type prosjekt kan takast ut på ymse måtar - enten ved auka punkt­lig­heit, auka kapasitet/frekvens eller køyretidsreduksjonar. Innafor programområda er det særleg ut­bygging av kryssingsspor som kan redusere køyretida. På strekningar der det er langt mel­lom kryssingsspora kan bygging av nye kryssingsspor gi ein monaleg reduksjon i ventetida. I tillegg kan utbygging av fjernstyring, til dømes på Nordlandsbanen, betre fleksibiliteten i trafikkavviklinga og dermed gi redusert køyretid, særleg dersom toga ikkje er i rute og ved andre avvik i trafikkavviklinga.

Når det gjeld store jernbaneprosjekt som i dag er under bygging, er dette primært av omsyn til kapasitetsauke, for eksempel gjeld dette utbygginga av nye dobbeltspor i Oslo-området.

Når det gjeld store framtidige prosjekt, er bygging av Ringeriksbana og Farriseidet Porsgrunn eksempel på prosjekt som vil gi monaleg reduksjon i reisetida.

Ad. 2)

Prioritering av tiltak på planovergangar er i hovudsak retta mot auka trygg­leik. Sanering av planovergangar gir ikkje særleg redusert framføringstid i togtrafikken, då farten på toget ikkje kan aukast monaleg. Andre tilhøve, særleg formen på traseen, har ofte større betydning for farten til toget enn sanering av planovergangar.