Budsjett 2004: Spørsmål 37: Kap. 1320 Statens vegvesen - Oppfølging Vegpakke Drammen

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 37: Kap. 1320 Statens vegvesen - Oppfølging Vegpakke Drammen

Det er ønskjeleg med ein status for oppfølging av Vegpakke Drammen, totalt og på prosjekt.

Kva er elles status for tilbakebetaling av refusjon til Drammen kommune vedkommande den såkalla ”blålysundergangen” (Jf. svar nr. 4 frå departementet i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003.)

Svar:

Ad pkt. i):

Stortinget slutta seg til Vegpakke Drammen gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (1993-94). Samla kostnadsramme for den planlagde utbygginga vart då rekna til nærare 2,9 mrd. 2004-kr. Samferdselsdepartementet har fleire gonger gjort greie for status for Vegpakke Drammen, mellom anna i St.prp. nr. 1 (1999-2000) der kostnadsramma vart rekna til om lag 4 mrd. kr. Samtidig vart det opplyst at kostnadene kunne komme opp i om lag 4,6 mrd. kr dersom det vart teke omsyn til uvissa i overslaga.

Tabellen nedanfor viser opprinneleg finansieringsplan samt reviderte kostnadsoverslag for prosjekt og tiltak som inngår i Vegpakke Drammen. Det ligg ikkje føre godkjende planar for dei prosjekta som enno ikkje er starta opp, og følgjeleg er det framleis knytt svært stor uvisse til desse overslaga.

(i mill. 2004-kr)

Prosjekt

Statlege
midlar

Bom- pengar

Sum/ overslag

Revidert overslag

E18

Eik - Vestfold grense

160

0

160

147

E18

Ny motorvegbru Drammen

380

0

380

891

E134

Drammen - Mjøndalen, inkl. kryss ved Bangeløkka

60

720

780

1 085

E134

Sentrumsring Drammen, parsell Bragernes

600

0

600

907

Rv 283

Øvre Sund bru

120

0

120

300

Rv 283

Kreftings gate 1)

100

0

100

374

Rv 319

Tørkob – Eik 2)

170

0

170

170

Konnerudføringa

0

360

360

1 000

Kompensasjonstiltak Lier

0

60

60

75

Sykkelvegar

40

120

160

160

SUM

1 630

1 260

2 890

5 100

1) Revidert overslag er inkl. 42 mill. kr i framtidig refusjon til Drammen kommune for bygging av undergang under jernbanen.

2) Kostnadsoverslaget for rv 319 Tørkop – Eik byggjer på ein plan frå 1970-talet som er forelda. Nye korridorar blir vurderte, og kostnadene vil kunne bli vesentleg høgare.

Kostnadsramma for Vegpakke Drammen er etter dette auka til om lag 5,1 mrd. Kr (2004-kr). Dette er nærare 80 pst. over nivået i St.prp. nr. 1 (1993-94). Kostnadsauken frå St.prp. nr. 1 (1999-2000) er knytt til E18 Ny motorvegbru Drammen, rv 283 Øvre Sund bru/Kreftingsgate og Konnerudnedføringa.

I St.prp. nr. 1 (2002-2003), side 102-103, er det gitt ein generell omtale av årsakene til kostnadsauken for Vegpakke Drammen.

Følgjande prosjekt er fullførde: E18 Eik – Vestfold grense, E134 Drammen – Mjøndalen, inkl. kryss ved Bangeløkka, Kompensasjonstiltak Lier samt delar av sykkelvegutbygginga. E134 Sentrumsring Drammen, parsell Bragernes, vart opna for trafikk i 2002, men rehabiliteringa av eksisterande gatenett blir først fullført i 2004.

Anleggsarbeida på E18 Ny motorvegbru Drammen (Høvik – Frydenhaug) starta i mai 2003, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2006. Vidare blir anleggsarbeida på rv 283 Kreftingsgate starta i 2004, og her er det førebels rekna med trafikkopning i 2007.

Følgjande prosjekt er ikkje starta opp: Rv 319 Tørkop – Eik, rv 283 Øvre Sund bru og Konnerudnedføringa. Prosjekta Tørkop – Eik og Øvre Sund bru er føresette finansierte med statlege midlar. Dette må skje innafor fylkesfordelt ramme til Buskerud. I handlingsprogrammet for perioden 2002-2005 er det føresett anleggstart på Øvre Sund bru i slutten av planperioden. Med auka kostnadsoverslag for Kreftingsgate er dette lite realistisk innafor gjeldande økonomiske rammer. Konnerudnedføringa er føresett finansiert med bompengar, men dette er det ikkje rom for innafor det avslutta bompengeopplegget.

I august 2000 vart det inngått ein avtale mellom Drammen kommune, Buskerud fylkeskommune og Statens vegvesen Buskerud om vidareføring av Vegpakke Drammen. Som også opplyst i St.prp. nr. 1 (2002-2003) blir det framleis arbeidd med eit opplegg for sluttføring av pakken. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til dette så snart det ligg føre avklaringar og den lokalpolitiske behandlinga er sluttført.

Ad pkt. ii):

Som det går fram av Samferdselsdepartementet sitt svar på spørsmål nr. 4 ved behandlinga av statsbudsjettet for 2003, er det departementet si vurdering at Drammen kommune har akseptert at forskotteringa av undergangen under jernbanen på Grønland skal refunderast i perioden 2006-2009, straks etter fullføring av prosjektet rv 283 Kreftingsgate. Det har ikkje vore drøftingar med Drammen kommune om denne saka etter dette. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn at refusjonen skal skje etter fullføringa av rv 283 Kreftingsgate.