Budsjett 2004: Spørsmål 4: Kap. 1320, post 72 Kjøp av riksvegferjetjenester

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 4: Kap. 1320, post 72 Kjøp av riksvegferjetjenester

- Kva slag konsekvensar vil det liggje i ein reduksjon av passasjersertifikatet for riksvegferjene?

- Er effektiviseringa av riksvegferjene direkte knytt til redusering av bemanninga?

Svar:

Konsekvensen av at passasjersertifikata i riksvegferjedrifta vert redusert eller differensiert vil vere reduserte driftskostnader. Det er ei rekkje ferjer i dag som har eit tilsynelatande høgt sertifikat i forhold til kor mange passasjerar som gjennomsnittleg reiser med den einskilde ferja. Ein reduksjon av passasjersertifikata, eller ei differensiering av sertifikata mellom høgt trafikkerte og lågt trafikkerte periodar, vil kunne redusere kostnadene i riksvegferjedrifta ved at Sjøfartsdirektoratet reduserer tryggleiksmannskapet om bord på den einskilde ferja. Selskapa har i varierande grad lukkast med dette arbeidet. I situasjonar med unormalt høg trafikkbelastning vil eit redusert passasjersertifikat kunne medføre kødanning på lik line med annan veg med tidvise kapasitetsproblem.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at fastsetjing av storleiken på tryggleiksmannskap på innanriks ferjer vil vere avhengig av talet på passasjerar om bord i ein evakueringssituasjon. I tillegg til talet på passasjerar er det tryggingstekniske utstyret, som vert nytta om bord på den enkelte ferje, svært avgjerande for fastsetjing av storleiken på mannskapet. Med bakgrunn i at mannskapskostnadene utgjer om lag 50 pst. av driftskostnadene til riksvegferjeselskapa, vil ein reduksjon av desse kostnadene ha mykje å seie for effektiviseringa.

Vegdirektoratet vil kartleggje i kor stor grad det er råd å redusere og differensiere passasjersertifikata på ferjene som vert nytta i riksvegferjedrifta. Vilkåret må likevel heile tida vere at tryggleiken skal vere på eit forsvarleg nivå. Med bakgrunn i dette arbeidet vil Vegdirektoratet be ferjeselskapa om å søkje Sjøfartsdirektoratet om redusert mannskap for heile eller delar av driftstida. Overgang til bruk av anbod i riksvegferjedrifta vil og mellom anna kunne føre med seg større differensiering av passasjersertifikata.