Spørsmål nr. 19: Luftfartsformål - Kap. 1313 - Luftfartstilsynet/flytteprosessen

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Svar til samferdselskomiteen ang. statsbudsjettet for 2005

Spørsmål fra samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål nr. 19: Luftfartsformål – Kap. 1313 – Luftfartstilsynet/flytteprosessen

Kva er statsråden si vurdering av flytteprosessen i Luftfartstilsynet, og kva tiltak er sett i verk for å rekruttera tilstrekkeleg og kompetent arbeidskraft?

Svar:

(05.11.04)

Flytteprosessen i Luftfartstilsynet er i gang. Det blei oppretta eit kontor i Bodø 01.10.2004. Dei fyrste 16 medarbeidarane er nå på plass. Desse medarbeidarane kommer nå til å gjennomgå ei seks månadar lang grunnopplæring som er knytt til utøvinga av tilsynsverksemda innanfor luftfarten. Ytterlegare to medarbeidarar kjem etter nyttår, som også går inn i opplæringsprogrammet. Det blei lyst ut 34 stillingar i fyrste utlysningsrunde.

Kjernekompetansen i Luftfartstilsynet er flyoperative og flytekniske inspektørar. Det er i dag meir enn 50 slike inpektørar og leiarar i Luftfartstilsynet. Dei som er tilsette i Bodø så langt er knytte til områda flyplassar, lufttrafikkteneste, og analyse og security, medan det på dei flyoperative og flytekniske områda har vore vanskeleg å rekruttere medarbeidarar. Førebels har det bare vore mogleg å få ein flygarinspektør og tre flytekniske inspektørar.

Luftfartstilsynet har i si vurdering av søkjarane lagt vekt på at alle som skal tilsettjast har tilstrekkeleg flyfagleg grunnkompetanse, før dei får opplæring som skal sette dei i stand til å utøve verksemda som tilsynsinspektør i luftfarten. Kompetansekrava følgjer i hovudsak av internasjonalt regelverk. SINTEF-rapporten konkluderer mellom anna med at dei krava Luftfartstilsynet stiller til nye medarbeidarar er i samsvar med internasjonale retningslinjer og regelverk.

Ettersom det i den fyrste utlysingsrunden har vore svært vanskeleg å rekruttere medarbeidarar til kjerneområda, vurderte Samferdselsdepartementet det slik at ein bør ta i bruk tiltak som høgare lønn og pendlarordningar for å få fleire søkjarar som tilfredstiller kvalifikasjonskrava.

I andre rekrutteringsrunde blei i alt 40 stillingar lyst ut. Det blei åpna for å vurdere høgare lønn i særskilte tilfeller. I tillegg blei det åpna for å vurdere bruk av pendling for ein overgangsperiode. Det blei då søkt enda meir aktivt etter slike medarbeidarar både i Noreg og utlandet (Sverige, Danmark og Storbritannia). Av totalt 120 søkjarar er det 31 kandidatar som tilfredstiller dei formelle kvalifikasjonskrava. Prosessen med å vurdere desse søkjarane er i gang. Det er klart at 14 av dei utlyste stillingane ikkje har søkjarar. For dei øvrige 26 stillingane er det 31 kandidatar å velje mellom. Det er vanskeleg å seie noko om utfallet av den vurderinga, men erfaringane frå tidelegare tilsettingsprosessar tilseier at det kan være vanskeleg å tru at noko særleg meir enn 15 % av stillingane (av 148 årsverk) i det nye Luftfartstilsynet vil være tilsett i løpet av våren 2005. Opplæringstida for nye flyfaglege medarbeidarar er minimum 2 år. Rekrutteringa ligg derfor vere etter dei planane Luftfartstilsynet har lagt for å kunne ha eit fullverdig tilsyn på plass i Bodø 01.01.07.

Omfanget av søkjarmassen har gått kraftig ned fra fyrste til andre utlysingsrunde. Interessen frå utlandet er svært liten. Hittil har 31 (21 %) av dei noverande medarbeidarane i Luftfartstilsynets sagt opp sine stillingar. Det er etablert eit stimuleringsprogram for å halde på medarbeidarane lengst mogleg, men programmet har ikkje forhindra ein stor avgang. Enkelte delar av tilsynsverksemda fungerar i dag bare delvis. Luftfartstilsynet vil av den grunn prioritere tilsyn med de største flyselskapene som driver transport av passasjerer. Det er venta fleire oppseiingar i løpet av 2005.

Eg legg stor vekt på at Luftfartstilsynet skal fungere som normalt i flytteperioden, også innan dei fagområda der det har vist seg vanskeleg å rekruttere nytt personell. Eg vil følgje flytteprosessen i Luftfartstilsynet nøye i tida fremover, og vil mellom anna vurdere ytterligare tiltak for å sikre flyttinga.