Statsbudsjettet 2004: Spørsmål 36:Kap. 1320 Statens vegvesen - post 23 - Vinterdrift rv 50

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 36: Kap. 1320 Statens vegvesen – post 23 – Vinterdrift rv 50

Er det lagt til grunn at brøyteinnsatsen og opningstid for rv 50 blir som dei siste vintrane?

Svar:

Vinterdrifta på rv 50 mellom Hol og Aurland blei handsama av Stortinget i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2003. Det blei da lagt til grunn at rv 50 mellom Hol og Aurland skulle haldast open frå vinteren 2002/2003. Det blei lagt som føring at kostnadene til vinterdrifta skal haldast nede. Dette inneber stenging om natta og ikkje bruk av kolonnekøyring. Vidare blei det under Stortinget si handsaming lagt til grunn at spørsmålet om fortsatt vinteropen rv 50 først skal takast opp til ny vurdering i samband med budsjettet for 2007.

Med bakgrunn i ovannemnde har Samferdselsdepartementet lagt til grunn at vinterdrifta på rv 50 mellom Hol og Aurland skal vere i tråd med ovannemnde føringar også komande vinter.