Statsbudsjettet 2004: Spørsmål 50: MVA ved kjøp av persontransporttjenester

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 50:

Mva ved kjøp av persontransporttenester

Rogaland har som fleire fylkeskommunar etablert Rogaland Trafikkselskap som eit fylkeskommunalt foretak som kjøper inn kollektivtransporttenester etter anbodskonkurransar. Med den foreslåtte innlemminga av persontransporttenester i momssystemet går ein ut frå at foretaket ikkje skal betale moms på dette kjøpet. Er det riktig forstått?

Svar

Svaret på spørsmålet er avhengig av om det som det fylkeskommunale føretaket kjøper er ei teneste i avgiftsmessig forstand. Det vil seie om det vederlaget føretaket/fylket gjev kan knyttast til ei konkret motyting.

Dei fleste tilskota innan kollektivtransportområdet er for generelle til at ein kan seie at det ligg føre ei konkret gjenyting. Det er heller ikkje vanleg å rekne støtte som blir nytta for å oppnå prisreduksjon for tredjemann (passasjerane) som omsetning. Grunnlaget for fastsetjing av meirverdiavgifta blir her den reduserte satsen som tredjemann betaler, det vil seie dei ordinære billettintektene. Det skal i slike tilfeller ikkje betalast moms på tilskotet.

Kjøp av skuleskyssbillettar til enskilde elever vil vere eit meir konkret kjøp enn eit generelt tilskot. Dei ulike typar kjøp kan gi ulik handsaming etter regelverket for meirverdiavgift. Dette regelverket er svært komplekst. I ei vurdering av kva som er omsetning og ikkje er det ikkje avgjørande om ein kallar det kjøp av tenester eller tilskot. I ein slik samanheng vil det vere dei faktiske forhold knytta til det konkrete tilfellet som er avgjørande, jf. omtalen av dette i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) kap. 19.1.5.9. Finansdepartementet vil derfor i samråd med Samferdselsdepartementet utarbeide ei klargjering av grensene for kva type kjøp det eventuelt må betalast meirverdiavgift på, men hovudregelen er at det ikkje skal betalast moms på generelle tilskot til kollektivtransport.

Foretaket vil uansett bli kompensert for utgiftene til meirverdiavgift eller få frådrag for desse. I praksis spelar det ikkje noko rolle om fylket sjøl kjøper transporttenester/yter tilskot eller om dette blir organisert gjennom eit fylkeskommunalt føretak eller eit aksjeselskap.