Statsbudsjettet 2004: Spørsmål 52: Kap. 1313 Luftfartstilsynet - Forskriftsendringar

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 52: Kap. 1313 Luftfartstilsynet – Forskriftsendringar

I St.prp. nr. 1 står at Luftfartstilsynet har foreslått å endre forskrift om utforming av store flyplassar og tar sikte på at endringane skal tre i kraft frå 1. januar 2004.

  1. Er endringane som er foreslått ei tilpassing til krav i internasjonal luftfart?
  2. Kor mange av flyplassane i Noreg blir rekna som store flyplassar i denne samanheng og dermed omfatta av endringane?
  3. Kva vil forskriftsendringane koste?
  4. Vil forskriftsendringane og dei konsekvensane desse kan føre til, bli lagt fram for Stortinget før endringane blir gjennomførde?

Svar:

1
Internasjonale krav til utforming av flyplassar er gitt i det såkalla Annex 14 til Chicago-konvensjonen. Delar av Annex 14 er nedfelt i forskrift om utforming av store lufthamner som tok til å gjelde frå 1. januar 2001.

Uvisse rundt føresetnadene som ligg bak krava i dei andre delane av Annex 14, førte til at daverande Luftfartsinspeksjonen og Luftfartsverket i si tid sette i verk ein risikoanalyse for å sjå nærare på kva krav som bør stillast i den norske forskrifta. Risikoanalysen er utført av det engelske selskapet AEA Technology plc etter anbodskonkurranse, og konkluderer med at flyplassar med rullebaner over 1200 meter bør ha tryggleiksområde som i stor grad svarer til krava i Annex 14, medan flyplassar med rullebaner kortare enn 1200 meter bør ha større tryggleiksområde enn det Annex 14 tilseier. Dette gjeld særleg i endane av banene. Formålet med tryggleiksområda er i hovudsak å hindre ulykker med tap av menneskeliv dersom eit fly endar utanfor rullebana.

Det er verdt å merke seg at dei aller fleste lufthamnene med rullebane kortare enn 1200 meter i dag har mindre tryggleiksområde enn det det vert stilt krav om i Annex 14. Desse lufthamnene er mellombels fritekne for krava i Annex 14 fram til ei endeleg forskrift er vedteke. Pr. i dag ligg Noreg altså under dei internasjonale krava med omsyn til tryggleiksområde på dei minste lufthamnene.

I høyringsutkast til revidert forskrift om utforming av store flyplassar følgjer Luftfartstilsynet opp tilrådingane frå risikoanalysen og går inn for strengare krav til tryggleiksområde for dei minste lufthamnene enn det som følgjer av dei internasjonale krava. I dei tilfella der det vil vere urimeleg dyrt å utvide tryggleiksområda, opnar høyringsutkastet for at same tryggleiksnivå skal kunne oppnåast gjennom kompenserande tiltak. Aktuelle tiltak kan vere ulike operative avgrensingar, til dømes i høve til vind, særskilde krav til trening av flygarar, eller bruk av mindre flytypar. Andre døme kan vere betring av vintervedlikehaldet og andre bakketenester. Høyringsutkastet inneheld òg andre mindre endringar.

Høyringa er no avslutta. Luftfartstilsynet tek sikte på å innføre dei delane av forskrifta som gjeld flyplassar med rullebane lengre enn 1200 meter, frå 1.1.2004. Tidspunktet er likevel ikkje endeleg fastlagt. Når det gjeld dei minste flyplassane, har Luftfartstilsynet opplyst at ein vil gå gjennom grunnlaget for kravet om større tryggleiksområde på nytt med sikte på ny høyring av denne delen av forskrifta og innføring frå 1.1.2005.

2
Forskrifta gjeld for alle Avinors 45 lufthamner. Med unntak av Fagernes lufthamn, Leirin, har alle dei 27 regionale lufthamnene til Avinor rullebaner kortare enn 1200 meter. Krava i høyringsutkastet om utvida tryggleiksområde omfattar såleis først og fremst 26 av Avinors regionale lufthamner. Alle 18 stamlufthamnene til Avinor har rullebaner over 1200 meter og er generelt sett mindre utfordrande i høve til høyringsutkastet. Forskrifta omfattar også åtte ikkje-statlege lufthamner. To av desse har rullebaner under 1200 meter.

3 og 4
Luftfartstilsynet har lagt opp til at konkrete kostnader og konsekvensar av forskrifta for den einskilde flyplass først skal kartleggjast i samband med fornying av godkjenninga for flyplassen. Fristane for godkjenningane for dei regionale lufthamnene kjem til å gå ut i løpet av dei fem første åra etter at forskrifta tek til å gjelde for desse flyplassane. Det er likevel på det reine at det opphavlege høyringsutkastet til revidert forskrift ville kunne få monnalege konsekvensar.

Samferdselsdepartementet er klar over at det kan vere vanskeleg å kartleggje alle konsekvensar og kostnader av forskrifta utan ein detaljert gjennomgang av den einskilde flyplass. Dette kan vere ein omfattande arbeid, og departementet ser at det kan vere føremålsteneleg å ta ein slik gjennomgang når godkjenningane for flyplassane skal fornyast, slik Luftfartstilsynet legg opp til. For departementet er det likevel viktig at konsekvensar og kostnader blir kartlagde så langt som råd er før forskrifta skal ta til å gjelde.

Samferdselsdepartementet vil derfor ta initiativ til at ei form for kartlegging kan finne stad i samband med den nye gjennomgangen av krava til tryggleiksområde som Luftfartstilsynet no legg opp til.

Samferdselsdepartementet tek sikte på å orientere Stortinget om forskriftsendringane og konsekvensane av desse. Departementet vil komme attende til dette spørsmålet blant anna i den kommande stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2006-2015.