Statsbudsjettet 2004: Spørsmål 54 Kap: 1313 Luftfartstilsynet - Forskrifter

Spørsmål fra Samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål 54: Kap: 1313 Luftfartstilsynet – Forskrifter

Det er frå einskilde hald hevda at forskrifter for norsk luftfart utforma av Luftfartstilsynet er strengare enn i land det er naturleg å samanlikna seg med.

- Er dette tilfelle, og i tilfelle ja – kva er grunngjevinga for dette?

Svar:

Dei fleste føresegner gitt av Luftfartstilsynet omhandlar tekniske eller operative høve. Svært mange av desse føresegnene inneheld krav som er fastlagde i detaljerte og omfangsrike sett av reglar gitt av internasjonale organisasjonar som ICAO, JAA, EU og Eurocontrol. Ofte er det lite eller ikkje noko rom ved utforminga av dei nasjonale gjennomføringsføresegnene. Sidan dei fleste landa det er naturleg å samanlikne seg med er bundne av dei same internasjonale føresegnene, er det etter departementets syn ikkje grunnlag for å seie at dei forskriftene Luftfartstilsynet har gitt er strengare enn i slike land. Det tyder ikkje at det på einskildområde ikkje kan finnast ei og anna føresegn som er strengare enn i andre land det er naturleg å samanlikne seg med, men som ei allmenn utsegn er det ikkje dekkjande.

Når det gjeld Luftfartstilsynets forslag til endringar i forskrift om utforming av store flyplassar, viser departementet til svaret på spørsmål 52 frå samferdselskomiteen.