Spørsmål nr. 21: Vegformål og jernbaneformål — Løyvingar 2005

Svar til samferdselskomiteen ang. statsbudsjettet for 2005

Spørsmål fra samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål nr. 21: Vegformål og jernbaneformål – Løyvingar 2005

Etterslepet i statlege løyvingar til veg og jernbane er iflg. tabell på side 23 i budsjettdokumentet 3,8 mrd. kroner i høve til handlingsplanane. Er løyvingar til OPS-prosjekt då medrekna? Dersom ikkje, kor store er dei løyvingane for 2005?

Svar:

(18.11.04)

Forslag til løyving på kap. 1320, post 29 Vederlag til OPS-prosjekt, er med i oppfølgingsprosenten på 96,7 pst. for vegformål i tabellen på side 23 i St.prp. nr. 1 (2004-2005). På side 77 i proposisjonen er det ein meir detaljert tabell der det går fram av fotnote 1 at post 29 er teken med i oppfølgingsprosenten.

Aktivitetsnivået i 2003, 2004 og 2005 har vore/vil vere høgare enn det løyvinga på post 29 viser pga. stor anleggsaktivitet på fleire OPS-prosjekt. Dei statlege løyvingane vil imidlertid kome seinare, når prosjekta er ferdigstilte. Dersom ein legg dei årlege løyvingane til veginvesteringar til grunn, så vil ein aktivitetskorrigert oppfølgingsprosent (korrigert for faktisk OPS-aktivitet) for planperioden 2002-2005 vere høgare enn 96,7 pst.