Spørsmål nr. 22 Tilgjenge for funksjonshemma - Anbodsutsetjing

Svar til samferdselskomiteen ang. statsbudsjettet for 2005

Spørsmål fra samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål nr. 22: Tilgjenge for funksjonshemma – Anbodsutsetjing

Vert det stilt krav om tilgjenge for alle og tiltak for å tilretteleggja for ulike typar funksjonshemma ved alle anbodsutsetjingar innafor Samferdselsdepartementet sitt område?

Svar:

(08.11.04)

Det er ei målsetjing for Regjeringa at det leggjast til rette for tilgjenge for funksjonshemma til ulike transportsystem. Eg vil mellom anna vise til at eit av hovudmåla i transportpolitikken er eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle og som gjer det mogleg for alle å leva eit aktivt liv.

Når det gjeld anbodsutsetjingar, vil eg vise til følgjande:

Ferjer:

I dei tilfelle der staten stiller krav om bygging av nye ferjer, vert det alltid stilt krav om tilgjenge for funksjonshemma i anbodsgrunnlaget. Desse fartøya skal som minimum tilfredsstille krava om tilgjenge for funksjonshemma gitt i EU-direktiv 2003/24 som gjeld for nye fartøy. Kravet gjeld uavhengig av fartsområde og fartøya sine passasjersertifikat.

Også i anbod der det ikkje vert stilt eksplisitt krav om nye ferjer, er det krav om tilgjenge for funksjonshemma når tilbydar vel å byggje nye ferjer.

Det vert ikkje stilt krav om tilpassing av eksisterande ferjer i anbodsgrunnlaget. Grunnen til dette er delvis at krav om tilgjenge m.a. kan gå ut over krav til tryggleik, og kostnadene ved å gjere tilpassingar på eksisterande ferjer.

Hurtigruta:

I samband med anbodsutsetjinga av hurtigruta vart det stilt krav om at skipa skulle ha ordningar for ombord- og ilandstiging som er formålstenlege, og ei innredning som så langt som mogleg tilfredsstiller krava til universell utforming, slik at funksjonshemma kan nytte skipa. I anbodsgrunnlaget vart det vidare signalisert at gode løysingar med omsyn til tilgjenge ville verte tillagt vekt i vurderinga av tilboda.

Fly:

Samferdselsdepartementet arbeider for tida med utforming av nye kjøp av flyruter etter anbod, som skal gjelde for perioden 1.4.2006 til 31.3.2009. I den samanheng vil også nemnde hovudmål, som gjeld tilgjenge for alle, verte lagt til grunn.

Tog:

I samband med arbeidet med konkurransegrunnlaget for persontrafikken på Gjøvikbanen vart det ført samtaler med aktuelle interesseorganisasjonar fordi departementet meiner at tilgjenge for alle er eit viktig kriterium i konkurranseutsetjinga.

I konkurransegrunnlaget for Gjøvikbanen er det mellom anna sett krav om at toga skal ha plass til minimum to rullestolar i kvart togsett, og at toga skal vere utrusta med hjelpemiddel slik at brukarane kan kome seg inn i og ut av toget ved eiga hjelp. Det er òg teke omsyn til blinde og svaksynte slik at til dømes haldestenger må vere i kontrastfargar. Eit anna viktig krav er at operatøren som departementet inngår kontrakt med, skal vere med i Jernbaneverket si etablerte kontaktgruppe for funksjonshemma som reiser med tog. Dette er nærmare omtala i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, jf. pkt. 6.3.3.