Spørsmål nr. 23: Jernbaneformål - Togtilbod på strekninga Oslo - Stockholm

Svar til samferdselskomiteen ang. statsbudsjettet for 2005

Spørsmål fra samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål nr. 23: Jernbaneformål – Togtilbod på strekninga Oslo – Stockholm
Kor raskt må det gjerast eventuelle vedtak for å hindre stopp frå 1. januar 2005 på tilbodet om persontransport med tog mellom Oslo og Stockholm?

Svar:

(11.11.04)

Togtilbodet Oslo – Stockholm og Oslo – Gøteborg – København blir i dag drive av Linx AB på kommersielle vilkår, dvs. utan tilskot frå korkje Noreg eller Sverige. Til tross for ei rekkje tiltak for å betre lønsemda i togtrafikken, har selskapet ikkje greidd dette og tilbodet blir i dag drive med eit underskot. Eigarselskapa SJ og NSB har derfor bestemt seg for å leggje ned Linx frå og med 1. januar 2005.

NSB vil i samarbeid med SJ eller ein annan operatør etablere eit nytt togtilbod til Gøteborg med utgangspunkt i regiontogtilbodet Oslo – Halden. Saman med SJ arbeider NSB vidare med eit opplegg som kan sikre trafikken mellom Oslo, Karlstad og Stockholm i helgene og i sommarperioden. Alle detaljar er enno ikkje på plass, men er venta avklart innan utgangen av november. Dei to selskapa jobbar også med å etablere eit nattogtilbod mellom København, Stockholm og Oslo (via Gøteborg) frå sommaren 2005.

Samferdselsdepartementet vil framleis sjå på om det er mogleg å få til eit tilbod med daglege avgangar heile året, men har ikkje sett det som aktuelt å gå inn med statlege løyvingar til kjøp av togtenester for denne type internasjonal persontogtrafikk, jf. Nasjonal transportplan 2006-2015. Det er relativt gode kollektive reisealternativ på strekninga Oslo – Stockholm og det er heller ikkje miljø- og arealomsyn som krev avlasting av vegnettet på same måte som til dømes rundt dei største byområda og i intercityområdet på Austlandet.

Samferdselsdepartementet ser saman med svenske styresmakter på kva som kan gjerast for at evt. andre operatørar som ønskjer å tilby kommersiell togdrift over landegrensa, skal få løyve til dette. Å evt. få andre operatørar enn dei eksisterande til å trafikkere denne strekninga vil måtte ta noko tid.