Spørsmål nr. 30: Vegformål - Kap. 4320 post 4 Tilgodehavende hos fylkeskommunene

Svar til samferdselskomiteen ang. statsbudsjettet for 2005

Spørsmål fra samferdselskomiteen om statsbudsjettet for 2004

Spørsmål nr. 30: Vegformål – Kap. 4320 post 4 Tilgodehavende hos fylkeskommunene

Kan departementet gjera nærare greie for det avtalemessige, økonomiske og eventuelt juridiske grunnlaget for krav om at 12 fylkeskommunar skal betala 40 mill. kroner til Statens vegvesen, jf. kap. 4320 post 4?

Svar:

(23.11.04)

For å oppnå det avkastingskravet som årleg blei fastsett av Stortinget for kap. 1320 Statens vegvesen, post 24 Statens vegvesens produksjon, blei det inngått avtaler mellom Statens vegvesens produksjon og byggherresida i Statens vegvesen om arbeid på riks- og fylkesvegar. Statens vegvesens produksjon hadde i 2002 ein omsetnad på over 6 mrd. kr. Det er derfor naturleg at det pga. ulike forhold oppstod eit avvik mellom Stortingets avkastingskrav og det endelege resultatet som blei oppnådd gjennom dei inngåtte avtalene.

Meirforbruket i 2002 blei vesentleg større enn normalt og primært som følgje av forhold knytte til etableringa av Mesta AS. 33 mill. kr av meirforbruket kunne knyttast til arbeid utført av fylkeskommunane. Dette var fordelt med eit krav på 40 mill. kr mot 12 fylkeskommunar og eit krav på 7 mill. kr frå 4 fylkeskommunar mot Statens vegvesen.

Dersom post 24 hadde blitt ført vidare, ville underskotet i 2002 blitt dekt inn gjennom ei justering av prisane i dei tre påfølgjande åra. Dette ville ha ført til prisjusteringar også for avtalene med fylkeskommunane. Kravet på 40 mill. kr i 2002 ville såleis blitt belasta dei aktuelle fylkeskommunane i dei tre påfølgjande åra.

Som følgje av at post 24 ikkje blei vidareført, blei Stortinget i St.prp. nr. 29 (2003-2004) orientert om at Samferdselsdepartementet skulle be dei 12 fylkeskommunane betale tilbake meirforbruket på 40 mill. kr. Stortinget hadde ingen merknader, jf. Innst. S. nr. 90 (2003-2004). På denne bakgrunn er det fremma krav mot dei 12 fylkeskommunane. Det er lagt til grunn at den enkelte fylkeskommune skal betale tilbake beløpet over eit, to eller tre år avhengig av storleiken på beløpet.

Samferdselsdepartementet meiner det er juridisk rett å krevje inn beløpa frå fylkeskommunane då dette er ei fordring på lik line med andre fordringar. Det eksisterer ikkje nokre skriftlege avtaler mellom Statens vegvesen og fylkeskommunane om tilbakebetaling av kravet på 40 mill. kr.

Statens vegvesen har betalt tilbake 7 mill. kr som fire fylkeskommunar hadde som krav mot Statens vegvesen.