Spørsmål 1 - Vegformål — Kap 1320 Statens vegvesen - Investeringsbudsjettet

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra transport- og kommunikasjonskomiteen om statsbudsjettet for 2006

Spørsmål fra transport- og kommunikasjonskomiteen om statsbudsjettet for 2006

Spørsmål 1 - Vegformål – Kap 1320 Statens vegvesen - Investeringsbudsjettet

  • På kva måte oppfyller regjeringa Bondevik II sitt forslag for 2006 Nasjonal transportplans og handlingsprogramma sine prioriteringar over stamvegar både i prosjekt og midlar?
  • På kva måte oppfyller regjeringa Bondevik II sitt forslag for 2006 Nasjonal transportplans og handlingsprogramma når det gjeld midlar til øvrig riksvegnett (fylkesfordelt ramme)?
  • Om løyvingane til veginvesteringar for budsjettåret 2006 til dømes skulle bli foreslått auka med 1 mrd. kroner utover NTP/handlingsprogramma, kunne det da gis ei oversikt over aktuelle prosjekt (strekning/fylke) og plansituasjonen med omsyn til igangsetting i 2006

Svar:

15.11.2005

  • Oppfølginga av rammene for perioden 2006-2009 i St.meld. nr. 24 (2004-2005) og endeleg handlingsprogram for stamvegnettet innafor post 30 framgår av tabellen på side 104 i St.prp. nr. 1 (2005-2006). Denne viser at det manglar til saman om lag 210 mill. kr på 25 pst. oppfølging av handlingsprogramramma for fireårsperioden. I handlingsprogrammet varierer rammene til dei ulike rutene mykje frå år til år. Det same gjeld satsinga på ulike typar tiltak; som større prosjekt, mindre utbetringstiltak, bygging av gang- og sykkelvegar, trafikktryggleikstiltak, miljø- og servicetiltak, kollektivtrafikktiltak m.m.
  • Regjeringa Bondevik II sitt budsjettforslag for 2006 sikrar rasjonell anleggsdrift av igangsette prosjekt, sjølv om løyvingane til enkelte prosjekt er noko lågare enn det som er lagt til grunn i handlingsprogrammet. Som det går fram av St.prp. nr. 1, er det derimot ikkje funne rom for midlar til utviding av prosjektet E134 Rullestadjuvet i Hordaland (korridor 5). Vidare inneber budsjettforslaget at alle større prosjekt som er føresette starta opp i 2006, blir starta opp. Startløyvingane er likevel noko lågare enn det som er lagt til grunn i handlingsprogrammet. For dei andre tiltakstypane er det mindre avvik i forhold til det som er føresett i handlingsprogrammet for 2006.
  • Oppfølginga av rammene for perioden 2006-2009 i St.meld. nr 24 (2004-2005) og endeleg handlingsprogram for øvrig riksvegnett innafor post 30, inkl. post 60, framgår av tabellen på side 122 i St.prp. nr. 1 (2005-2006). Denne viser at det til saman manglar om lag 330 mill. kr på 25 pst. oppfølging av handlingsprogramramma for fireårsperioden. Ved fordeling av fireårsramma på år er det lagt vekt på å sikre rasjonell anleggsdrift av igangsette prosjekt. Derfor er det for nokre fylke føresett mindre enn 25 pst. av fireårsramma i 2006 medan det for andre fylke er føresett meir enn 25 pst.
  • Det tek i storleiksorden eitt år frå oppstart på prosjektering og utarbeiding av konkurransegrunnlag for eit prosjekt til anleggsstart. Det er derfor krevjande å skulle tilpasse seg ein større auke i rammene seint i budsjettprosessen. Etter Statens vegvesen si vurdering vil det i 2006 ikkje vere mogeleg å omsetje ei høgare investeringsramme enn det som er føresett i handlingsprogrammet. På grunn av store bindingar i 2007 er det heller ikkje tilrådeleg å starte opp fleire større prosjekt i 2006, men det vil ved ein rammeauke kunne startast opp enkelte mindre prosjekt (på øvrige riksvegar) og gjennomførast mindre investeringstiltak. Det kan tilførast noko meir midlar til enkelte igangverande prosjekt, og leggjast inn større oppstartløyving på prosjekt som er foreslått starta opp i 2006.