Spørsmål 3 - Vegformål — Kap. 1320 Statens vegvesen — Mindreforbruk

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Spørsmål fra transport- og kommunikasjonskomiteen om statsbudsjettet for 2006

Spørsmål fra transport- og kommunikasjonskomiteen om statsbudsjettet for 2006

Spørsmål 3 - Vegformål – Kap. 1320 Statens vegvesen – Mindreforbruk

I 2004 brukte Statens vegvesen betydeleg mindre enn budsjettert til riksveginvesteringar, og eit beløp i storleiksorden 670 mill. kr har vore nemnt i media.

- Korleis er situasjonen for 2005?

Svar:

29.11.05

Ved utgangen av september viser prognosane at Statens vegvesen ligg an til eit mindreforbruk på om lag 140 mill. kr i 2005 for investeringspostane (postane 30, 31, 35 og 60). Dette utgjer 1 pst. av disponible midlar. Dette er eit akseptabelt mindreforbruk fordi det er vanskeleg å styre mot nøyaktig 100 pst. forbruk og samstundes unngå eit meirforbruk. Til samanlikning var mindreforbruket for investeringspostane på om lag 614 mill. kr i 2004. Tidspunktet for når Statens vegvesen mottek fakturaer for arbeid som er utført på slutten av året, har stor innverknad på om utbetaling vil skje i inneverande år eller først i 2006. Det kan få følgjer for det endelege forbruket i 2005.

Midlane som ikkje blir nytta i 2005, kan overførast til 2006 og er knytt til konkrete prosjekt. Eit så relativt lite mindreforbruk representerer ikkje noko forseinking i framdrifta av dei prioriterte prosjekta.

Statens vegvesen har gjennomført fleire tiltak for å redusere mindreforbruket. Mellom anna er det lagt stor vekt på å utarbeide gode prognosar for forbruket tidleg på året slik at styringa og høvet til å setje inn tiltak blir betre. Eit anna viktig tiltak har vore å auke kapasiteten til å utarbeide konkurransegrunnlag.