Regionalnytt nr 3 - 2016
Dato: 13.05.2016 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Omstillingsmidlar til Sør-Varanger kommune
- Konkursen i Sydvaranger gruver har skapt ein vanskeleg situasjon både for mange innbyggarar og Sør-Varanger kommune. Det er krevjande for eit lokalsamfunn å miste så mange arbeidsplassar over natta, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår å løyve 40 millionar kroner, 20 millionar i 2016 og 20 millionar i 2017.
Utlysning av midlar til vidare regional satsing på forsking og innovasjon
Forskingsrådet har lyst ut midlar til regionalt arbeid for mobilisering til forskingsbasert innovasjon i perioden 2017-2019. "Regional satsing" byggjer på og fører vidare erfaringane frå programma Forskingsløft i Nord (Nordsats) og Verkemidla for regionalt FOU og innovasjon (VRI).
Samisk kunnskap for samisk samfunnsutvikling
Sametinget har for første gong laga ei eiga melding om høgare utdanning og forsking. Meldinga byggjer på vurderingar Sametinget har om det som trengst for ei god utvikling av samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Norske brakker til nødhjelp
Lette og sterke element som kan flatpakkast. Hordalands-bedrifta Arnpro meiner dei har eit godt utgangspunkt når dei no vil inn på nødhjelpsmarknaden med sine mobile brakker. Innovasjon Noreg støttar utviklingsarbeidet.
Tenk kommunikasjon ved kommunesamanslåing
God kommunikasjon er viktig for vellykka kommunesamanslåing.
– Alle lurar på noko i samband med ei så stor endring, seier rådgjevar Anne Irene Myhr ved Distriktssenteret.
Lån framfor tilskot
Som følgje av den økonomiske krisa i Europa, endra medlemslanda i EU sine verkemiddel for næringsutvikling. Mellom anna gjekk EU-landa frå tilskot til lån, garantiar og eigenkapital (som aksjekapital, såkornfond og business angles). Dette for å få mest mogeleg igjen for kvar krone.
Offentleg sektor inn i Horisont 2020
Forskingsrådet mobiliserer i desse dagar kommunar og fylkeskommunar til ta ein aktiv del i EU-programmet Horisont 2020.
Tilskot til forsøk på å forenkle utmarksforvaltinga
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lyst ut midlar for kommunar som ønskjer å sette i verk tiltak for å forenkle utmarkforvaltninga. Forsøksordninga er på til saman 3 millionar kroner i 2016.
Noreg er med i tre nye interreg-prosjekt i nord
Styringskomiteen for Interreg Nord har godkjent fire nye prosjekt. Tre av desse har norske deltakarar.
Ny kommunal- og regionalråd i Brussel
Eivind Lorentzen er ny spesialråd for kommunale og regionale saker ved den norske EU-delegasjonen i Brussel.