Justis- og politidepartementet

Høyring - forslag til endringar i kapitalkravsforskrifta


Justisdepartementet viser til brev 1. november 2007 frå Finansdepartementet.

Vi har ingen merknader til realiteten i saka.

På generelt grunnlag gjer vi merksam på at eit høyringsnotat bør innehalde eit samla utkast til lov- eller forskriftsendringar som er sett opp i samsvar med tilrådingane i Lovteknikk og lovforberedelse, sjå særleg punkt 5.7 (s. 77 fig.) og punkt 14.6 (s. 196 flg.). Vanlegvis bør lova eller forskrifta innehalde ei eiga føresegn som fastset iverksetjing til eit bestemt tidspunkt, jf. Lovteknikk og lovforberedelse punkt 7.3 (s. 107 flg.) og punkt 14.9 (s. 207). I mangel av ei slik føresegn vil endringane i kapitalkravsforskrifta bli sette i verk ein månad etter kunngjeringa i Norsk Lovtidend, jf lov 19. juni 1969 nr. 53 om Norsk Lovtidend § 3.