Øyvind Angelskår

Tiltak og ordninger som kan gi reduserte ulemper for kundene vedbytte av bankforbindelse - bankkontonummerportabilitet


Eg er ingen høyringsinnstans, men sidan denne rapporten er ute til høyring har eg ein liten kommentar (i den grad det har noko å bety):

I dag har dei fleste éin lønnskonto/brukskonto pluss diverse andre konti i ein eller fleire bankar. Enkelte har også av ulike årsaker lønnskonto i fleire bankar. Dersom kontonummer skulle følgja kunden ved bankbytte vil det (I) vera ei utfordring å finna ut kva nummer som passar til tilsvarande funksjonar i den "nye" banken og (II) i enkelte tilfelle vera utfordrande å finna ut kva bank ein skal flytta kontonummeret med seg frå. I tillegg kan det vera greit å ha konto i begge bankar i ein overgangsperiode.

Det vil altså oftast vera minst like brysamt for kunden å behalda kontonummeret (-nummera) som å få seg nytt (nye).

Øyvind Angelskår