Justis- og politidepartementet

Høring - Tiltak for å betre og stabilisere rettstilhøvet mellom sjølveigd kapital og grunnfondsbeviseigarane sin kapital


Vi viser til brev frå Finansdepartementet av 20. desember 2008 med vedlegg.

Justisdepartementet har i utgangspunktet ikkje merknader til realiteten i framlegget.

Som avtala med Finansdepartementet kjem Justisdepartementet til å kome med ei eiga tilbakemelding om tilhøvet til Grunnloven § 97.

I tillegg vil vi nytte hevet til å be om at Finansdepartementet gjer nokre terminologiske endringar i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven) og lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skadeloven). Ved vedtakinga av lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova) vart uttrykket "Økonomisk forening" endra til "samvirkeforetak av låntakere" i både finansieringsverksemdlova og skattelova. Dessverre vart ikkje alle dei aktuelle paragrafane endra, med den følgje at omgrepet "økonomisk forening" framleis eksisterer i lovgivinga. Vi ber derfor om at Finansdepartementet fremjar forslag om å erstatte "økonomisk forening" med "samvirkeforetak av låntakere" i følgjande paragrafar:

  • finansieringsverksemdlova § 2-18 første Ledd nr. 2 og § 2-19 sjette ledd første punktum
  • skattelova § 2-3 tredje ledd bokstav d.

I tillegg bør ein gjere tilsvarande endringar i forskriftsverket, jf:

  • forskrift 7. februar 2001 nr. 108 om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper
  • forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak
  • forskrift 22. desember 1992 nr. 1190 om levering av ligningsoppgaver over innskudd og lån i banker, forsikringsselskaper m.v.
  • forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14
  • forskrift 10. november 2000 nr. 1134 om forvaltningen av likviditetsfondet i Pensjonstrygden for fiskere.

Sidan det er tale om terminologiske endringar som følgje av ny lovgiving, er det ikkje naudsynt å sende endringsforslaga på særskilt høyring.

jd.pdf