Kunnskapsdepartementet

Høyringsfråsegn Framlegg til endring av bokføringsregelverket


Kunnskapsdepartementet stør tilrådingane frå Økokrim og Skattedirektoratet om å rå frå redusert oppbevaringsplikt for rekneskapsmateriale.

Kunnskapsdepartementet har lagt merke til vurderingane frå Økokrim om at 10 års oppbevaringsplikt har mykje å seie for å førebyggje økonomisk kriminalitet.

Kunnskapsdepartementet forvaltar tilskot til ei rad private verksemder. Frårekna studiestøtte og støtte til internasjonale organisasjonar går det i statsbudsjettet for 2009 ca 5,7 mrd. kroner over postar for tilskot til private (70-postar) i budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det er risiko for økonomisk kriminalitet knytt til misbruk av offentlege tilskotsordningar. Vi reknar med at vurderingane frå Økokrim om at oppbevaringsplikt førebyggjer økonomisk kriminalitet, gjeld for denne typen kriminalitet og. Kunnskapsdepartementet meiner at omsynet til å førebyggje kriminalitet veg så tungt at det må vere avgjerande for å halde på den gjeldande oppbevaringsplikta.

 

 

kd.pdf