Justis- og politidepartementet

Høyring - utkast fil lovføresegner om namnebruken til finansinstitusjonar


Justisdepartementet viser til Finansdepartementets brev av 15. februar 2008.

Ettersom vi forstår, vil forslaget til endring i finansierirlgsverksemdlova §§ 2-4 og 2a-6 femte ledd som utgangspunkt ikkje omfatte forsikringsselskap. Forsikringsselskap som driv finansieringsverksemd, vil likevel vere omfatta på. lik linje med andre finansinstitusjonar. Vidare vil forslaget til endring i § 2a-6 femte ledd også omfatte forsikringsselskap som inngår i finanskonsern, sjølv om selskapet ikkje driv finansieringsverksemd. Vi reiser spørsmål om dei føreslegne reglane bør gjelde for alle forsikringsselskap, uavhengig av om dei driv finansieringsverksemd eller er del av eit finanskonsern. I så fall bør det gjerast tilsvarande endringar i lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv.

Justisdepartementet saknar ei drøfting av forholdet til dei allmenne reglane i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven), Vi siktar særleg til retten til å bruke og til å overdra eit sekundært forretningskjenneteikn, jf. foretaksnamnelova § 1-1 tredje ledd og § 4-1.

Saka har også ei side til lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (markedsføringsloven). Ved vurderinga av i kva grad det er behov for lovtiltak på området bør ein ta omsyn til kor langt reglane i marknadsføringslova rekk i denne relasjonen. Vi viser særleg fil føresegnene i marknadsføringslova §§ 1, 2 og 3.

jd.pdf