Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forslag til lov om endringer...

Forslag til lov om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

I

Nye § 8 A-1 til § 8 A-4 skal lyde:

§ 8 A Reglar om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg

§ 8 A-1 Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift pr. 1. januar 2000

(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt over 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 1997, skal byggje på plasseringa av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt i § 1-1 andre leden i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak og det fastsette gjenanskaffingsverdet (GAV) for slike driftsmiddel etter reglane i kapittel 2 i same forskrift. Kommunefordelinga av skattegrunnlaget skal skje i same høve som GAV for dei særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som ligg i den einskilde kommune, har til samla GAV for alle særskilte driftsmiddel i kraftanlegget. Fordelinga av GAV på dei særskilte driftsmiddel som ligg i kvar kommune, skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat og retningsliner fastsett av departementet. GAV for adkomstanlegg skal ikkje medreknast. GAV for reguleringsanlegg med tilhøyrande driftsmiddel skal fordelast mellom alle kraftanlegg som har kraftstasjonar med installert effekt over 1000 kW som ligg nedanfor reguleringsanlegget, i høve til registrerte energiekvivalenter registrert hos Norges vassdrags- og energidirektorat for desse kraftstasjonane pr. 1. januar likningsåret.

(2) Kostpris for investeringar i særskilte driftsmiddel i kraftanlegg som nemnt i første leden og som vart ført i skatterekneskapet første gong for inntektsåret 1997 eller seinare år, skal nyttast som grunnlag for korrigering av den kommunefordeling av skattegrunnlaget som vert fastsett etter første leden. Slik korrigering vert første gong gjennomført med verknad for eigedomsskatteåret 2002.

(3) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt over 1000 kW sett i drift etter 1. januar 1997, med tilhøyrande særskilte driftsmiddel som ikkje vart omfatta av GAV fastsett pr. 1. januar 1997, vert gjenanskaffingsverdet for slike driftsmiddel pr. 1. januar 2000 fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat. Ved fastsetjing av gjenanskaffingsverdet for slike driftmiddel gjeld reglane i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak, tilsvarande. Reglane i første leden gjeld tilsvarande.

(4) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt under 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000, gjeld reglane i § 8 A-2 første leden første og andre punktum tilsvarande.

(5) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg som nemnt i tredje og fjerde leden, gjeld korrigeringsregelen i andre leden tilsvarende for investeringar som vart ført i skatterekneskapet første gong for inntektsåret 2000 eller seinare år.

§ 8 A-2 Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 2000

(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 2000, skal byggje på plasseringa av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt i § 8 A-1 første leden pr. 1. januar i likningsåret. Kommunefordelinga av skattegrunnlaget skal skje i same høve som kostpris for dei særskilte driftmiddel i kraftanlegget som ligg i den einskilde kommune, har til samla kostpris for alle særskilte driftmiddel i kraftanlegget. Har slike kraftanlegg kraftstasjonar med installert effekt over 1000 kW som ligg nedanfor eldre reguleringsanlegg, skal det takast omsyn til reguleringsanlegget med tilhøyrande driftsmiddel med dei verdiar som nemnt i § 8 A-1 første og andre leden.

(2) Kostpris for investeringar i særskilte driftsmiddel som nemnt i § 8 A-1 første leden i seinare inntektsår enn det året då kraftanlegget vart sett i drift, skal nyttast som grunnlag for korrigering av den kommunefordeling som vert fastsett etter første leden.

(3) Reglane i første leden gjeld tilsvarande for fordeling av eigedomsskattegrunnlag fastsett etter skatteloven § 18-5 sjette leden.

§ 8 A-3 Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt som verdsetjingsreglar ved utskriving av eigedomsskatt

Kommunar som får tildelt ein andel av eigedomsskattegrunnlag for kraftanlegg etter reglane i §§ 8 A-1 og 8 A-2 skal leggje denne andel til grunn ved utskriving av eigedomsskatt på kraftanlegget.

§ 8 A-4 Gjennomføringsreglar

Reglane i ligningsloven gjeld tilsvarande så langt dei passer ved fastsetjing av kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlag etter reglane i denne lova. Nærmare reglar om utfylling og gjennomføring av denne paragraf vert fastsett av departementet i forskrift.

II

Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra eiendomsskatteåret 2001.

Til toppen