Historisk arkiv

9 Kapittel 9 Tilrådingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

9 Kapittel 9 Tilrådingar

I dette kapitlet vil utvalet, på grunnlag av framstillinga og drøftinga i dei tidlegare kapitla, komme med tilrådingar om dei enkelte ordningane.

9.1 9.1 Tilrådingar vedr. tilskotta til opplæring for språklege minoritetar

Utvalet tilrår å halde fram med å øyremerkje tilskotta til særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Data som er presenterte i dei tidlegare kapitla, tyder på at det er noko usikkert om elevane i alle kommunar får tilstrekkeleg opplæring. Utvalet meiner det er viktig at opplæringsbehova til elevar frå språklege minoritetar blir ivaretekne uavhengig av lokale økonomiske prioriteringar. Dette er eit viktig argument for øyremerking. Dette er også eit tilskott som blir gitt utanom kommuneopplegget 44Tilskott til arbeidsmarknadstiltak og flyktningar blir haldne utanfor kommuneopplegget. og er derfor ikkje er eigna til innlemming i rammetilskottet.

Utvalet ser likevel at det er manglar ved tilskottsordninga slik ho fungerer i dag, og foreslår at ein vurderer følgjande endringar:

  • Tilskottsordninga bør forenklast.
  • Undervisninga bør ta utgangspunkt i dei behova den enkelte eleven har og bør tilpassast og organiserast ut frå ein slik synsstad.
  • Det bør leggjast til rette for lokale organisatoriske løysingar som er dei beste for elevane.
  • Det bør bli utarbeidd betre rettleiings- og kontrollrutinar for tilskottsordninga, slik at statens utdanningskontor kan følgje opp at kommunane faktisk oppfyller pliktene overfor målgruppa og at midlane blir nytta slik det er føresett. I oppfølginga må tilskottsordninga også sjåast i samanheng med dei samla statlege verkemidla på området (læreplanar osv.).
  • Dei statlege satsane i tilskotta bør hevast. Tilskottsordninga er utforma slik at ein auke i aktiviteten medfører auke i dei kommunale utgiftene. Kommunane har plikt til å tilby denne typen opplæring. Det inneber at kommunar med mange elevar frå språklege minoritetar kan komme til å nytte ein relativt stor del av sine frie inntekter her, medan andre kommunar nyttar lite eller inkje av sine frie midlar på denne opplæringa. Den statlege satsen har hatt realnedgang dei siste åra, noko som aukar forskjellen i kommunale utgifter.

Tilskottsordninga kan også vere tema på konsultasjonsmøta mellom staten og kommunesektoren, med sikte på å få ei felles forståing av kva det kommunale opplæringsansvaret inneber.

Utvalet viser til situasjonen i Oslo, den klart største tilskottsmottakaren i ordninga, som har hatt ufullstendig rapportering til statens utdanningskontor. Også dette tilseier at tilskottssystemet må leggast om og forenklast, slik at det blir lettare å føre tilsyn med at dei enkelte elevane blir sikra likeverdige tilbod i tråd med lov og regelverk. Ein kan ikkje ha ulik praktisering av rapporteringsordningane i kommunane og såleis godta at denne typen regelverk blir handtert ulikt, med forskjellsbehandling av elevar som konsekvens.

Utvalet understrekar det statlege ansvaret når det gjeld opplæring for barn i statlege asylmottak. Når kommunane utfører tenester for staten, bør kommunane få full kompensasjon. Utvalet tilrår derfor at tilskottet til barn i asylmottak blir justert årleg for pris- og lønnsauke. Utvalet tilrår at kapittel 221 post 65.13 blir unnateken frå den manglande pris- og lønnsauken på 60-postene som har vore vanleg dei seinare åra. Fleirtalet i utvalet, alle unnateke medlemmen Båtsvik, tilrår at dersom det ikkje blir gjort eit slik unntak, bør tilskottet overførast til ein 21-post på statsbudsjettet. Mindretalet i utvalet, medlemmen Båtsvik, vil ikkje tilrå at tilskottet til opplæring for barn i statlege asylmottak blir overført til ein 21-post av omsyn til prinsippet om at oppgåver kommunane utfører for staten, ikkje bør finansierast over ein statleg driftspost. Statlege overføringar til særskilde formål i kommunesektoren skal vere 60-postar for å gjere det tydeleg kven som utfører oppgåva og korleis ho er finansiert.

Fleirtalet i utvalet, alle unnateke medlemmen Båtsvik, tilrår i tillegg at skoletillegget blir innlemma i det ordinære integreringstilskottet. Mindretalet i utvalet, medlemmen Båtsvik, vil ikkje tilrå at skoletillegget blir innlemma i det ordinære integreringstilskottet. Innlemming av den kommunale eigendelen til morsmåls- og norskopplæring vil vanskeleggjere Berekningsutvalet si kartlegging av kommunane sine utgifter på dei områda dette tilskottet er meint å skulle dekkje. Ei slik kopling til integreringstilskottet vil representere administrative meirkostnader og kunne forringe kvaliteten på oppfølginga av integreringstilskottsordninga. Tilskottet blir i dag rekna ut etter ein fast sats per månad for kvart barn i grunnskolealder som er i asylmottak i kommunen. Slik knyter ein utbetalinga av tilskott direkte til den aktuelle aldersgruppa. Ordninga er derfor truleg meir treffsikker med omsyn til dei reelle utgiftene kommunane har til undervisning av denne gruppa barn, enn tilfellet er dersom ein gjer om dette til eit element i integreringstilskotssatsen.

9.2 9.2 Tilrådingar vedr. tilskott til leirskoleopplæring

Fleirtalet i utvalet, alle unnateke medlemmen Olsen, tilrår å innlemme tilskottsordninga til leirskoleopplæring i rammetilskottet. Målsetjinga om at om lag 10 prosent av klassane i grunnskolen skal få eit leirskoleopphald er oppfylt, trass i at dei statlege satsane har gått ned dei siste åra. Dette tyder på lokal vilje til å prioritere tilbodet. Fleirtalet meiner vidare at innlemming i rammetilskottet vil vere meir i tråd med læreplanen etter Reform 97, der det er lagt vekt på å nytte fleire ute- og friluftsaktivitetar innanfor rammene av den vanlege undervisninga. Statstilskottet medverkar til å halde oppe ei førestelling om at kommunane gi eit tilbod om leirskoleopphald. Fleirtalet støttar intensjonen i lova om at det skal vere opp til lokale prioriteringar å velje kva for ute- og friluftsaktivitetar som ut frå lokale tilhøve passar best. I somme tilfelle kan dette vere leirskole, i andre tilfelle andre aktivitetar. Leirskolane må marknadsføre seg sjølve overfor kommunane som eit interessant alternativ i denne samanhengen.

Forslaget om innlemming i rammetilskottet vil innebere omfordeling av midlane mellom kommunane på lengre sikt. Ved innlemming av øyremerka tilskott er det vanleg prosedyre at det blir lagt til rette for ein overgangsperiode, slik at kommunane får tid til å tilpasse seg den nye finansieringsforma.

Fleirtalet vil samstundes gi uttrykk for uro over det aukande betalingspresset i samband med leirskoleopphald. Fleirtalet vil understreke at prinsippet om gratisundervisning må følgjast når ein klasse får leirskoleopplæring. Dette inneber at elevane ikkje skal betale for undervisninga i samband med opphald på leirskole. Fleirtalet er kjent med at kostnadene elles, blant anna til reise og opphald, er finanserte på ulikt vis. Kostnadene er delvis finansiert av kommunane, delvis gjennom foreldrebetaling og delvis gjennom andre inntekter.

Fleirtalet vil understreke den sosiale dimensjonen ved felles ekskursjonar og leirskoleopphald. Det er derfor viktig at alle elevane i ein klasse blir gitt høve til å delta i dei tilfelle der ein vel aktivitetar som har økonomiske konsekvensar for foreldre og barn. Fleirtalet vil oppmode kommunene til ei meir bevisst planlegging av friluftsaktivitetar og leirskoleopphald i opplæringa som varetek omsynet til gratisprinsippet og inkludering av alle elevar i dei ulike tilboda, slik at foreldreøkonomi ikkje blir til hinder for at elevane kan delta i felles aktivitetar saman med klassen.

Mindretalet i utvalet, medlemmen Olsen, tilrår framleis øyremerking av tilskottet til leirskoleopplæring. Medlemmen meiner dette er den einaste måten å sikre tenesta "forutsigbare og trygge" rammevilkår på. Leirskoleopphald er eit sjølvstendig pedagogisk tilbod, og opplæringa bør få ei tydelegare forankring i læreplanen. Når den nye læreplanen legg større vekt på å nytte fleire ute- og friluftsaktivitetar, er det meir eit argument for å styrkje leirskoletilbodet enn å svekkje det. Denne typen ute- og friluftsaktivitetar bør gå for seg heile året og på alle klassetrinn, medan elevane oftast får eit leirskoleopphald berre éin gong i løpet av grunnskoletida. Leirskoleopphald gir i tillegg elevane opplevingar frå naturområde og miljø dei ikkje er i til dagleg. Det er svært viktig at elevane får røynsle frå ulike naturmiljø, slik at dei blir trygge på dette.

Mindretalet vil minne om at gratisprinsippet må gjelde også ved leirskoleopphald. Når kommunane set i verk leirskoleopphald og leirskoleundervisning for elevane, er det ein del av grunnskoleundervisninga deira. Foreldra blir utsette for eit vesentleg økonomisk press når kommunen krev pengar for delar av tilbodet. Dette er i strid med gratisprinsippet i opplæringslova, fordi ein kan stille spørsmål om det faktisk er frivillig å delta. Eit viktig mål med leirskoleopphald er å utvikle klassemiljøet. Regelen om at kommunane skal gi elevar som av økonomiske grunnar ikkje dreg på leirskole eit anna tilbod, verkar stigmatiserande og er i strid med overordna mål i lov- og læreplanverk.

Staten bør derfor gjere det klart for kommunane at heile opphaldet skal vere gratis, også reise, opphald og losji. Heimkommunane til elevane bør derfor betale for reise, kost og losji, mens det statlege tilskottet bør dekkje kostnadene ved opplæringa. Dei statlege satsane bør hevast slik at dei dekkjer dei reelle kostnadene ved undervisninga, og satsane må justerast i takt med lønnsutviklinga for lærarane.

9.3 9.3 Tilrådingar vedr. tilskott til musikk- og kulturskolar

Fleirtalet i utvalet, alle unnateke medlemmen Moe, tilrår å innlemme tilskottet til musikk- og kulturskolane i rammetilskottet. Målet om å etablere tilbod i alle kommunar er praktisk talt oppfylt. Tilbodet er i tillegg sikra gjennom lovfestinga i opplæringslova. Det øyremerkte tilskottet har dermed mista si grunngiving i forhold til St.meld. nr. 23 (1992-93), jf. punkt 3.1.2. Den vidare utbygginga går på å utvide den generelle kapasiteten i musikk- og kulturskolen og å utvide tilbodet til fleire kunst- og kulturformer. Fleirtalet meiner at ein ikkje treng eit øyremerkt tilskott for å oppnå dette. Ved innlemming vil ein også kunne redusere administrative kostnader både på statleg og kommunalt nivå.

Fleirtalet vil elles vise til kapittel 6, der ECON viser at dess høgare frie inntekter ein kommune har, dess høgare aktivitet er det ved dei kommunale kultur- og musikkskolane.

Forslaget om innlemming i rammetilskottet vil innebere omfordeling av midlane mellom kommunane på lengre sikt. Ved innlemming av øyremerkte tilskott er det vanleg prosedyre at det blir lagt til rette for ein overgangsperiode, slik at kommunane får tid til å tilpasse seg den nye finansieringsforma.

Fleirtalet føreset at det framleis skal vere tak på eigenbetalinga frå brukarane.

Mindretalet i utvalet, medlemmen Moe, tilrår framleis øyremerking av tilskottsordninga.

Øyremerkinga er eit viktig verkemiddel i den vidare utbygginga av musikk- og kulturskolane. Sjølv om alle kommunar no har tilbod, varierer elevtala mykje. Oslo har til dømes berre 2,2 prosent av elevane i musikk- og kulturskolane, medan landsgjennomsnittet ligg på om lag 12 prosent. Overgang til finansiering gjennom rammetilskottet vil derfor gje urimelege omfordelingseffektar - pengar frå kommunar med godt utbygde tilbod vil bli flytte til Oslo med dårleg tilbod. Det er nødvendig å heve det statlege tilskottet for at det skal samsvare med Stortinget sine intensjonar. Det er betre å bruke auken til å gi høgare tilskot der det er elevar enn å bruke det til å jamne ut omfordelingseffekten – det vil snarare føre til nedgang enn auke i kommunar med høge elevtal i musikk- og kulturskolane.

Mindretalet meiner tildelingskriteria i tilskottsordninga bør bli enklare og bør endrast på følgjande punkt:

  • Kravet om minst 50 prosent kommunal eigendel bør fjernast. Den kommunale eigendelen blir likevel regulert indirekte når ein har ein fast tilskottssats per time (ev. knytt til elevtalet), og det er sett tak på eigenbetalinga frå brukarane. Det er heller ikkje kostnadseffektivt å krevje at kommunen skal "konstruere" ein eigendel på 50 prosent av driftsutgiftene.
  • Ordninga med tilskott til timar som blir selde, er komplisert og bør forenklast. Her må ein ta særleg omsyn til kor, korps og dirigentordning. Ein bør kunne gi statsstøtte til sal av timar til kor, korps og dirigentordning når timane hovudsakleg har deltakarar under 20 år, salsinntekta ikkje er høgare enn 70 kroner per time og volumet på det samla salet av timar ikkje er høgare enn talet på undervisningstimar i eigen regi.
  • Satsen for statsstøtte må aukast vesentleg for å vere i samsvar med intensjonane til Stortinget, jf. kapittel 4.3.2.
  • I 2001 bør ein ikkje kunne ta høgare skolepengar enn 2000 kroner.

9.4 9.4 Tilrådingar vedr. tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga

Utvalet understrekar det statlege ansvaret for opplæring innanfor kriminalomsorga. Når fylkeskommunane utfører tenester for staten, bør dei få full kompensasjon. Avtalen mellom staten og fylkeskommunane inneber 100 prosent finansiering av tenestene på dette området. Dette medfører at aktiviteten går ned når tilskottet går ned. Ein nedgang i aktiviteten er ikkje i tråd med Stortinget sine intensjonar på området. Utvalet tilrår derfor at kapittel 231 post 61 blir unnateke frå den manglande pris- og lønnsauken på 60-postane som har vore vanleg dei seinare åra. Fleirtalet, alle unnateke medlemmen Båtsvik, tilrår at dersom det ikkje blir gitt eit slik unntak, bør tilskottet overførast til ein 21-post. Staten kjøper sjølve undervisningstenesta av fylkeskommunane, og plassering på ein 21-post vil gjere det statlege ansvaret tydeleg og sikre "forutsigbare og trygge rammevilkår".

Mindretalet i utvalet, medlemmen Båtsvik, vil ikkje tilrå at tilskottet til opplæring innanfor kriminalomsorga blir overført til ein 21-post, av omsyn til prinsippet om at oppgåver som kommunane utfører for staten ikkje bør finansierast over ein statleg driftspost. Statlege overføringar til særskilde formål i kommunesektoren skal vere 60-postar for å gjere det tydeleg kven som utfører oppgåva og korleis ho er finansiert.

Utvalet vil også vise til at det er sett i gang ei omfattande evaluering av opplæringa, ho vil vere ferdig våren 2003.

9.5 9.5 Generelle merknader til tilrådingane

Tilrådingane må sjåast i samanheng med det samla opplegget for kommuneøkonomien. Utvalet vil vise til at Regjeringa i kommuneøkonomiproposisjonen for 2001 la fram ein plan for innlemming/avvikling av øyremerkte tilskottsordningar. Regjeringa viser her til arbeidet i utvalet, og seier at ein når utvalet sin rapport ligg føre, vil vurdere om tilskott til leirskoleopplæring og tilskott til musikk- og kulturskolar bør innlemmast i inntektssystemet i 2001. I Innst. S. nr. 252 (1999-2000) seier eit fleirtal i kommunalkomiteen seg samd i intensjonane i Regjeringa sin plan for innlemming/avvikling av øyremerkte tilskott.

Utvalet vil også påpeike at staten bør nytte mest mogleg einsarta styringsverkemiddel på dei ulike sektorane. Utvalet ser det som uheldig dersom andre sektorar, til dømes helse- og sosialsektoren, skulle ha relativt mange fleire øyremerkte tilskott enn utdanningssektoren. Dette vil kunne leggje eit ytterlegare press på dei frie kommunale midlane som mellom anna skal nyttast på utdanningssektoren.