Opptil 4 milliardar kroner meir til kommunesektoren i 2017

Regjeringa la 11. mai fram kommuneproposisjonen for 2017. Kommunesektoren får ein vekst i frie inntekter på mellom 3,75 og 4 milliardar kroner. Regjeringa legg også fram forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane.

Regjeringa sitt forslag til vekst i inntektene gir kommunane eit godt grunnlag til å satse vidare på viktige velferdstenester som barnehage, skole, barnevern og helse- og omsorgstenester. Innanfor veksten i frie inntekter er det lagt inn 300 mill. kroner for å styrke arbeidet med oppbygginga av rusomsorga. For å halde tritt med utviklinga i befolkninga, må kommunane bygge ut tenestene. Veksten i inntektene tar omsyn til at behovet for tenester veks.

Regjeringa legg også fram endringar i sjølve inntektssystemet for kommunane. Forslaga er i tråd med avtala som er inngått mellom regjeringspartia og Venstre i Stortinget. Med desse endringane vil vi få eit inntektssystem som er meir nøytralt ved kommunesamanslåingar enn systemet vi har i dag. Eit nytt inntektssystem for kommunane er ei oppfølging av Sundvolden-plattforma, som varsla ein gjennomgang av inntektssystemet til kommunane.

Meir om endringar i inntektssystemet med tabellar per kommune