Kommunalnytt nr. 6 2018

Nyhetsbrev frå Kommunalavdelinga om kommune- og fylkesforvaltning

Innhald:

  • Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)
  • TBUs opne fagseminar 6. desember 2018: "Kommunene og morgendagens velferdssamfunn"
  • Høyring om forslag til endringar i valforskrifta
  • Status for IKT-arbeidet i kommunar i kommune- og regionreforma
  • Nye rapportar om digitale verktøy for e-demokrati
  • Styrker fylkeskommunane med nye oppgåver
  • Innovasjonsdøme: Stavanger kommune

Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)

Bilde av ulike sider i TBU-rapporten

TBU la tysdag 20. november fram haustrapporten for 2018. Rapporten tek sikte på å gi informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.

Rapporten inneheld mellom anna situasjonsforståinga til utvalet. Utvalet skriv at gode driftsresultat i 2015-2017 har bidrege til at talet på kommunar i ROBEK er kraftig redusert, og det var ved utgangen av oktober 2018 berre 17 kommunar i ROBEK. Dette er det lågaste talet som har vore i ROBEK sidan registeret ble oppretta i 2001. Svakare auke i inntektene og høgare aktivitetsvekst i 2018 samanlikna med tidlegare år kan tyde på at driftsresultata vil bli lågare enn i 2017, men utvalet ventar at netto driftsresultat i 2018 for sektoren vil liggje over det anbefalte nivået på 2 prosent av driftsinntektene. Investeringsnivået i kommunesektoren har vore høgt gjennom fleire år og bidrar til at gjeldsnivået over tid har auka. Høgare gjeldsnivå bidrar til at kommunesektorens økonomi blir meir sårbar for ei høgare rente som er venta.

Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi - november 2018 (pdf)


TBUs opne fagseminar 6. desember 2018: "Kommunene og morgendagens velferdssamfunn"

Foto: NHH, SSB, UiO

Ei eldre befolkning og eit avgrensa rom for auka bruk av oljeinntekter bidrar til endringar for kommunane framover. Velferd som vert levert av kommunane heng tett saman med utviklinga i inntekter og utgifter for stats- og kommuneforvaltninga sett under eitt.

På seminaret ser seniorforskar Erling Holmøy ved Statistisk sentralbyrå nærare på problem ved finansieringa av velferdsstaten, medan tidlegere rektor og professor Victor Norman ved Norges Handelshøyskole spør om velferdsstaten vil reparere seg sjølv. Signy Irene Vabo, professor ved Institutt for Statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, gir perspektiv på balansen mellom statleg styring og kommunalt handlingsrom. Terje P. Hagen, professor ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo og Mette Gro Iversen, kommunaldirektør for helsevern og sosialomsorg i Ullensaker kommune, vil gi sine perspektiv for morgondagens omsorgstenester.

Påmeldingsfrist: 29. november 2018
Påmelding her


Høyring om forslag til endringar i valforskrifta

Bilde av en valgurne
Foto: Thomas Ekstrøm

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 1. november på høyring forslag til endringar i valforskrifta. Eit av forslaga er at det skal forskriftsfestast at den førebelse oppteljinga skal skje manuelt.

Departementet har evaluert gjennomføringa av stortingsvalet i 2017, og har i samanheng med det vurdert korleis ein kan ivareta tryggleik og tillit ved framtidige val. Departementet meiner det ikkje må vere noka usikkerheit rundt oppteljinga, og ønsker i større grad å sikre to uavhengige oppteljingar. Det er derfor no lagt fram eit forslag om at den foreløpige oppteljinga av både førehandsstemmer og valtingsstemmer skal skje ved manuell oppteljing. Dette sikrar at alle stemmesetlane vert telt manuelt minst ein gong.

Departementet foreslår òg nokre endringar på utforminga av stemmesetelen. Bakgrunnen for dette er at enkelte kommunar skal velje fleire representantar enn det er plass til på dagens setlar.

Høyringsnotatet inneheld òg nokre forslag til endringar som følgje av endringane som vart vedtatt i vallova 4. juni.

Høyringsfristen er 13. desember.
Lenke til høyringa.


Status for IKT-arbeidet i kommunar i kommune- og regionreforma

Foto: Colourbox

På oppdrag frå Kartverket har Kantar TNS gjennomført ei spørjeundersøking for å kartleggje status for IKT-arbeidet i kommunar som skal slå seg saman og kommunar i fylke som skal slå seg saman.

Kommunane er stort sett godt i gang, men framleis er det att mykje jobb på IKT-feltet for kommunar som anten skal gjennom ei kommunesamanslåing eller vert påverka av fylkessamanslåing i 2020 (lenke til Kartverket).

Det er viktig at kommunar som skal slå seg saman, og kommunar i fylke som skal slå seg saman gjør den nødvendige jobben og ved behov får på plass avtaler med sine leverandørar snarast mogleg slik at det ikkje vert utfordringar fram mot 2020.

Kartverket i samarbeid med Difi og KS skal arrangere ei workshop om IKT-status 4. desember. Kommunar som skal slå seg saman og IT-leverandører inviterast for å diskutere muligheitene og utferdingane.


Nye rapportar om digitale verktøy for e-demokrati

Foto: Liquid Feedback

Kommunal- og moderniseringsdepartementet lanserte i oktober fem rapportar om digitale verktøy for innbyggjarmedverknad.

E-demokrati handlar om å bruke internett for å bidra til brei deltaking i politiske avgjerdsprosessar. Alle kommunane har eigne heimesider og mange er til stades på plattformer som Facebook. I rapportane undersøker ein verktøy som kan gjere dialogen mellom innbyggjarar og kommunen betre og som inviterer innbyggjarane til å kome med og diskutere forslag, bidra i budsjettarbeid og stemme på forslag andre har kome med.

Hovudrapporten inneheld ei kartlegging av 43 ulike verktøy for medverknad og gir eit oversyn over ulike typar verktøy og kva dei blir brukt til. Dei fire andre rapportane går meir i detalj på fire utvalde verktøy.

Rapportane skal bidra til å inspirere kommunane til å ta i bruk nye metodar i lokaldemokratiarbeidet. Dei verktøya som er trekt fram er ikkje tilrådingar frå departementet, men er meint å bidra til å opplyse om kva moglegheiter som finst for å involvere innbyggjarane på nye plattformer. Den enkelte kommune må så sjølv vurdere om dei vil ta i bruk denne type verktøy og eventuelt kva verktøy.

Rapportane er utarbeidd av Funka på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Rapportane skal framover følgjast opp med praktisk utprøving av verktøyet Liquid Feedback i to kommunar.

Meir informasjon på nettsidene til KMD 

Rapportane:


Styrker fylkeskommunane med nye oppgåver

Foto: KMD

Kommunal- og moderniseringsdepartementet la 19. oktober 2018 fram stortingsmeldinga om oppgåver til dei nye regionane. Fylkeskommunane blir større og betre i stand til å utvikle fylka i tråd med regionale behov og moglegheiter.

Regjeringa overfører oppgåver og virkemiddel på område der fylkeskommunane allereie har ansvar og kompetanse. Dette styrker fylkeskommunane som samfunnsutviklarar, slik at dei kan utvikle fylka i ønska retning.

Stortingsmeldinga er ein oppfølging av Hagen-utvalet, som vurderte nye oppgåver til fylkeskommunane.

Kompetanse, integrering og samferdsel
Fylkeskommunane får meir ansvar for kompetanse og integrering, næringsutvikling og samferdsel. Mellom anna skal fylkeskommunane overta den delen av Sams vegadministrasjon som gjeld fylkesvegane slik at dei sjølve får ansvaret for å utgreie, planlegge, bygge, drifte og vedlikehalde fylkesvegane.

Fylkeskommunen får òg eit meir heilskapeleg ansvar for å sikre at innbyggarane har den kompetansen samfunnet og det lokale næringslivet treng. Ei viktig samfunnsoppgåve framover, vil vere å bidra til at fleire innvandrarar deltek i arbeidslivet. Dette kan bidra til auka sysselsetting og lågare arbeidslause, sier statsråden.

Viktig næringspolitisk aktør
Regjeringa vil styrke fylkeskommunane som næringspolitisk aktør. Med sin nærleik til næringslivet, kompetansemiljø, utdanningsinstitusjonar og regionale partnarskap, veit fylkeskommunane best kva som trengst for å styrke bedriftene sine utviklingsmoglegheiter og kva som fremmar utvikling i regionen.

Mellom anna vil oppdragsgjevaransvaret for næringshageprogrammet, inkubatorprogrammet, mentorprogrammet, bedriftsnettverk og delar av etablerertilskotet overførast frå staten til fylkeskommunane. I tillegg skal regjeringa gå gjennom heile det næringsretta verkemiddelapparatet for å sjå om fleire oppgåve bør flyttast til fylkeskommunane.

Styrker Nord-Norge
Regjeringa vil styrke dei nordlegaste fylka og foreslår at Troms og Finnmark fylkeskommune får ansvar for om lag halvparten av midlane i tilskotsordninga Arktis 2020, i nært samarbeid med Nordland. Det skal også opprettast eit sekretariat for regionalt nordområdeforum i Vadsø.

Mange oppgåver vert no foreslått flytta frå staten til dei nye fylkeskommunane. Slik får fylkeskommunane eit meir heilskapleg ansvar for viktige samfunnsoppgåver, som samferdsel, kompetanse og næringsutvikling. Regional tilpassing vil gi effektiv styring og betre løysingar for innbyggarar og næringsliv.

Nokre oppgåveområde skal utgreiast vidare. Det gjeld mellom anna innanfor kulturfeltet, der det skal leggast fram ei kulturmelding som vil varsle eit større fylkeskommunalt ansvar for kulturoppgåver enn i dag.

Stortingsmeldinga om oppgåver til dei nye regionane kan du lese her


Innovasjonsdøme: Stavanger kommune

Foto: KMD

Stavanger kommune var først ute i landet, då dei i 2017 gjekk inn i innovasjonspartnarskap for å få utvikle nye løysningar.

Innovasjonspartnarskap er ein ny type innkjøp der ein i eit og same innkjøp kan både få utvikle og kjøpt ein ny, innovativ løysning eller teneste. Dette legg til rette for tettare og betre samarbeid mellom offentlege og private aktørar.

Stavanger tenkte nytt om korleis heildøgnspasientar kan få auka livskvalitet, og innleia eit innovasjonspartnarskap med to leverandørar i helsesektoren. Dette har ført til utviklinga av aktiviseringsroboten Berntsen, som skal motivere og hjelpe brukarane til å meistre kvardagen, og smartrullatoren frå TOPRO Industri AS, som kan kommunisere med brukar og hjelparar gjennom smarte applikasjonar. Roboten og smartrullatoren er no under utprøving.

Meir om innovasjonspartnarskap finn du her.