Regionalnytt 7 2015

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om at veksten i folketalet minkar, innspel til stortingsmeldinga og kompetanseutviklingsprosjekt.

INNHOLD


Lågaste vekst i folketalet sidan 2006

Redusert arbeidsinnvandring frå Aust-Europa og fleire svenskar som flytter frå Noreg enn hit til landet, er hovudårsakene til at veksten i folketalet minkar.

Fødselstala ligg stabilt. Talet på arbeidsinnvandrarar er redusert med ca. 17 000 sidan toppåret 2012. Talet på asylsøkjarar gjekk kraftig opp i tredje kvartalet 2015, men dei blir ikkje registrerte i statistikken før dei har fått innvilga opphald. 

Overslag frå UDI viser at talet på asylsøkjarar i 2015 vil auke med ca. 20 000, samanlikna med dei siste åra. Truleg vil om lag 60 prosent av desse få opphald. UDI understreker at dette overslaget er usikkert. Få av dei asylsøkjarane som er komne etter august i århar fått behandla søknadane sine.

Mindre auke i folketalet

Då Statistisk sentralbyrå (SSB) offentleggjorde den førre framskrivinga av folketalet sommaren 2014, synte berekningane at folketalet i 2015 ville auke med ca. 58 082. Dersom trenden frå dei tre første kvartala i år held fram, kjem dette talet til å bli ca. 48 000.

Kan ha økonomiske årsaker

Årsaka til den reduserte veksten i folketalet er redusert nettoinnvandring. Færre kjem til Noreg, og fleire reiser frå landet.

Auka arbeidsløyse og lågare vekst i norsk økonomi er ein viktig del av forklaringa.

Dei økonomiske utsiktene for EU-landa er òg lysare enn før, så økonomiske forhold er truleg den største årsaka til at veksten i arbeidsinnvandringa har minka. I 2015 har SSB rekna med ein vekst i bruttonasjonalproduktet (BNP) i Noreg på 1,3 prosent, medan Det internasjonale pengefondet (IMF) meiner at EU-landa vil få ein vekst på 1,5 prosent.

Størst vekst i Oslo

I alle fylka i Noreg har folketalet auka fram til no i 2015, men veksten er ikkje jamt fordelt utover landet. I fleire distriktsfylke ville folketalet minka utan innvandring. Dette gjeld fylka Hedmark, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Til no i 2015 har 274 kommunar hatt folkeauke. Utan nettoinnvandring frå utlandet ville dette talet vore 171.

 

Størst innvandring av polske, svenske og syriske statsborgarar i tredje kvartal 2015

Nok ein gong var polakkane klårt største gruppe av dei utanlandske statsborgarane som innvandra, og var om lag like mange som dei to neste gruppene, svenske og syriske statsborgarar, samla. Den fjerde største gruppa som innvandra i tredje kvartal var statsborgarar frå Litauen. Kjelde: SSB

 

 

 


Innspel til ny stortingsmelding tikkar inn

Arbeidet med ny stortingsmelding om bærekraftige byar og sterke distrikt er godt i gong. Kommunal- og moderniseringsminisiter Jan Tore Sanner oppmodar til innspel frå heile landet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet førebur ei melding til Stortinget om berekraftige byar og sterke distrikt. Statsråd Jan Tore Sanner vil gjerne ha innspel frå folk og organisasjonar. Han treff difor representantar frå kommunar og fylke, organisasjonar og næringslivet til innspelsmøte i ulike delar av landet.

Gode innspel

Til no har statsråden fått gode innspel om utfordringar kring vekst og vern i verneområde, reiseliv i innlandet, storbyane sine særskilde utfordringar og kring bærekraftig byutvikling. Innspillsmøta har vore i Hafjell, Oslo og Hønefoss.

10. desember var det innspelsmøte i Ålesund. Der trefte statsråden næringsrepresentantar og lokale og regionale politikarar for mellom anna å diskutere blå næringar, og sjølvsagt samspelet mellom by og distrikt.

- Desse møta er eit godt høve til å ta greie på kva ein er opptekne av rundt i landet, seier Sanner. Denne stortingsmeldinga skal handle om både byar og distrikt – område som vanlegvis blir handsama kvar for seg. Eg meiner me treng sjå desse områda i samanheng. Berre slik kan vi leggje til rette for at omstillinga landet er inne i fører til ei berekraftig samfunnsutvikling i alle delar av landet.

Det er òg planlagd eit innspelsmøte i Arendal 19. januar 2016.

Alle kan sende innspel til departementet via nettsida www.byerogdistrikter.no. Her finn ein òg meir informasjon om meldingsprosessen.

 


Regjeringa styrker kompetansen i regionalt næringsliv

Ti regionale næringsklynger får nær 17 millionar kroner til å utvikle kompetanseprogram for det lokale næringslivet.

- Medarbeidarar med rett kompetanse er noko av det viktigaste for bedriftene. Det er viktig for regional utvikling, og ikkje minst for omstillingsevna til bedriftene. Målet med kompetanseutviklingsprosjekta er å sikre næringslivet i distrikta tilgang på kompetent arbeidskraft, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.


Større utviklingskapasitet enn ein trur

– Eg trur dei fleste kommunar vil finne ut at kapasiteten er større enn dei anar, seier seniorrådgjevar Torbjørn Wekre i Distriktssenteret. Nye kommunestyre er på plass, og det er eit godt tidspunkt for å kartleggje den samla utviklingskapasiteten i kommunen, meiner han.

I haust gav Distriktssenteret ut læringsheftet «Utviklingskapasitet». Målet er å inspirere kommunane til å styrkje utviklingskapasiteten sin.

Utanfor rådhuset

Utviklingskapasitet er summen av fem komponentar: leiing, kompetanse, utviklingskultur, økonomi og tidsressurs. God kapasitet handlar blant anna om folks engasjement for samfunnsutvikling. Kapasiteten finst ikkje berre på rådhuset.

– Leiarar i kommuneorganisasjonen tenkjer gjerne: Kor mange stillingar har vi, kor mykje pengar har vi, kva kompetanse? Men den samla utviklingskapasiteten i eit lokalsamfunn omfattar òg næringslivet, frivillig innsats og folk flest. Mange kommunar vil ha mykje å hente ved å arbeide saman med den private og den frivillige sektoren, seier Torbjørn Wekre.

Utviklingskultur

Torbjørn Wekre trur at verdien av ein positiv utviklingskultur ofte blir undervurdert i arbeidet med samfunnsutvikling.

– Føresetnaden for ein god utviklingskultur er høg tillit mellom folk på tvers av sektorar i lokalsamfunnet. Tillit er ikkje noko som kan vedtakast; det utviklar seg over tid. Tillit har gode vekstvilkår når deltakarane kjenner seg som likeverdige partnarar i ein fellesskap der ein tek vala i lag, der alle gjer sitt beste, og der det ikkje finst skjulte agendaer. Når ein lukkast eller mislukkast med eit tiltak, ein prosess eller eit arrangement, veit alle kvifor. Mange er med og deler æra og «feirar» suksessane, og ein peikar ikkje ut enkeltpersonar til syndebukkar. Lokalsamfunn som har ein slik kultur som kjennemerke, styrkjer ikkje berre utviklingskapasiteten sin, men evnar å nytte han ut og skape mykje god samfunnsutvikling, seier Wekre.

Han understrekar at det å endre eit samfunn tek tid.

– Det er ikkje noko du oppnår i eit prosjekt på eitt eller to år. Ein kommunestyreperiode er òg eit kort perspektiv. Skal du endre eit samfunn radikalt, tek det minst 20 år. Men éin stad må ein begynne, seier han.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken

Torbjørn Wekre, seniorrådgjevar ved Distriktssenteret.
– Den samla utviklingskapasiteten i eit lokalsamfunn omfattar kommuneorganisasjonen, næringslivet, frivillig innsats og folk flest, seier Torbjørn Wekre, seniorrådgjevar ved Distriktssenteret. Foto: Distriktssenteret

 


Nordre Land kommune prioriterar langsiktig samfunnsutvikling

– Bli einige om retning og mål. Involver mange og skap forpliktande samarbeid. Hugs å lyfte fram eldsjelene og feire dei små, søte suksessane. Det er råda frå Nordre Land.

Distriktssenteret peikar på Nordre Land som ein kommune med ein offensiv og positiv utviklingskultur. Sidan 2010 har kommunen retta merksemda på landsbyliv.

Koplingsboks

– Samfunnsutvikling er eit kontinuerleg arbeid. Kommunen må tenkje langsiktig, og arbeidet må forankrast i planverket. Politiske vedtak viser at «dette er noko vi vil», seier næringsrådgivar Stine Røen.

Kommunen brukte bulystprosjektet "Ekte landsbyliv" til å rigge seg som ein utviklingsorganisasjon.

– Kommunen er tilretteleggjar og koplingsboks. Ein må knyte ressursane saman, slik at verdifull kompetanse ikkje forsvinn om prosjektleiaren byter jobb. Like fullt trur eg det er viktig at ein i starten har ein dedikert person med overordna ansvar for å tenkje utviklingsarbeid, og ein overordna plan for kvar ein ynskjer å gå, seier rådgjevar Ingrid Bondlid.

Grip sjansar

Kommunen arbeidar kunnskapsbasert og systematisk.

– Men ikkje alt kan planleggjast. Følgjer du planane for slavisk, risikerer du å oversjå nye vegar. Ein utviklingsorganisasjon må kunne identifisere utviklingskraft, vere open for innspel og gripe sjansar, seier Røen og Bondlid.
Bulystprosjektet arrangerte landsbyråd, slik at innbyggjarane fekk seie si meining.

– Det er tidkrevjande, men effektivt for å spreie eigarskap og engasjement, seier dei.

Element som kommunen ville arbeide vidare med etter bulystprosjektet, er tekne med i den strategiske nærings- og utviklingsplanen.

Ville kvarandre vel

– Det er viktig med synlege resultat på vegen, samtidig som ein arbeider mot mål langt der framme. Landsbyfest og landsbykonferanse er døme på det, og det vil vi halde fram med, seier dei.

– Kva må til for å halde oppe utviklingstrykket?

– Mykje handlar om kommunikasjon, samhandling og nettverk, og om evne til å gjennomføre og stadig tenkje på nye måtar. Legg ut på facebook, vis fram det som skjer, ver litt frampå. Vi må heie på eldsjelene, feire suksessane og ville kvarandre vel. Landsbyomgrepet har fest seg hos både næringslivet og dei frivillige, og mange brukar det no. Ekte landsbyliv har kome for å bli, seier dei.

Tekst: Hanne Løkås Veigård

  

Landsbystatus og prosjektet Ekte Landsbyliv har bidrege til at Landsbyen Dokka har fått mykje positiv merksemd og interesse frå andre. Interessa kjem både frå stader som også ønskjer å bli landsby, og frå andre som arbeider med tilsvarande utviklingsprosjekt. Foto: Nordre Land kommune

 


Nye og meir brukarvennlege nettsider for Interreg

Nye Interreg.no. har fleire dybdeartiklar som synleggjer kva for ein verdi prosjekta har hatt for folk og næringsliv. Dei nye nettsidene byr i tillegg på eit enklare søkesystem mellom anna når det gjeld søk etter programinformasjon, arrangement og utlysingar. Dei nye nettsidene har òg fleire spissa tema.

– Interreg.no. gir norske prosjektdeltakarar høve til å utveksle kunnskap, kompetanse og erfaringar med aktørar frå heile Europa. Dette er kjernen i Interreg; å byggje vidare på det som er best og har størst overføringsverdi for dei problemstillingane vi jobbar med her heime, seier Torkil Marsdal Hanssen, redaktør for Interreg.no.

-  For meg er det viktig at sidene hjelp til å auke interessa for og synleggjere moglegheitene som ligg i Interreg-programmet. Dette gjeld ikkje minst verksemder som tidlegare ikkje har delteke i Interreg, seier statssekretær Grete Ellingsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Interreg blei etablert i 1990 for å styrkje naboregionar i EU. Noreg har delteke sidan 1996.

 

Portrettbilde av Grete Ellingsen ved kontopulten.
Grete Ellingsen er ny statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho arbeider mellom anna med regional- og distriktspolitikken.

 


Samlar 39 kommunar i ambisiøs, svensknorsk klimasatsing

Dei neste tre åra skal 39 kommunar i Akershus, Østfold og Västra Götaland finne løysingar på korleis dei skal nå eit felles mål om å vere uavhengige av fossile brensel innan 2030.

Det ambisiøse, svensknorske klimamålet er allereie underskrive av alle dei 39 kommunane i grenseregionen Østfold-Follo-Fyrbodal. Gjennom det treårige Interreg-prosjektet «Hele grønne vegen» skal den grenseoverskridande klimapartnarskapen leggje slagplanen for korleis bilparken skal bli fossil-fri innan 2030.

 


Større kommunar deltek oftare i EU-program

Dei største kommunane tek i større grad del i EU-prosjekt enn små kommunar. Store kommunar har ikkje berre tilgang på meir personell og kompetanse, dei har òg større budsjett. Dette kjem fram i NIBR sin rapport EU-programmer: deltagelse og nytte for kommunesektoren.

Rapporten viser at norske kommunar og fylkeskommunar er representerte i mange samarbeid med europeiske partnarar. Over 60 prosent av kommunane og alle fylkeskommunane (inkl. Oslo) har vært med i prosjekt under sektorprogramma i EU, Interreg eller EØS-midlane i 2007-2013. Innsatsen er til dømes knytt til verdiskaping, forsking, infrastruktur og utvikling og innovasjon og er forankra i lokale og regionale planar og strategiar.

- Større regionar kan betre mobilisere aktørar og legge til rette for samarbeid mellom offentlege og private aktørar i sine område. Dermed blir dei meir attraktive også for europeiske partnarar. Dette heng godt saman med regjeringa sine tankar om kommune- og regionreform, sa statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey. Han poengterte dette på eit seminar om "om norske kommunar og regionar si rolle i eit stadig meir integrert Europa" i regi av Osloregionens Europakontor i Oslo Rådhus 27. november. Foto: (Torbjørn Tandberg/KMD)

 


Nye rapportar

 

  • Det ligg mange moglegheiter i innvandringa. Det kjem fram i NIBR si nye studie Sysselsetting av innvandrere – regionale muligheter og barrierer for inkludering. Vidare næringsutvikling i alle deler av landet føreset tilgang på tilstrekkeleg og relevant arbeidskraft. Flyktningar og andre innvandrarar, der ein stor del er i yrkesaktiv alder, utgjer ein viktig arbeidskraftreserve. Studien, som er bestilt av Distriktssenteret og IMDi, viser mellom anna at innvandrarar som har norske vener og deltek i frivillige organisasjonar har langt høgare sysselsetting enn innvandrarar utan slike nettverk.
  • Utviklingsprogrammet for byregionar starta i 2014. Programmet skal styrke vekstkrafta for byregionane som er med i programmet. Det skal òg auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland. Dei 33 byregionane som deltok i fase 1 fekk alle utarbeida ein samfunnsanalyse som ligg til grunn for val av tema når det skal utviklast strategiar og tiltak for i fase 2. I rapporten Byregionprogrammet fase 1: "Gjennomgang av 33 samfunnsanalyser" har NIBR på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet og Kompetansesenter for distriktsutvikling, summert opp dei 33 samfunnsanalysane. 

 


Kva skjer?

1) Seminar om Smart Spesialisering, 12. januar 2016, Oslo.
Seminaret har som formål å starte dialog mellom sentrale aktørar på Østlandet om samarbeid innan forsking og innovasjon og ein mogeleg strategi for smart spesialisering. Målgruppa er politikarar og fylkeskommunane, regionkontora til Innovasjon Noreg, universitet og høgskular, forskingsinstitutt, næringslivsnettverk/klynger og andre organisasjonar lokalisert på Østlandet. Østlandssamarbeidet er arrangør.

2) Nordlandskonferansen 2016, 12.-14. januar, Bodø.
Hovudtema for konferansen er "Neste generasjon". Konferansen presenterer trendar som former neste generasjon Nordland innan kompetanse, arbeidsplassar, by og regionutvikling med meir. Det er Nordland fylkeskommune som arrangerer konferansen.

3) Trøndelagsmøtet, 14.-16. januar, Stjørdal.
Gründerskap er hovudtema. Målgruppa er mellom anna politikarar, representantar frå næringslivet, kunnskapsmiljøa, offentleg verksemd og andre samfunnsaktørar. Trøndelagsmøtet arrangerast av Trøndelagsrådet – eit politisk samarbeidsorgan mellom dei trønderske fylkeskommunane, samt Trondheim og Steinkjer kommune.

4) Kunnskap for framtidas byar, 20. januar 2016, Oslo.
Kva må vi vite for å utvikle bærekraftige og attraktive byar? Forskingsrådet startar ein ny satsing på byforsking til våren. Konferansen skal gi innspel om kunnskapsbehov og -produksjon på feltet, og sjå på kva som vil påverke framtidas byar. Målgruppa er forskarar, urbanister, forvaltning, politikare, næringsliv, media og andre interesserte. 

5) Nettverkssamling Byregionprogrammet, 2. -3. februar 2016, Gardermoen
På programmet står mellom anna framdrift og resultat i Byregionprogrammet, verdien av samarbeid mellom by og omland for å skape regional vekst og gode eksempel frå byregionar. Meir utfyllande program kjem. Samlinga blir arrangert  av Distriktssenteret.

6) Kirkeneskonferansen 2016, 10. – 11. februar, Kirkenes.
På konferansen ser dei på ulike sider av nordområdeutviklinga innanfor politikk, nærings- og samfunnsutvikling. Konferansen er eit samarbeid mellom Sør-Varanger kommune, UD, Kirkenes næringshage og Barentssekretariatet.

  


Lenker til andre nettsider og nyheitsbrev  


Om Regionalnytt

Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu.
Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen.
Redaksjonsmedarbeidarar: Seniorkonsulent Beate Solem. 

E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

Av- og påmelding

Tidligere utgaver av Regionalnytt