Regionalnytt 3 2016

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om omstillingsmidlar til Sør-Varanger, utlysning av midlar til forsking og innovasjon, norske brakkar til nødhjelp og tilskot til forsøk på å forenkle utmarksforvalting.

INNHELD


Omstillingsmidlar til Sør-Varanger kommune

- Konkursen i Sydvaranger gruver har skapt ein vanskeleg situasjon både for mange innbyggarar og Sør-Varanger kommune. Det er krevjande for eit lokalsamfunn å miste så mange arbeidsplassar over natta, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår å løyve 40 millionar kroner, 20 millionar i 2016 og 20 millionar i 2017.


Utlysning av midlar til vidare regional satsing på forsking og innovasjon

Forskingsrådet har lyst ut midlar til regionalt arbeid for mobilisering til forskingsbasert innovasjon i perioden 2017-2019. "Regional satsing" byggjer på og fører vidare erfaringane frå programma Forskingsløft i Nord (Nordsats) og Verkemidla for regionalt FOU og innovasjon (VRI).


Samisk kunnskap for samisk samfunnsutvikling

Sametinget har for første gong laga ei eiga melding om høgare utdanning og forsking. Meldinga byggjer på vurderingar Sametinget har om det som trengst for ei god utvikling av samisk språk, kultur og samfunnsliv.

– Sametinget meiner det bør byggjast opp eit forskingsbasert reindriftsfagleg utdanningstilbod på master- og doktorgradsnivå, seier Thomas Åhrén i Sametingsrådet. Sametinget ynskjer òg utdanning opp til doktorgradsnivå for samisk språk, duodji, samisk tradisjonell kunnskap, samisk historie og samisk musikk med joik.

Samisk innovasjon og kunnskap

I Sametingsmeldinga om forsking og høgare utdanning blir det vist til at det trengst kunnskap om entreprenørskap og innovasjon. Ifølge Thomas Åhrén er ein eigen samisk innovasjonsmodell, som tek omsyn til kultur, geografi og næringsstrukturen i dag, noko ein må sjå nærare på.

- Modellen må byggje på teori, praksis og røynsler frå andre urfolk. Slik kan Sametinget vere i framkant og peike på kva for kompetanse og forsking samisk næringsliv vil trenge i framtida. Alt no ser vi klart at det er bruk for næringsforsking på småskala-, kombinasjons- og deltidsnæringar, seier han.

Ulike syn på forsking

Sametingsmeldinga peikar på at mange samar har eit ambivalent forhold til forsking. Årsakene kan vere fleire, mellom anna raseforsking, fornorsking og utestenging av fortida til samane i arkeologi- og historieforsking. Mange kjenner seg òg «forskingstrøytte» – dei har sett seg lei på rolla som «noko nytt og annleis» å forske på, utan at urfolket sjølve oppfattar forskinga som nyttig.

– Kanskje er det på sin plass å definere eigne forskingsetiske reglar for forsking på samane som urfolk, kommenterer Åhrén.

Sametingsmelding om høgare utdanning og forsking vart vedteken i mars, og inneheld ingen tiltak. Sametinget følgjer opp meldinga innanfor ordinære budsjett, og skal gjennomgå henne om tre til fire år.

Tekst: Hanne Løkås Veigård/Videofabrikken

Thomas Åhrén i Sametingsrådet
- Vi er ein del av det moderne kunnskapssamfunnet, men kunnskapsproduksjonen tek i for liten grad utgangspunkt i samiske samfunn, seier Thomas Åhrén i Sametingsrådet.

Norske brakker til nødhjelp

Lette og sterke element som kan flatpakkast. Hordalands-bedrifta Arnpro meiner dei har eit godt utgangspunkt når dei no vil inn på nødhjelpsmarknaden med sine mobile brakker. Innovasjon Noreg støttar utviklingsarbeidet.

Arnpro i Vaksdal er den største produsenten av mobile brakker i Noreg. Kvart år sender dei 350 nye brakker ut på marknaden, mesteparten til bygg og anlegg.

– Bransjen treng mobile pauserom med og utan toalett. Vi tilpassar og forbetrar brakkene heile tida. I dei seinare åra har brakkene vorte meir avanserte. Mellom anna lagar vi dusjvogner og større brakker med soverom, kjøkken og bad, fortel dagleg leiar i Arnpro, Roger Arnesen.

Tenker nytt i gode tider

Med distriktsretta utviklingstilskot frå Innovasjon Noreg prøver Arnpro no å få ein fot innanfor nødhjelpsmarknaden.

– Først fekk vi 100 000 kroner til kartlegging av marknaden og moglegheitene. Konklusjonen vart at dette var fornuftig å arbeide vidare med. I neste runde fekk vi 1 million kroner til produktutvikling, seier Arnesen.

I 2014 kjøpte FN varer og tenester for meir enn 140 milliardar kroner.

– Marknaden for nødhjelp er dessverre veldig stor. Arnpro vil gjerne hjelpe til med gode løysingar, samtidig som vi ser ein potensiell ny marknad for bedrifta.

– Innovasjon Noreg rosar dykk for å tenkje nytt, jamvel i gode tider?

– Ja, vi kan ikkje lene oss tilbake, sjølv om det er travelt på hovudmarknaden. Vi prøver heile tida å forbetre og utvikle nye produkt for bygg og anlegg. Samtidig har vi antennene ute etter nye marknader, seier han.

Avgjerande IN-støtte

Det var far til Roger Arnesen, Øyvind Arnesen, som etablerte bedrifta på Voss i 2001. Bedrifta veks frå to tilsette i starten til 24 i dag. Arnpro trong etter kvart meir plass, og flytta i 2005 til Vaksdal. Det var òg Arnesen senior som hadde ideen med å sjå på nødhjelpsmarknaden.

– Denne tanken har vore på skisseblokka i mange år. Det er krevjande å finne tid til nye prosjekt. Arnpro har inga utviklingsavdeling. Det er den vanlege staben som utfører utviklingsarbeidet, innimellom andre gjeremål og ved hjelp av eksterne konsulentar. Det kostar mykje. Her er støtta frå Innovasjon Noreg heilt avgjerande, seier Arnesen.

Arnpro har fått tilskot frå Innovasjon Noreg til fleire utviklingsprosjekt, ikkje berre nødhjelpsprosjektet. Roger Arnesen er svært nøgd med dialogen med verkemiddelapparatet.

– Vi kunne nok ikkje hatt råd til dette utan støtta frå IN, seier han.

Fakta om NOREPS og AidEx

NOREPS: Det norske systemet for internasjonal katastrofeberedskap (The Norwegian Emergency Preparedness System). Eit nettverk mellom Innovasjon Noreg, ei gruppe små og mellomstore bedrifter, Utanriksdepartementet, dei største norske frivillige organisasjonane, Raudekrossen i Noreg og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Fremjar norsk næringsliv overfor FN og andre internasjonale organisasjonar. 

AidEx: Eit anerkjent, internasjonalt arrangement for humanitær nødhjelp og utviklingsbistand. Omfattar konferansar, utstillingar, fagseminar og prisutdelingar.

Lettmontert byggjesett

Golv, tak og vegger i Arnpro-brakkene er av lette sandwich-element.

– Sidan elementa veg lite og held seg godt, eignar dei seg for flatpakking. Umonterte brakker kan dermed sendast kvar som helst i verda. Utviklingsprosjektet har særleg gått ut på å tilpasse profilsystem og samanføyingar, slik at det til slutt blir eit byggjesett som enkelt kan monterast på mottakarstaden, seier Arnesen.

Sjølv om nødhjelpsmarknaden er stor, er vegen dit krevjande.

– Vi er framleis i ein utviklingsfase, men rykkjer stadig framover. Vi er medlem i NOREPS, eit nettverk leidd av Innovasjon Noreg, som skal hjelpe norske bedrifter inn på nødhjelpsmarknaden. NOREPS har hjelpt oss svært mykje. Vi har òg vore på AidEx-messa i Brussel to gonger og presentert konseptet, men ikkje i fullskala. Vi får gode tilbakemeldingar, seier Arnesen.


Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken

Foto av ei av dei største bustadbrakkene som Arnpro lagar
Ei av dei største bustadbrakkene som Arnpro lagar Foto: Arnpro

Tenk kommunikasjon ved kommunesamanslåing

God kommunikasjon er viktig for vellykka kommunesamanslåing. 
– Alle lurar på noko i samband med ei så stor endring, seier rådgjevar Anne Irene Myhr ved Distriktssenteret.

- Ein god strategi for informasjon og kommunikasjon må vere på plass frå første stund. Det kan kanskje vere ei utfordring å ha ressursar nok til dette arbeidet, men det bør prioriterast. God kommunikasjon er heilt avgjerande for ein god prosess. Når prosessar strandar, kan det kome av for dårleg kommunikasjon, seier Myhr.

Det er mange måtar å kommunisere på: eigne nettsider, lokalavisa, sosiale media og folkemøte. I samarbeid med lokalavisa kan ein kanskje få til eit nettmøte, der det er låg terskel for å spørje om alt ein lurar på.

– Den nye Indre Fosen kommune er sett saman av kommunane Leksvik og Rissa. Her byggjer innbyggjarane felles kultur gjennom å dele bilete på Instagram. Då kommunane Ramnes og Våle slo seg saman til Re kommune, laga dei ei bok med historia om Re, og delte henne ut til alle husstandane. Nye Sandefjord kommune har samla all informasjon om samanslåinga på ein eigen nettstad. Det er mange måtar å gjere det på. Vi rår til å gjere prosessen mest mogleg open, seier Myhr.

Ikkje gløym dei tilsette i kommunen

Erfaringar frå Danmark viser at god informasjon til dei tilsette reduserer uro og skaper entusiasme.

– Det ligg mykje innovasjonstankegang bak ønsket om å slå seg saman med ein annan kommune. Ein ser etter om det er mogleg å løyse oppgåver på nye og betre måtar. Ein ny kommune er noko nytt og framtidsretta. Det bør ein skape litt begeistring rundt.
I Danmark vart dei tilsette inspirerte av å vere med på utviklingsarbeidet. Vi håpar det blir slik i norske kommunar òg. Det handlar òg om tillit. Medverknad og ein open prosess fremjar tillit, seier Myhr.

Hjelp å få

Det er hjelp å få for den som synest det er vanskeleg å vite kva ende ein skal starte i.

– Vi arbeider for å hjelpe kommunane. Vi er alt inne og deler røynsler i fleire samanslåingsprosessar som er i gong, og reknar med at det blir fleire førespurnader når det skal gjerast vedtak om kommunestruktur innan 1. juli, seier Myhr.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken

Anne Irene Myhr ved Distriktssenteret.
– Vi hjelper til i samanslåingsprosessar, og reknar med at det blir fleire førespurnader når det skal gjerast vedtak om kommunestruktur innan 1. juli, seier rådgjevar Anne Irene Myhr ved Distriktssenteret. Foto: Distriktssenteret

 


Lån framfor tilskot

Som følgje av den økonomiske krisa i Europa, endra medlemslanda i EU sine verkemiddel for næringsutvikling. Mellom anna gjekk EU-landa frå tilskot til lån, garantiar og eigenkapital (som aksjekapital, såkornfond og business angles). Dette for å få mest mogeleg igjen for kvar krone.

Kva kan vi i Noreg lære av desse endringane i EU? Kommunal- og moderniseringsdepartementet arrangerte 9. mai eit seminar med Fiona Wishlade frå det skotske forskingsinstituttet European Policies Research Centre (EPRC). Ho kunne fortelje at endringane i dei finansielle verkemidla er tatt godt imot i Europa. Mange prosjektsøkjarar vil ha lån framfor tilskot, fordi regelverket ofte er enklare, og dei kan få dekt ein større del av kostnadene sine.

Samstundes har landskapet med ordningar for næringsutvikling blitt meir uoversiktleg fordi type verkemiddel og talet på aktørar som finansierer dei, har auka.


Offentleg sektor inn i Horisont 2020

Forskingsrådet mobiliserer i desse dagar kommunar og fylkeskommunar til ta ein aktiv del i EU-programmet Horisont 2020.

Forskingsrådet har nasjonale kontaktpunkt med kompetanse på mange ulike tema. Dei kan svare på alt frå kva type utlysning som er mest eigna, korleis budsjettere og til å finne fram på nettsidene. - Vi fungerer som eit stort rådgivarnettverk for aktørane, seier seniorrådgjevar i Forskingsrådet Carina Hundhammer til KS.



Tilskot til forsøk på å forenkle utmarksforvaltinga

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lyst ut midlar for kommunar som ønskjer å sette i verk tiltak for å forenkle utmarkforvaltninga. Forsøksordninga er på til saman 3 millionar kroner i 2016.

Regjeringa ønskjer å redusere byråkratiet, styrke lokalt sjølvstyre og legge til rette for meir berekraftig verdiskaping i utmarka. Berre kommunar som har vedteke at dei skal søke om kommunesamanslåing kan søke om tilskot.

- Større kommunar gir betre kommunal kapasitet og kompetanse. Det vil gi ei meir heilskapleg forvaltning av store utmarksområde som kryssar kommunegrenser, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

- Eg veit at dette er et viktig felt for mange distriktskommunar, og engasjementet er stort. Det ser vi av dei mange innspela departementa har fått i dette forenklingsarbeidet. Eg vil dirfor oppmode kommunar som ønsker å vere med på forsøksordninga om å sende inn ein søknad til oss, seier Sanner.

Frist for å søke er 22. august 2016.


Noreg er med i tre nye interreg-prosjekt i nord

Styringskomiteen for Interreg Nord har godkjent fire nye prosjekt. Tre av desse har norske deltakarar.



Ny kommunal- og regionalråd i Brussel

Eivind Lorentzen er ny spesialråd for kommunale og regionale saker ved den norske EU-delegasjonen i Brussel.

Kommunal- og regionalråden skal mellom anna varsle tidleg om prosessar og nye initiativ samt rapportere om utviklinga i EU og EØS. Ansvarsområde er bustad- og bygningspolitikk, bypolitikk, planlegging og regionalpolitikk, og saker som angår kommunesektoren.

Du kan ta kontakt med Lorentzen om du til dømes sin treng informasjon, ønsker å gi informassjon om saker du er oppteken av, eller om du treng anna hjelp/medverknad frå delegasjonen i saker/prosessar innan fagområda.


Nye rapportar



Kva skjer?

1) Regional mobilisering av bedrifter til forskingsbasert innovasjon, 18. mai, Lysaker.
Forskingsrådet lanserer satsinga "Regional satsing for forskingsbasert innovasjon" og inviterer fylkeskommunar til informasjonsmøte om utlysning av midlar for å mobilisere fleire bedrifter til å bruke forsking i sitt innovasjonsarbeid.

2) Årskonferansen 2016: Framtidenes innovatørar, 20. mai, Oslo.
Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) arrangerer konferansen Framtidenes innovatørar med tema utvikle framtidas innovatørar i skulen, universiteta og i forskinga. NIFU presenterer ny forsking.

3) High North Dialogues, 24.-26. mai, Bodø.
Konferansen vil samle nordområda sine framtidige leiarar innafor næringsliv, forvaltning, politikk og akademia der dei får møte dagens toppleiarar innafor dei same sektorane. Tema for konferansen er Den blå framtida for Arktis. Nordland fylkeskommune og Nord Universitet arrangerer konferansen.

4) Innovasjonstalen 2016: Korleis får vi ny særstilling, 31. mai, Oslo.
Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Siva inviterer til Innovasjonstalen 2016. I Innovasjonstalen vil dei kome med refleksjonar til korleis de kan medverke til ny, ekspansiv, innovativ og produktiv næringsaktivitet.

5) Smarte regionar, 1.-2. juni, Brüssel.
Europakommisjonen arrangerer ein konferanse om smart spesialisering.. Konferansen tar for seg korleis prioriterte områder innan smart spesialisering kan innrettast mot viktige områder for økonomisk vekst i Europa.

6) Regionale kompetansebehov nå og i framtida: Kjelde til kunnskap, 3. juni, Oslo.
Prosjektet om framtidige kompetansebehov i regi av Kunnskapsdepartementet inviterer til seminar i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Tema for seminaret er kjelder til kunnskap for å kartlegge regionale kompetansebehov.

7) Nordsjøkonferansen, 15. - 16. juni, Billund/Danmark.
Under temaet Building blocks for the future legge Nordsjøkonferansen 2016 opp til to dagar med nettverksbygging, utfluktar, arbeidsverkstad og spennande foredrag. I tillegg vert det eit partnersøk-arrangement for prosjektutviklarare i Nordsjøregionen.

8) Vox-konferanse, 29. juni, Bergen.
VOX inviterer til innspelskonferanse, som en del av arbeidet med ein nasjonal kompetansepolitisk strategi. Konferansen tar opp spørsmål om korleis ein kan få betre balanse mellom etterspørsel og tilbod på kompetanse regionalt.

9) Konferansen regionalt utviklingsverkstad, 17.-18. oktober, Oslo.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) inviterer til regionalt utviklingsverkstad
Tema for erfaringskonferansen er fylkeskommunenes arbeid med regionale strategier for FoUoI, næringsutvikling og kompetanse. Målgruppa for verksteda er tilsette i fylkeskommunane som arbeider med kompetanseutvikling, næringsutvikling og planlegging.

  


Lenker til andre nettsider og nyheitsbrev:  


Om Regionalnytt

Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu.
Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen.
Redaksjonsmedarbeidarar: Seniorkonsulent Beate Solem. 

www.regionalnytt.no
E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

Abonner på Regionalnytt.