Historisk arkiv

Forsand - Reguleringsplan, Fossandmoen (massetak og kulturminner)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjerd i motsegnssak, 15.03.01

Forsand - Reguleringsplan for Fossandmoen massetak

Forsand kommune - Motsegn til reguleringsplan for Fossandmoen massetak. K-sak nr. 00/61

Vi viser til fylkesmannen sin ekspedisjon av 31.08.00, motteke her 01.09.00.

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2, nr. 2 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi Rogaland fylkeskommune har motsegn mot uttak av grus i område med fire gravhaugar, slik det er vedteke av kommunen 21.06.00 i reguleringsplan for Fossandmoen.

Departementet stadfestar ikkje reguleringsplan for Fossandmoen. Forslageter i strid med nasjonale interesser knytt til kulturminner. Motsegna frå Rogaland fylkeskommune er etter dette teken til følgje. Kommunen vert oppmoda om å laga ein ny reguleringsplan som kan ta omsyn til kulturminner og deira omgjevnad. Dersom kommunen etter dette ynskjer å gå vidare med å utvikle og tilretteleggje området, vil departementet be Riksantikvaren om å bidra i ei slik satsing.

Bakgrunn for saka:

Rogaland fylkeskommune har reist motsegn mot regulering av massetak på Fossandmoen. Årsaka er konflikt med nasjonale kulturminneinteresser. Gjennomføring av planen vil innebære fjerning av fire synlege gravhaugar frå ca. år 600 e. Kr. som er verna som automatisk freda kulturminne.

Kommunen grunngjev planforslaget med " at dei attverande sand-, stein- og grusressursane i er av stor samfunnsnytting betydning. Dette omfattar kvalitetskrav til råmateriale som det på Vestlandet er stor trong om, og at det i tillegg vil sikre arbeidsplassar i ei heil produksjonskjede." Kommunestyret meinar vidare "at det er i rikeleg mon teke omsyn til framtidig bevaring av fornminne i dette lokalområdet gjennom Landa-prosjektet" og "at ein ser det som nærast meiningslaust om det vert liggjande at ende fire gravhaugar i rekkje på ein smal gjenverande terrasse."

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet tilrådd at motsegna vert teken til følgje av omsyn til kulturminna. Fylkesmannen legg vekt på det kortsiktige i grusuttaket mot dei lange historiske linene på 1500 år i området.

Riksantikvaren har i sin høyringsfråsegn 04.10.00 tilrådd at motsegna bør takast til følgje. Direktoratet vurdere kulturminna på Fossandmoen som viktige i nasjonal samanheng med oppsiktsvekkjande resultat etter utgravingane. I fråsegna står det mellom anna: "Gravhaugane er i dag de mest markante og verdifulle kulturminnene i Forsand og bidrar med sin beliggenhet til å fortelle om bruken av området og det landskap som har vært i Forsand i forhistorisk tid." Riksantikvaren legg stor vekt på dette.

Nærings- og handelsdepartementet seier i sin høyringsfråsegn av 27.11.2000 seg samd i Bergvesenet si vurdering og at den vert lagd til grunn ved avgjerda. Bergvesenet skriv at ressursen sin verde i ein attsett terrasse under gravhaugane vil vere av lokal eller regional art. Det er ressursar att i området som kan erstatte dei som vert bandlagde av omsyn til gravhaugane.

Synfaring vart halden den 16.10.00 med deltakarar frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Grus- og Pukkleverandørenes landsforbund, tiltakseigaren og Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet har desse merknadene:

Konflikten gjeld uttak av sand eller vern av fire gravhaugar. Området som konflikten gjeld er i bruk til jordbruk, og sjølv om det kan takast ut om lag 900 000 m 3 >, er det ein liten del av ein stor brerandavsetjing (Fossandmoen) med sand av høg kvalitet. Området var foreslått til massetak i kommuneplanen for 1996 – 2008. Men etter varsel om motsegn frå fylkeskommunen vart området teke ut av kommuneplanen ved vedtaket den 29.05.97. Området er såleis ikkje avsett til massetak i kommuneplanen.

Både uttak- og forretningsverksemda med sand og grus er ein stor næring i kommunen. Det er sagt at sandkvaliteten gir særskilde bruksområde og at Fossandmoen i dag dekker ca 25 % av det nasjonale forbruk av tilslaget i tørrmørtel. Under synfaringa framheva Pukk- og grusleverandørenes landsforening at næringa i framtida vil nytta slike førekomstar betre og ikkje driva med store volumuttak til "mindreverdige" føremon. Bergvesenet viser i si fråsegn til Nærings- og handelsdepartementet til ei utgreiing frå Norske Geologiske Undersøkelser om at førekomstane av sand- og grus er svært store på Fossandmoen og i kommunen. Miljøverndepartementet merka seg under synfaringa at uttaket i reguleringsområdet er kome svært langt og at det er eit uttak nær ved i den same førekomsten. Departementet er difor samd med Nærings- og handelsdepartementet og Bergvesenet og kan ikkje sjå at ei avgrensing av uttaket av omsyn til vern av de fire gravhaugane, i særleg grad minskar det mogelege nasjonale eller regionale behov for sand- og grus. Departementet legg vekt på Bergvesenet si fråsegn om det uheldige i at ein ikkje har ein samla plan for uttak av ressursane i kommunen.

I samband med dei meklingar og drøftingar som er haldne, utarbeidde fylkesmannen eit forslag til avgrensing, utan at dette førte til noko semje. Departementet finn likevel fylkesmannen sin skisse som eit godt grunnlag for ei planlegging som må sjå heile området syd for fylkesvegen under eitt. Etter departementets syn må planlegginga omfatte ei god vurdering av kultur- og landskapsbilete, samanhengen med areala på austsida og ei god avslutning mot det regulerte massetaket i aust. Slik sett er departementet samd med kommunen i at det er nærast meiningslaust om rekkja med gravhaugar vert liggjande att på ein smal terrasse. Ein kan her vise til kulturminnelova § 19 som gir heimel til å frede eit område rundt eit freda kulturminne "...så langt det er nødvendig for å bevare virkningen av kulturminnet i miljøet eller for å beskytte vitenskapelige interesser som knytter seg til det".

Under synfaringa fikk departementet innsyn i det særmerkte området Landa ca. 250 m frå planområdet. Her har Arkeologisk museum i Stavanger frå 1980 grava ut og forska i eit større fortidsområde frå bronse- og jarnalder, i tillegg til deira undersøkingar på heile Fossandmoen. På 1990-talet har kommunen saman med museet regulert og bygd fleire rekonstruerte hus i fortidsbyen Landa. Mellom fortidslandsbyen på Landa og reguleringsområdet ligg kommunen si barne- og ungdomsskule, kulturhus og idrettshall som eit større samanhengande kompleks og saman er området ein vesentleg kulturell møtestad i kommunen og i regionen. Det er att fleire gravhaugar i det sentrale Landa-området, medan fleire kulturminner utover Fossandmoen er frigjeve.

Departementet har merkt seg som særs positivt at kommunen har ytt mykje til fortidsbyen saman med det som er ytt over nasjonale budsjett og/eller av regionale instansar. Samarbeidet mellom museet og kommunen om å utvikle Landa-området vidare er meint å halde fram. Departementet legg difor vekt på at avgjerda i denne saka skal gje grunnlag for å oppretthalde arbeidet til kommunen og kulturminnevernet.

Kommunen har framheva at dei med grunnlag i samarbeidet med museet, har avtale om at gravhaugane på Fossandmoen skal kunne frigjevast som ein del av områda på sørsida av fylkesvegen. Det er ikkje lagt fram nokon slik avtale. Departementet legg vekt på at fylkeskommunen tok atterhald om at kulturminna ikkje er frigjevne i handsaminga av kommuneplanforslaga både i 1991 og 1997 og rådde til at dei vert innarbeidd som spesialområde, utan at dette altså skjedde. Riksantikvaren viser til St.prp. nr. 1 (2000-2001) som viser at det no er eit større nasjonalt mål å vera meir varsam og sikra at så få som mogeleg av kulturminna vert øydelagde eller fjerna. I samband med saka er det streka under at alle dei 4 haugane har stort verde. Departementet viser og til fylkesmannen som peikar på motsetnaden mellom dei lange historiske linene som ikkje kan erstattast og grusuttaket som berre har ei kort levetid.

Departementet er samd i Riksantikvaren sine vurderingar om samanhengen mellom de fire gravhaugane i reguleringsområdet, gravhaugane og fortidsbygnadene på Landa og det landskapsrommet dei tilhøyrer. Sjølv om skole- og kulturhuskomplekset ligg i mellom, vil det vere av vesentleg verde å kunne forstå historia gjennom å "lese" den fysiske samanhengen slik den framstår i naturen. Departementet legg vekt på at ein i det omstridte området kan betre den historiske forståinga og sjå kulturhistorie, landskap og friluftsliv saman. Departementet vil derfor oppmoda kommunen om å arbeide vidare med utvikling og tilrettelegging av området og dersom kommunen ynskjer det, vil departementet be Riksantikvaren om å bidra i ei slik satsing.

Departementet merka seg og under synfaringa at uttaket i reguleringsområdet er kome svært langt og at endringane i landskapet skjer fort så lenge uttaket vert drive. At korkje uttaket eller avslutninga er fastsett i reguleringsplan, er vidare i strid med kommuneplanen sine føresegner om plankrav i massetaksområda og plan og bygningslova sine §§ 23 og 84. Departementet legg difor vekt på at den endelege avgrensinga vert fastsett snarast råd under omsyn til kulturminna, landskapsbiletet og ein korrekt planlegging. Departementet vil difor oppmoda kommunen, om naudsynt, å nytta førebels byggje- og deleforbod etter plan- og bygningslova si § 33 for å handsame dette. Departementet vil og peike på at kulturminnestyresmaktene etter kulturminnelova har eit sjølvstendig ansvar i å sjå til at kulturminna og ein tilstrekkeleg omgjevnad vert sikra.

Konklusjon

Landa-området med sine gjenverande omgjevnad i reguleringsområdet er av stor nasjonalt kulturelt verde. Fylkesmannen si skisse av 17.01.00 tek vare på gravhaugane og byggjer på naudsynte kulturelle- og einskilde landskapsomsyn. Skissa er eit godt grunnlag for vidare planlegging kor ein og må sjå på avslutninga mot aust. Departementet kan ikkje sjå at vern av gravhaugane med eit naturleg utsnitt av landskapet dei har kome til i, er i strid med ein langsiktig utnytting av grus- og sandressursane. Departementet meiner at området kan utviklast til ein ressurs for reiseliv og friluftsliv og med eit høgre formidlingsverde av kulturutviklinga i området enn det fortidslandsbyen Landa vil gjere åleine.

Miljøverndepartementet har i samsvar med dette gjort følgjande

vedtak:

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn ikkje departementet å kunne stadfeste Forsand kommunestyre sitt vedtak i møte den 21.06.00 om reguleringsplan for Fossandmoen massetak.

Det vidare arbeide må syta til at det noverande uttaket vert tilpassa ein godkjent plan snarast råd og departementet oppmodar difor kommunen og kulturminnestyresmaktene til å samarbeide med dei verkemiddel ein har. Dersom kommunen ynskjer å gå vidare med utvikling og tilrettelegging av området, vil departementet be Riksantikvaren om å bidra i ei slik satsing.

Departementet finn etter det opplyste at reguleringsplanen er handsama i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga av saka ikkje gir grunn for merknader.