Godkjenning av fylkesdelplan for kystsona i Hordaland 2001-2004

Godkjenning av fylkesdelplan for kystsona i Hordaland 2001-2004

Miljøverndepartementet har motteke fylkesdelplan for kystsona i Hordaland for sentral godkjenning. Miljøverndepartementet har handsama planen i samråd med Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet.

Vedtak:

Med dei merknadene som er nemnde nedanfor, godkjenner Miljøverndepartementet i medhald av § 19-4 i plan- og bygningslova og kongeleg resolusjon av 16. mars 1990, fylkesdelplan for kystsona i Hordaland, vedteken i fylkestinget 13. mars 2001.

Merknader frå departementa

Departementa ser positivt på at fylkeskommunen har utarbeida ein fylkesdelplan for kystsona i nært samarbeid med kommunane og dei regionale statsetatane. Utfordringane i kystsona er av ein slik karakter at det er behov for å sjå arealforvaltinga i samanheng, i eit langsiktig perspektiv, på tvers av sektorinteresser, og ut over grensene til den einskilde kommunen.

Utarbeiding av fylkesdelplanen er eit viktig verkemiddel for å auke kompetansen om kystsoneplanlegging i kommunane, sektorane og fylkeskommunen. Planarbeidet har vore knytt til eit nasjonalt forsøksprosjekt om kystsoneplanlegging innafor ramma av fylkesplanlegginga i regi av Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Fiskeridepartementet og Miljøverndepartementet. Fylkeskommunen har og vore aktiv i Interregprosjekt knytt til kystsona og GIS, og har gjennom dette arbeidet fått omfattande fagleg kompetanse til utarbeiding av sin eigen plan.

Det overordna målet i planen er at kystsona i Hordaland skal nyttast i balanse mellom bruk og vern av areal- og naturressursar og medverke til ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling. Utviklinga skal skje ved langsiktig planlegging, basert på kunnskap og samarbeid. Retningslinene seier mellom anna at areal- og ressursforvaltinga skal vere differensiert og ta omsyn til at situasjonen er ulik for område med arealpress og område med store areal og lite press.

Departementa er i hovudsak særs positive til val av mål, retningsliner og tiltak i planen. Planen gjev god oversikt over status og utfordringar for ulike aktivitetar i kystsona, og viser på eit godt vis korleis kommunane og ulike sektorstyresmakter i Hordaland kan medverke i kystsoneplanlegginga.

Det er utarbeidd eit eige kapittel for strandsoneforvaltinga, som oppfølging av Miljøverndepartementet sitt brev frå 11. november 1999 om å skjerpe plan- og dispensasjonspraksisen i strandsona. Planlegging og dispensasjonspraksis for fritids- og bustadbygging må sjåast ut frå dei lokale forholda for friluftsliv, naturverdiar, landskap og kulturmiljø i den einskilde regionen. Departementa stør fylket sin oppfølging, og er positive til at allment friluftsliv skal prioriterast føre utvikling av private fritidseigedommar i 100-metersbeltet.

Det kommunale sjølvstyre er eit viktig prinsipp og skal leggjast stor vekt på. Departementa vil likevel understreka at dersom viktige nasjonale mål og regionale interesser ikkje blir teken vare på i kommunal planlegging, kan sektorstyresmaktene fremme motsegn, sjølv om kommunane har godt grunngjevne forslag. Det er difor viktig at alle relevante overordna sektorstyresmakter medverker i den kommunale planlegginga, slik at potensielle konfliktar kan løysast og motsegn ikkje blir aktuelt.

I fylkestinget sitt vedtak av fylkesplanen er det lagt til eit punkt om at den mellombels sikringssona i Hardangerfjorden vert oppheva. I samband med at regjeringa presenterer eit framlegg til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar for Stortinget i vårsesjonen 2002, vil ein og ta stilling til ordninga med mellombels sikringssonar.

Avslutning

Miljøverndepartementet vil streke under § 19-6 i plan- og bygningslova, der det står at fylkesplanen, her og fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova føreset at statlege organ som vil endre føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta dette opp med fylkeskommunale planstyresmakter. Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal saka takast opp med dei sentrale planstyresmaktene.

Med helsing
Børge Brende

Kopi:
Kommunane i Hordaland
Fylkesmannen i Hordaland
Fiskeridirektoratet, region Hordaland
Direktoratet for naturforvaltning
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Fiskeridepartementet
Forsvarsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet