Historisk arkiv

Bremanger kommune - kommuneplanens arealdel ( flytende hytter - strandsone)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 8. september 2005

Pressemelding 09.09.05

Bremanger kommune – motsegn mot arealdelen til kommuneplanen for flytande hytter

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 22. september 2004, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd.

Miljøverndepartementet godkjenner eit av tre byggjeområde i sjø for flytande hytter i arealdelen til kommuneplanen for Bremanger. Departementet meiner at kommunen i tillegg kan vedta eit nytt område nær land, der det no ligg ei flytande hytte. Departementet meiner flytehyttene inntil land i dette området ikkje vil vere til skade for naturvern- og friluftsinteresser. Dei to områda ved holmane vert ikkje godkjende fordi plasseringa vil vere uheldig for landskapet og kan hindre fri ferdsel. Motsegna frå fylkesmannen vert dermed teke delvis til følgje.

Bakgrunnen for saka

Arealdelen til kommuneplanen for Bremanger kommune vart vedteken av kommunestyret 27. april 2004. Planen vart eigengodkjend av kommunen, med unntak av byggjeområda i sjø for flytande hytter, som fylkesmannen ved miljøvernavdelinga har motsegn mot. Områda er markerte med tre sirklar, og det skal plasserast ei flytande hytte på kvart område.

I første utkast til arealdelen til kommuneplanen hadde kommunen vist eit byggjeområde i sjø for flytande hytter ved Trongesundet. Etter motsegn frå fylkesmannen, vart dette området teke ut. Seinare vart det teke inn areal til dette føremålet i Bugta.

Kjerpeseth felleseige ved Magne Kjerpeseth protesterte i brev 14. mars 2004 mot område for flytande hytter.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga fremma 5. april 2004 motsegn mot dei tre byggjeområda for flytande hytter. Grunngjevinga er dels inngrepet og konfliktane ei slik etablering inneber i eit attraktivt strand- og sjøområde, dels dei prinsipielle sidene ved å leggje aktivt til rette for utvikling av ein slik omstridd og konfliktfylt ny arealbruk.

Fylkesmannen peiker på at sjølv om flytande hytter blir oppankra i botnen, og dermed ikkje blir fanga opp av byggjeforbodet i 100-metersbeltet, vil problemstillingane og interessekonfliktane langt på veg vere dei same. Ei flytande hytte nær land vil etter fylkesmannen sitt skjøn vere privatiserande og avvisande i høve til allmenn ferdsel langs stranda med båt og til fots, og for fritidsfiske. I høve til landskapsomsyn og estetikk vil flytande hytter etter fylkesmannen si oppfatning framstå som eit framandelement. Dessutan frykter fylkesmannen at ei flytande hytte vil bli flytta rundt i skjergarden i sommarhalvåret, med dei konfliktar det inneber.

Fylkesmannen viser til at området har fleire attraktive øyar og holmar som er ein god del brukte i samband med båtferdsel og friluftsliv. I kommunedelplanen for sjøområda er både Vågane og Oldersundet lagt ut som naturområde i sjø (NA). Fylkesmannen peiker elles på at flytande hytter er noko relativt nytt, og problemstillingane i høve til allmenne interesser er lite avklarte.

Kommunestyret vedtok 27. april 2004 samrøystes kommuneplanen sin arealdel med nokre endringar, men opprettheldt områda til flytande hytter. Desse områda vart unnateke eigengodkjenning og oversend Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev av 29. juni 2004. Spørsmålet om mekling har vore drøfta med fylkesmannen utan at ein har funne det turvande. Kommunen har ikkje funne andre eigna stader. Temaet har vore inngåande drøfta på bygdemøte i Bremanger og tre møter med fylkesmannen og fylkeskommunen gjennom planforum, og ved synfaring.

Kommunen opplyser at dei har interesse i å få prøvd ut produktet "flytande hytter". Med lokal tiltakshavar, støtta økonomisk av kommunen og SND, er det svært viktig å få lagt ut eit område i kommunen. Bremanger er omstillingskommune etter nedgang i folketalet, og har som målsetting å halde innbyggjartalet på over 4.000. Kommunen meiner det er nødvendig å gjere grep for nye tiltak. Kommunen er merksam på konfliktane ei slik etablering kan innebere og dei prinsipielle sidene ved å leggje til rette for det. Kommunen har likevel lagt større vekt på fordelane desse hyttene gir i forhold til tradisjonelle hytter på land, mellom anna ingen inngrep i naturen og ingen kloakkutslepp, og moglegheita dette gir for nye arbeidsplassar. Målet er å etablere eit lønsamt selskap med minst 5 tilsette, som skal produsere og selje flytande hytter til utlandet. Berre godt innelukka sjøområde som her er eigna til denne bruken.

Tiltakshavaren Ole Stenbakk har gitt nærare opplysningar i fleire brev, seinast 8. september 2004. Han ønskjer å skape arbeidsplassar i distrikta, og har gitt nærare opplysningar om konseptet "Sjøstjernen." Han opplyser mellom anna at hyttene skal nyttast som fast tilhaldsstad oppankra i sjøbotn. Dei kan slepast og løftast, men er ikkje sjølvgåande. Han meiner området ikkje vert nytta av fritidsbåtar av di det er grunt og med undervannsskjer.

Fylkesmannen opplyser i brev av 10. mai 2004 at innspelet er basert på register over friluftsområde (FRIA), der Oldersundet og Vågane er registrert som et regionalt viktig båtutfartsområde. I teksten er heile Vågane omtalt, men skraveringa på kartet omfattar ikkje nordre del av Vågane, der dei aktuelle holmane ligger.

Fylkesmannen tilrådde i oversendingsbrevet til departementet 22. september 2004 etter ei samla vurdering at framlegget til arealdelen for flytande hytter vert godkjent. Fylkesmannen meiner at saka er av ein så ny og prinsipiell karakter med moglege konsekvensar for planleggingspraksis ut over eige fylke, at det er rett å bringe saka til avgjerd i departementet. Dersom departementet kjem til at planen kan godtakast med omsyn til dei prinsipielle spørsmåla, har fylkesmannen ingen innvendingar til sjølve plasseringa av hytteområda.

Fylkesmannen meiner det på bakgrunn av nasjonale føringar er vektige argument for ikkje å tillate flytande hytter. Særleg viktig er det å ta utgangspunkt i dei sterke nasjonale føringane som er lagt med omsyn til ei restriktiv haldning til utnytting av arealet i strandsona, og konfliktane tiltaket vil innebere for berørte grunneigarar. På den andre sida er det ein vilje frå kommunen til å satse slik som andre offentlege organ som har gitt økonomisk stønad. Kommunane i distriktet har låg sysselsetting, og Bremanger har vore ein av Kommunal- og regionaldepartementet sine omstillingskommunar frå 1997-2003. Fylkesmannen opplyser at Ole Stenbakk driv Bygghjelp Sunnfjord AS, som har motteke finansiell og kompetansebasert stønad frå Innovasjon Norge (SND), med kr. 100.000 i 2003 for utvikling av prototyp flytande hytte, og kr. 136.000 i 2004 til produktutvikling og marknadsstrategi for flytande hytte. Ole Stenbakk har i tillegg delteke på Innovasjon Norge sitt entreprenørskapsprosjekt Fjord Innovasjon. Han mottok i tillegg i 2002
kr. 82.000 frå det kommunale næringsfondet.

Fylkesmannen viser til at hyttene har så tung forankring at ein må ha kranbåt for å kunne flytte på betonglodda. Fylkesmannen ser det derfor slik at tiltaket vil vere av relativt varig karakter og søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 93. For store delar av sjøområda i kommunen er det forbode med oppankring av denne typen konstruksjon. Det er derfor mindre truleg at ein her vil få store problem med at hyttene flyttar rundt i skjergarden.

Fylkesmannen meiner det kan vere eit privatrettsleg konfliktpotensiale ved at grunneigarar meiner dei flytande hyttene blir plassert i strid med eventuelle strandrettar. Tiltaket vil og kunne framstå som et uvanlig element i landskapsbiletet og vil kunne ha stor privatiserande effekt. Sjølv om plan- og bygningslova § 17-2 om strandvern ikkje gjeld direkte, meiner fylkesmannen det må vere relevant å ta til dels vesentlig omsyn til bakgrunnen for denne regelen og den restriktive dispensasjons- og planpraksis styresmaktene legg opp til.

Fylkesmannen meiner elles det er relevant å leggje vekt på at arealet i hovudsak er tenkt brukt som "utstillingslokale" for ein framtidig lokal produksjon av hyttene. Det offentlege har gitt stønad til å få produktet utvikla og kommunen har tatt utgangspunkt i at det vil vere realistisk å regne med opp til 5 arbeidsplassar ved produksjon av slike hytter i Kalvåg.

Kjerpeseth felleseige ved Magne Kjerpeseth har uttala seg i brev til Miljøverndepartementet. Grunneigarane er sterkt ueinig i bruken av det aktuelle området til flytande hytter, og meiner det vil ha stor verknad for grunneigarane si utnytting av området og moglegheita for fri ferdsel i eit attraktivt strand- og sjøområde.

Synfaring og møte om saka vart halde 12. april 2005, med representantar for kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet. Ole Stenbakk og Magne Kjerpeseth var og til stades.

Direktoratet for naturforvaltning uttala seg i brev av 27. april 2005. Direktoratet stør motsegna frå fylkesmannen og tilrår at dei tre byggjeområda for flytande hytter ikkje vert godkjende. Særleg dei to nordlegaste områda ved dei små øyane meiner direktoratet vil verke privatiserande på strandareal. Direktoratet meiner lokaliseringa også vil ha negative verknader i høve til landskaps­estetiske omsyn og i høve til fugleinteressene. Når det gjeld byggjeområdet nærast Bugta, er direktoratet i tvil om konfliktgraden er så stor at det vil vere rett å setje kommunestyrevedtaket til side. Byggjeområdet ligg nær ei strandsone som alt er noko privatisert, og området har mindre negativ verknad estetisk sett ved at det ligg nærare eksisterande bygningar, og i større grad underordnar seg landskapet. Ei meir akseptabel lokalisering er etter direktoratet si vurdering det området der demonstasjonshytta låg ved synfaringa, og direktoratet har ikkje vesentlege miljøfaglege innvendingar til at kommuneplanen legg ut eit avgrensa byggjeområde her.

Direktoratet meiner saka reiser spørsmål og utfordringar som går ut over denne eine saka. Direktoratet peiker på at kommunane har eit stort ansvar for å forvalte strandsona, og tilrår at kommunane legg til grunn føre-var-prinsippet og ei restriktiv haldning i høve til flytande hytter.

Miljøverndepartementet si vurdering

I denne saka er det motsegn til plassering av flytande hytter. Kommunen har peika ut tre mindre byggjeområde i sjø for flytande hytter i kommuneplanen sin arealdel, med ei hytte på kvart område. Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning meiner plasseringa kjem i strid med nasjonale føringar for strandsona.

Det er eit viktig nasjonalt mål å hindre bygging og privatisering i 100-metersbeltet langs sjøen, mellom anna for å sikre allmenn ferdsel og friluftsliv og omsynet til landskap og natur. Det er nødvendig med ein offensiv og framtidsretta forvaltning av strandsona.

Det generelle forbodet mot bygging i 100-metersbeltet langs sjøen følgjer av plan- og bygningslova § 17-2. Forbodet gjeld berre på land og for bygningar og konstruksjonar som er fast forankra i land, og gjeld ikkje direkte for bygningar og konstruksjonar som er forankra i sjøbotnen.

Spørsmål om husbåtar og flytande hytter har blitt reist dei siste åra. Miljøverndeparte­mentet har tidlegare peika på moglegheitene til å styre utviklinga av flytande hytter gjennom planlegginga etter plan- og bygningslova. Gjennom arealdelen til kommuneplanen og reguleringsplan kan kommunane hindre flytande hytter som undergraver det generelle byggjeforbodet i strandsona. Plassering som stengjer allmenn ferdsel og som fører til privatisering og skjemmar landskapet, kan kommunane sikre seg mot gjennom planlegginga. Vidare kan kommunane peike ut område for slik bruk i arealdelen til kommuneplanen eller reguleringsplan.

Miljøverndepartementet ser det som positivt at Bremanger kommune i arealdelen til kommuneplanen har vurdert bruken av sjøareala, jfr. at tidlegare kommunedelplan for sjøareala no vert innarbeid i ein samla kommuneplan. Det er og positivt at kommunen har teke særskilt opp spørsmålet om plasseringa av flytande hytter i arbeidet med kommuneplanen.

I denne saka er det vist til dei overordna føringane for strandsona. Det er ikkje uttrykt like klåre føringar for bruken av sjøareala som for bygging i strandsona på land. I rikspoliske retningsliner for Oslofjordområdet er det gitt føringar også for planlegging av sjøområda. Retningslinene gjeld ikkje for Sogn og Fjordane, men er likevel av interesse også andre stader når det gjeld kva for vurderingar som er relevante ved tiltak på sjøen. I retningslinene pkt. 4.5 står det: "Det bør vises stor forsiktighet med å åpne for tiltak i sjø som medfører betydelige anlegg og/eller varige inngrep som kan være til ulempe for de hensyn som ligger bak retningslinjene."

Miljøverndepartementet meiner det er viktig å sjå land og sjø i samanheng, fordi arealbruken på sjøen har verknad for arealbruken på land. Bruken av sjøareala må vurderast grundig i høve til andre interesser, og dei generelle føringane for strandsonepolitikken vil også kome inn i vurderinga. Departementet meiner at kommunane må vere varsame med å tillate tiltak i sjø som fører til store anlegg eller varige inngrep som er i strid med målet om ei mest mogleg urørt og tilgjengeleg strandsone. Tiltaket det gjeld og interessene knytt til området vil derfor vere viktige for vurderinga.

Miljøverndepartementet legg til grunn at dei aktuelle hyttene skal liggje fast på staden, men likevel kan flyttast ved å kutte ankerkjettingane. Plassering av eit fåtal flytande hytter kan såleis ikkje seiast å gje store eller varige inngrep i naturen. Det er ikkje eigedomsrett til sjøareal utanfor marbakken eller 2 meters djup, slik at hytteigaren ikkje vil få varig rett til å ha hyttene på sjøarealet utanfor marbakken.

Miljøverndepartementet ser at flytande hytter kan virke som eit framandelement i landskapet. Dei kan og stengje for ferdsel på sjøen og tilkomsten til land, sjølv om dei ikkje vil hindre ferdsel på land. Verknaden vil vere avhengig av plasseringa og må vurderast konkret.

Det aktuelle området er i motsegna frå fylkesmannen opplyst å vere eit attraktivt område for båtferdsel, og er registrert i register over friluftsområde (FRIA). Fylkesmannen har i seinare brev opplyst at skraveringa i FRIA ikkje omfattar det området dei flytande hyttene skal plasserast. Ole Stenbakk meiner området ikkje vert nytta av fritidsbåtar av di det er grunt og med undervannsskjer.

Fylkesmannen har i motsegna også opplyst at området i kommunedelplanen for kystsonen er lagt ut som naturområde på grunn av fugleinteresser, og Direktoratet for naturforvaltning har opplyst at fugleinteressene særleg gjeld plasseringa ved holmane.

Miljøverndepartementet meiner det er grunnlag for å vurdere plasseringa inntil land og plasseringa inntil holmane på ulik måte. Holmane er frå før ikkje bygd på, og bygging på holmane vil ikkje vere i samsvar med nasjonal strandsonepolitikk. Plassering av flytande hytter nær holmane vil vere uheldig for landskapet og vil dessutan kunne vere til hinder for fri ferdsel og til skade for fuglelivet. Departementet meiner difor at dei to områda for flytande hytter utanfor holmane ikkje kan godkjennast.

Dei landfaste områda er bygd på og utnytta allereie. Å plassere flytande hytter på sjøen her vil verke annleis enn plasseringa ved holmane, både i høve til ferdsel og landskap. Miljøverndepartementet meiner såleis at området for flytande hytter inntil land kan godkjennast.

I dag er det plassert ei flytande hytte ved land utanfor det området som er vedteke i kommuneplanen. Departementet meiner at kommunen kan vedta eit nytt byggjeområde for ei flytande hytte her i tillegg til det området departementet godkjenner. Det må i så fall gjerast gjennom endringar i planen.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd finn Miljøvern­departementet å ville godkjenne Bremanger kommunestyre sitt vedtak 27. april 2004 om arealdelen til kommuneplanen for eit av tre byggjeområde for flytande hytter. Departementet godkjenner området ved land, men godkjenner ikkje dei to områda ved holmane.

Arealdelen til kommuneplanen for Bremanger er eigengodkjend av kommunen, med unntak av byggjeområda for flytande hytter. Departementet sitt vedtak gjeld såleis berre i høve til byggjeområda for flytande hytter. Departementet føreset at kommunen sjølv endrar plankartet i samsvar med departementet sitt vedtak. For kunngjering av den endelege arealdelen til kommuneplanen gjeld plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.

Med helsing
Øyvind Håbrekke

Kopi:
Bremanger kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning
Ole Stenbakk, Bygghjelp Sunnfjord AS, Bugta, 6729 Kalvåg
Kjerpeseth felleseige v/Magne Kjerpeseth, Novelandet 1, 6729 Kalvåg

Vedlegg:
Saksdokumenta i retur