Spørsmål om differensiering av arbeidsgjevaravgifta innafor den einskilde kommune frå og med neste revisjon av verkeområdet for differensiert arbeidsgjevaravgift

Eg viser til brev av 8. februar 2016 frå Nordhordland regionråd. Nordhordland regionråd spør om det kan vere fleire arbeidsgjevaravgiftssoner innafor ei einskild kommune frå og med neste revisjon av verkeområdet for ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift (DA-ordninga).

Eg viser også til dialog med Nome kommune, og spørsmål om eventuelle kompensasjons­ordningar etter 2020, når kommunar med ulike arbeidsgjevaravgiftssoner er slått saman. 

Eit av måla med kommunereforma er større og meir robuste kommunar som kan drive ein meir heilskapleg samfunnsutvikling, og dermed leggje tilhøva betre til rette for næringslivet.  Næringslivet sin hovudorganisasjon, NHO, har peika på at det er naudsynt å gjennomføre ein kommuneform for å leggje til rette for vekst og verdiskaping. Kommunereforma vil kunne medverke til at behovet for særskilte støtteordningar blir mindre. 

Alle kommunar som slår seg saman før 2021 vil få ført vidare sine ulike satsar for arbeidsgivaravgift slik dei vart fastsett frå og med 1. juli 2014, og til ordninga vert revidert med verknad frå og med 1. januar 2021. Det er usikkert korleis den økonomiske situasjonen er i 2021. Det er også usikkert korleis regelverket vil sjå ut. Dersom enkelte kommunar får høgare arbeidsgivaravgift etter 2020, vil regjeringa vurdere kompensasjon i form av ei tidsavgrensa overgangsordning for området som blir omfatta. Regjeringa kan ikkje binde opp framtidige regjeringar og storting. Eg vil likevel peike på at skiftande regjeringar ved tidlegare høve har gått inn for å kompensere for brå endringar i denne type rammevilkår.

Spørsmålet om ei kommune, etter revisjon av reglane for regional statsstøtte i 2021, kan ha fleire arbeidsgivaravgiftssoner på linje med overgangsordninga for samanslåtte kommunar fram til 2021, vil først kunne bli avklart hausten 2020, når det nye regelverket ligg føre.

 

Med helsing  

Jan Tore Sanner 
Kommunal- og moderniseringsminister