Bilateralt konsultasjonsmøte mellom KS og Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bilateralt konsultasjonsmøte mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS fann stad 11. november 2015. Partane drøfta mellom anna arbeidet med nytt inntektssystem for kommunane, jakta på tidstjuvar, nasjonal pådrivar for innovasjon og klarspråk i kommunane.

Konsultasjonsmøta gir departementet høve til å konsultere og informere KS om aktuelle saker. KS har høve til å komme med synspunkt, merknader eller innspel til enkeltsakene og til arbeidet med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren kommande budsjettår.

Statsråd Jan Tore Sanner og satssekretærane Kristin Holm Jensen og Grete Ellingsen møtte KS ved leiar Gunn Marit Helgesen, nestleiar Bjørn Arild Gram, Tor Arne Gangsø, Arild Eielsen og Evy-Anni Evensen.

Det har i haust òg blitt halde bilaterale konsultasjonsmøter mellom KS og Arbeids- og sosialdepartementet, Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet, Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet.

Til toppen