Månadens eksempel: Stavanger kommune med på innovasjonsprosjekt i Horisont 2020-programmet

Stavanger kommune er med på Horisont 2020-prosjektet Triangulum. Triangulum er eit innovasjons- og demonstrasjonsprosjekt, og søkjer å integrere energi, mobilitet og IKT i nye løysingar. Gjennom desse løysingane skal ein takle viktige samfunnsutfordringar og gjere byane meir bærekraftige.

Stavanger-partnerskapen sine oppgåver: 

  • Smarte heimar og offentlege bygg – heimeautomasjon og energistyring, videoløsyingar, innovasjon for betre tenester i heim, skule og institusjonar (mål: energiforbruk ned, brukerbevisstheit opp)
  • Energisentral i felles sentralstyrt anlegg for varme og kjøling for 9 kontor- og næringsbygg i sentrum (3 bygg i Triangulum), basert på 75% fornybar energi  (reduksjon av CO2)
  • Batteridrevne bussar (reduksjon CO2), lading av elektriske kjøretøy (infrastruktur, nettkapasitet og sikkerheit)
  • Store datamengder i nettskyløysing, handtere data frå heile prosjektet (personvern, indikatorar, impact)
  • Kompetansedeling 

Triangulum

Deltaking i programmet føreset eit slagkraftig samarbeid mellom offentlig sektor, næringslivet og akademia. Stavanger kommune koordinerer den lokale partnerskapen: Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune, Lyse Energi, Universitetet i Stavanger og Greater Stavanger. Totalt er det 22 partnarar med i prosjektet. 

Meir om prosjektet

Lokal koordinator for Stavanger konsortium:

Gerd Seehuus
Tlf: 902 27 181

Til toppen